Valtap for demokratiet

Trump gjekk på ein liten smell i tysdagens kongressval, men verst gjekk det utover det amerikanske demokratiet.

KONGRESSEN: Mellomvalet handlar om Kongressen, og demokratane vann tilbake representantanes hus. Men resultatet bør kome i skuggen av den dårlege gjennomføringa av valet, meiner Morten Myksvoll.

J. Scott Applewhite, TT NYHETSBYRÅN

Det amerikanske mellomvalet kan setje bremsene på for Trumps politikk. Demokratane vann nemleg eit knapt fleirtal i Representantanes Hus. Republikanarane på si side styrkja seg i Senatet.

Resultatet vart stort sett som venta.

I skuggen av alle valresultata, handlar dette valet om så mykje meir. I 1965 marsjerte Martin Luther King jr. og andre afroamerikanske borgarrettsaktivistar frå Selma til Montgomery i Alabama. Dei protesterte mot systematisk rasisme, og mot at svarte amerikanarar vart hindra i å stemme.

Resultatet vart «Voting rights act», som vart vedtatt i Kongressen same år. Føderalstaten skulle frå då av godkjenne delstatanes vallover, for å hindre at diskriminering og rasisme påverka valresultatet.

Den delen av lova vart kjent ugyldig av Høgsterett i 2013, og sidan den gong har utviklinga gått feil veg.

Les også

Demokratene vinner flertall i Representantenes hus

Amerikanske val handlar meir om å få opp valdeltakinga blant eigne veljarar, enn å overtyde nye veljarar. Men utviklinga i vallovene har gjort det lettare å vinne val ved å hindre dei som stemmer på det andre partiet å stemme.

Krav til identifikasjon varierer frå stat til stat, men det har komne mange nye krav dei siste åra som gjer det vanskelegare å stemme.

Det er republikanarane som kjempar for slike innstrammingar. Grunngjevinga deira er at ID-krava skal gjere det lettare å avsløre valfusk og falske stemmer. Donald Trump har i fleire år gjentatt løgna om at det i 2016 var talt minst tre millionar falske stemmer.

Løgna vert gjenteken for å vinne val. Det ser ein tydeleg når innskrenkingane er målretta mot minoritetane. Og dei stemmer mest på demokratane.

MARSJEN: I marsjen mot Montgomery, Alabama i 1965, gjekk Martin Luther King jr. og andre borgarrettsaktivistar i protest mot rasistiske vallover.

TT NYHETSBYRÅN

Eitt av dei grovaste døma kjem frå North Carolina, der staten ville forby ein type ID som var mest brukt av afroamerikanarar. Lova vart fjerna av Høgsterett, men mange andre innskrenkingar består.

Hovudproblemet er at USA ikkje har eit folkeregister. Svært mange har ikkje pass, og førarkort er heller ikkje nok. Så når republikanarane slår ned på bruken av alternative identifikasjon gitt til mottakarar av sosialstønad, studentar eller andre, får det utslag på resultatet.

Les også

Mer mangfoldig kongress etter valget

I tysdagens kongressval vart det vald 435 medlemmer i Representantanes Hus og 35 medlemmer i Senatet. I kvart einaste val er det nok med éi stemmes overvekt. Partiet som kjem på andreplass får ingenting.

Difor har både republikanarar og demokratar arbeidd for å teikne valdistrikta slik at deira parti kjem best ut. For tida er republikanarane verst. Ved å teikne om eit distrikt, kan ein fordele desse stemmene utover andre område og kanskje vinne fleire seter.

VALTRIKSING: North Carolinas valdistrikt vart teikna om for å styrkje republikanarane. Eitt resultat er det 13. distriktet, som ser ut som ein hund.

Census.gov (Illustrasjon)

Igjen skal me til North Carolina. Staten er verst i klassen når det gjeld å endre på valdistrikt for å favorisere republikanske kandidatar. I august slo ein føderal domstol fast at delstatens valdistrikt er ulovlege, men retten lét vere å endre grensene før tysdagens val.

Triksinga med valdistrikt gjer at dei lokale republikanarane kan vere isolert frå veljartrendar, som òg i North Carolina gjekk kraftig i demokratanes favør.

Staten er sett på som ein solid republikansk stat, men det er på grunn av måten distrikta er teikna på. I tysdagens mellomval fekk dei to partia ca. 50 prosent av stemmene kvar. Men republikanarane ser ut til å få ti mandat, mot demokratanes tre.

Demokratane fekk dårleg utteljing fordi dei vann sine distrikt med stor margin. Republikanarane vann sine med liten margin. Det er ikkje flaks, men eit resultat av manipulasjon.

Les også

Han er en av verdens rikeste menn, og har gitt vekk 32 milliarder. Nå beskyldes George Soros for å stå bak en flyktningstrøm mot USA.

Éi veke før mellomvalet kom Organisasjonen for Tryggleik og Samarbeid i Europa (OSSE) ut med ein foreløpig rapport om valtilstanden i USA.

Dersom ein stryk alle tilvisingar til USA i rapporten, skulle ein tru den handla om eit land der demokratiet var heilt nytt. Eit godt demokratisk val skal vere fritt og rettferdig, men nattas mellomval er prega av manipulasjon.

Få av problema som OSSE peikar på er nye, men tilstanden blir berre verre frå gong til gong. Ingen av OSSEs anbefalingar frå 2016-valet er blitt følgde opp.

Nær fem millionar amerikanske statsborgarar er nekta representasjon i Kongressen, fordi dei anten bur i hovudstaden Washington, D.C., eller fordi dei bur i amerikanske territorium, som Puerto Rico. Meir enn seks millionar menneske får ikkje stemme fordi dei er straffedømde, trass i at over halvparten av desse har sona straffa si ferdig.

OSSE slår fast at minoritetar er overrepresentert blant dei som er fråtekne stemmeretten.

Les også

Ted Cruz gjenvalgt i jevnt senatsoppgjør

OSSE påpeiker òg svakheiter ved sjølve oppteljinga. 15 statar bruker maskinoppteljing som ikkje gir kvitteringar, så det er umogeleg å finne ut om oppteljinga er rett. Feil ved desse maskinene har allereie vist seg å gagne republikanarane i Texas og Georgia. Ifølgje Dan Wallach ved Rice University, har alvorlege problem med maskinene vore kjent i eit tiår.

Maskinene endrar stemmer eller sletter dei. Vel ein å stemme på demokratane gjennom den 16 sider (!) lange stemmesetelen i Houston, har mange kvitteringar vist at ein stemte på republikanaren Ted Cruz i senatsvalet.

I Georgia gjekk mange valmaskiner på batteri, som gjekk tom for straum i løpet av valdagen. Republikanaranes Brian Kemp opplevde sjølv problem då han skulle stemme. Han er guvernørkandidat og delstatens øvste ansvarlege for valgjennomføringa. Det er mildt sagt uvanleg.

Det er vanskeleg å vite kor mykje dei ulike formene for manipulasjon har påverka valet. Men i North Carolina ville ei anna inndeling gitt eit anna resultat. Demokratane der har grunn til å føle seg urettferdig behandla.

Det største lyspunktet i løpet av dette mellomvalet, er at det kan ha vore botnpunktet. I Florida fekk eit forslag om å gi tilbake stemmeretten til mange straffedømde fleirtal.

Det er eit halmstrå, men det er då noko.