Store, vaklande kjempe

Sogn og Fjordane Senterparti er i ferd med å drible seg sjølv vekk frå makta.

Jens Kihl
Kommentator

SOGNADRONNING: Liv Signe Navarsete har i snart tre tiår vore ei sentral kraft i Sogn og Fjordane Senterparti. No er hennar maktbase Sogn i hard strid med resten av fylkeslaget. Her er ho på Sp-landsmøtet i 2017. SCANPIX (arkiv)

Det er nesten ikkje til å tru: I Hordaland Senterparti var det brei semje om at fyrsteplassen på fylkestingslista til nye Vestland skulle gå til Sogn og Fjordane.

Men Sp-striden i fjordfylket er no så hard at dei ulike fløyane heller ville at plassen skulle gå til Hordaland enn til feil side i Sogn og Fjordane. Det kan gje store konsekvensar – både for Senterpartiet og for Sogn og Fjordane.

Sogn ville ha Aleksander Øren Heen frå Årdal. Han låg i utgangspunktet godt an til å få fyrsteplassen, men då lærdalsordførar Jan Geir Solheim gjekk knallhardt ut mot sitjande fylkesordførar, Jenny Følling, blei det bråk.

Dermed er Heen no skubba ned på andreplass på lista, og har fått ein farleg motkandidat: Mindretalet i nominasjonsnemnda innstiller på Sigurd Erlend Reksnes frå Eid i Nordfjord. Mange meiner det no er eit hardt skilje mellom Sogn på den eine sida og Sunnfjord og Nordfjord på den andre. Andre peikar på at det fyrst og fremst er fylkesordførar Jenny Føllings arbeid med fylkessamanslåinga som er grunnen til striden.

Og ut av den støvskya som striden i Sogn og Fjordane Sp har kvervla opp, stig Jon Askeland frå Radøy fram. Dermed har Hordaland Sp fått den gjeve fyrsteplassen rett i fanget.

Sp ville stilt sterkt i sitt kjerneområde som det einaste store partiet med ein fyrstekandidat frå Sogn og Fjordane. No kan i staden Venstre og Gunhild Berge Stang frå Fjaler plukke trivselsfylkepoeng i valkampen. Sp dribla seg sjølve. Det luktar ikkje akkurat superlag frå Sogndal av slikt spel.

Les også

Nye Vestland: Navarsete frykter å bli overkjørt av Hordaland

Der Hordaland Sp er eitt av mange parti, er Sogn og Fjordane Sp på mange måtar Partiet i fylket – og det i eit fylke der fylkespolitikken faktisk er viktig. Fleire kjelder peikar på at fylkeslaget er ein brei allianse av lysegrøne næringslivsvener, småbrukarar, idealistiske akademikarar og det meste anna.

Frå sør til nord går skilja mellom dei tre tidlegare fogderia, eller futedøma: Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Frå vest til aust går skiljet mellom privat næringsliv ved kysten til fleire offentlege arbeidsplassar innover i fjordane. Der Hordaland Sp stort sett må vinne slaga i møte med mange andre parti, står gjerne slaga i Sogn og Fjordane midt inne i Senterpartiet.

Etter at annleisfylket fekk sin fyrste fylkesordførar i 1963, har Sp aksla vervet i 34 av dei 55 åra som har gått. Men diskusjonane om fylkessamanslåinga, med Jenny Følling og Liv Signe Navarsete på kvar si side, har splitta fylkeslaget så grundig at dei no ikkje er ein operativ allianse for makt.

SIGER: I 2015 vann Jenny Følling (til høgre) attende fylkesordførarvervet i Sogn og Fjordane. Til venstre: stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete. Oddleiv Apneseth (arkiv)

I stortingsvalet 2017 fekk Sp 6979 røyster i Sogn, 5687 røyster i Sunnfjord og 5780 røyster i Nordfjord. Men sjølv om Sogn og Fjordane er sjølve Sp-fylket, er det likevel verdt å minne om at dette til saman var færre enn dei 22.594 røystene partiet fekk i Hordaland i same val.

Det er førebels ikkje mange meiningsmålingar for det nye Vestland fylke, men Høgre gjennomførte ei i august. Den peikar i retning av at det blir jamt mellom blokkene, og at det sannsynlege utfallet er at Senterpartiet får oppgåva med å velje om Høgre eller Ap skal få makt etter valet. Det gjev dei ein veldig god posisjon for å krevje fylkesordførarvervet.

Det vervet takkar Sogn og Fjordane Sp nei til når dei neste fredag gjev fyrsteplassen på fylkestingslista til Jon Askeland og Hordaland Sp. Kolossen i trivselsfylket er for tida ei stor, vaklande kjempe.