Rulett Britannia

Britane klarer ikkje å bli einige. No er brexit er i ferd med å bli til «bremain».

SATSA ALT: Britiske politikarar har vore uvitande og uvørdne, dårleg førebudd og berre satsa alt – bokstavleg talt – på at det berre kjem til å ordne seg, skriv Morten Myksvoll. ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

Marvin Halleraker.

Det britiske parlamentet gjennomførte tre viktige brexit-avstemmingar denne veka. Klokka går, men er dei lenger unna ei avklaring på kaoset enn i førre veke?

Tysdag sa politikarane nei til å gå ut av EU med avtalen som ligg på bordet. Nederlaget var venta, sidan parlamentet sa akkurat det same i januar. I båe tilfelle skjedde det med overveldande margin.

Onsdag sa parlamentet nei til å gå ut av EU utan ein avtale. Det vil vere ein ustyrleg prosess, der ein over natta forlèt EU. Utan ein overgangsperiode ut 2020. Ingen veit korleis det blir, men brotet med EU vil gjere stor skade på britisk økonomi.

Parlamentet speler rulett med Storbritannias framtid.

Torsdag sa politikarane ja til å utsetje brexit i tre månader. Ingen kan svare skikkeleg på kva som skal endre seg no. Det kjem ikkje til å dukke opp ei ny og perfekt løysing, og dess lenger britane får halde på, dess meir vil det forstyrre valet til EU-parlamentet i mai.

Difor er det langt frå sikkert at EU-landa vil godkjenne utsetjinga.

Les også

Morten Myksvoll: Dei uavhengige

Statsminister Theresa May held fast på den same bodskapen som har ført ho gjennom to av historias største nederlag i Underhuset. Ho seier at parlamentet har som oppgåve å levere brexit.

Det har ho for så vidt rett i, men det hjelper ikkje så lenge politikarane ikkje klarer å bli einige om kva brexit dei vil levere.

May får det til å høyre ut som om konflikten no står mellom Storbritannia og EU. I realiteten står den mellom det britiske parlamentet og hennar eiga regjering.

Det er nemleg hennar framlegg til løysing for Nord-Irland som skaper problem: tryggingsmekanismen som vert omtala som ein «backstop».

TAPTE: – Statsminister Theresa May held fast på den same bodskapen som har ført ho gjennom to av historias største nederlag i Underhuset, skriv Morten Myksvoll.

Mark Duffy, TT NYHETSBYRÅN

Denne mekanismen skal sikre at grensa mellom Irland og Nord-Irland held seg open, trass i at Nord-Irland forlèt EU.

Klausulen er svært viktig, sidan ei lukka grense kan setje heile fredsavtalen i Nord-Irland på spel. Dei fremste kritikarane av avtalen fryktar derimot at ventilen vil føre til at Storbritannia ikkje får forlate EUs tollunion.

Dei har òg forkasta tanken om at berre Nord-Irland skal vere dekka av denne mekanismen. Ei grense mellom England og Nord-Irland vil nemleg vere ei gåvepakke til nord-irske separatistar.

Det er 995 dagar sidan folkeavstemminga om brexit. På 995 dagar har det framleis ikkje gått opp for britane at dei ikkje kan få grensekontroll mot EU, opne grenser mot EU-landet Irland og opne grenser mellom Nord-Irland og resten av Storbritannia.

Det er ein umogeleg kombinasjon.

Les også

Tusk vil kjempe for lang utsettelse av brexit

Avstemminga om avtalen med EU vert stadig omtala som «ei meiningsfull votering» – ei frase som av ein eller anna grunn har brent seg fast i talepunkta til både regjeringa og opposisjonen.

Den einaste logiske forklaringa på namnet, er motstykket: dei meiningslause voteringane.

Onsdagens avstemming, der eit fleirtal sa nei til å gå ut av EU utan ein avtale er ein siger for meiningsløysa. Fleirtalet i Underhuset vil altså ikkje ha avtalen til May, men dei vil heller ikkje ha ingen avtale.

Igjen ønskjer britiske politikarar seg ein umogeleg kombinasjon.

Realitetane er enkle: Dersom britane ikkje vedtek ein avtale innan 29. mars, går dei ut utan ein avtale.

Alternativet er å avlyse eller utsetje brexit – dersom dei får lov av EU.

Då May skulle orientere parlamentet om avtalen før voteringa tysdag, sa ho at folk «ser opp til Storbritannia som eit fyrtårn for pragmatisme».

Det står altså ikkje så godt til med sjølvinnsikta.

Det skulle jo vere så enkelt. Storbritannia skulle ta tilbake kontrollen, men det klarer dei ikkje.

Les også

Britisk rasismeforsker: – Brexit er en fryktelig katastrofe

Som EU-medlem, er Storbritannia ein del av 40 handelsavtalar. For å minimere overgangen, har regjeringa lova å inngå separate avtalar med desse landa før brexit skjer. Så langt det er mogeleg, skulle dei bli slik avtalane er med EU i dag.

Ingen forandringar, altså.

Resultatet? Britane har klart å inngå seks – ikkje 40 – handelsavtalar: med det sør- og austlege Afrika, Chile, Sveits, Israel, det palestinske området og Færøyane – ikkje akkurat Storbritannias største handelspartnarar.

Ingen veit korleis brexit endar, eller om det blir noko av utmeldinga i det heile. Britiske politikarar har vore uvitande og uvørdne, dårleg førebudde og berre satsa alt – bokstavleg talt – på at det berre kjem til å ordne seg.

Det einaste ein kan vere sikker på, er at britane kjem til å lage mest mogeleg styr ved kvar einaste anledning. Britane har gått seg vill. Det har vore for stor skam å snu.