Bergen går tøffare tider i møte

Bergensarane har ikkje for vane å skifte ut byråd som har orden på økonomien. Det lovar godt for Ap. Men fortsetjinga blir ikkje enkel.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

MANGE MUNNAR: Ap, KrF og Venstre har hatt god kontroll på økonomien i Bergen, men det er teikn til at disiplinen no er svekt. Verre kan det bli etter valet, mellom anna fordi båe sider blir avhengig av svært mange parti for å styre, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. FOTOMONTASJE: Bjørn Erik Larsen

It’s the economy, stupid!

Bill Clinton under den amerikanske presidentvalkampen i 1992

Politikarar som ikkje held orden på økonomien blir fort straffa. Berre spør Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap), som vart feia ut av Bergen rådhus hausten 2003. Eller Martin Smith-Sivertsen (H), som gjekk same vegen i 2015. Økonomi var sterkt medverkande til begge desse to siste regimeskifta i vestlandshovudstaden.

Slik blir det ikkje i år. Viss makta ryk for Ap, vil det skuldast andre ting, ikkje minst vanstyret i partiet sentralt.

Denne veka tek bystyrets ulike komitear for seg ei perspektivmelding for det komande tiåret. Forfattar er byrådet. Meldinga er interessant lesing av to grunnar:

For det første fordi byrådet bruker stor plass til å skryte av seg sjølv og kva dei har fått til dei siste fire åra. For det andre fordi meldinga viser at det vil bli tøffare å styre Bergen i åra framover.

Sjølvskryten først: Byrådet veit sjølvsagt at god styring er det beste argumentet for å bli attvald. Det fleste indikatorane viser at det har gått rett veg økonomisk dei siste fire åra. I meldinga blir dette illustrert med fargerike tabellar, der det går frå raudt til grønt etter trafikklys-prinsippet.

Samstundes har innbyggarane fått kjensla av at ting blir gjort. Skular og sjukeheimar er blitt bygde og pussa opp i stor stil. Dei fleste har gløymd at mykje av dette er prosjekt som vart starta opp av det førre byrådet.

Ein kan likevel ikkje ta frå dette byrådet at dei har styrt Bergen til store overskot, og at desse pengane er blitt brukt til å dekke pensjonsgjelda og til å redusere låneopptaket. Trass i store overskot har byrådsavdelingane stort sett halde budsjetta sine, noko som eigentleg er ganske imponerande.

Sidan 2015 har Bergen gått frå 348.-plass til 79.-plass blant norske kommunar, om du ser heile økonomien under eitt, ifølgje Statistisk sentralbyrås Kostra-database. Av dei norske storbyane er det berre Stavanger som har ei betre plassering.

Så litt malurt: Det er ikkje alle parameter som har gått i rett retning. Kostnadsnivået har til dømes auka meir enn i andre kommunar. Dessutan: Ein viktig grunn til at økonomien er blitt betre, er innføringa av eigedomsskatt på bustader frå 2015. Den vart innført av det Høgre-dominerte byrådet i 2014, noko som var medverkande til at veljarane straffa både dei og Frp i valet hausten etter.

I 2018 tok Bergen inn nær 600 millionar i eigedomsskatt på bustader og fritidseigedom. Utan eigedomsskatten ville overskotet (netto driftsresultat) ramla frå 964 til 366 millionar kroner.

I tillegg blir kommunebudsjettet pumpa opp av at det, litt enkelt sagt, har gått betre i resten av landet enn i Bergen. Skatteinngangen har auka mindre enn i landet under eitt. Difor blir Bergen trekt mindre i overføringar til andre kommunar enn budsjettert. I 2018 bidrog det med nær 150 millionar kroner.

Dette kan ein ikkje rekne med skjer kvart år, sjølv om både Bergen og resten av landet ifølgje finansminister Siv Jensen (Frp) vil få høgare skatteinntekter enn budsjettert i 2019.

Ein annan viktig årsak til overskota er at fleire investeringsprosjekt er blitt utsette. Resultatet er at investeringane og gjelda etter planen vil auke kraftig dei komande fire åra (meir om det nedanfor).

Høgre i Bergen kritiserer byrådet for at dei her skyv problema framfor seg, sjølv om dei sjølve ikkje var framande for slik skuving då dei styrte byen. Høgre er òg flinke til å påpeike at Bergen har hatt glede av den generelle auken i statlege overføringar til kommunane under den borgarlege regjeringa. Men til forsvar for byrådet: det forklarar ikkje klatringa på Kostra-rangeringane.

Høgre må gjerne krangle om fortida, men det er det ingen som bryr seg noko særleg om. Så lenge økonomien er god og folk føler dei får noko att for pengane, får eit byråd godhug frå borgarane. Uansett kven som eigentleg har æra. At folk kan vere sure av andre grunnar, som bompengar og Bybanen over Bryggen, er ei heilt anna sak.

Les også

Morten Myksvoll: Til kamp mot overskotet

Framtida, derimot, er meir relevant i eit valår. Perspektivmeldinga teiknar her opp ei kjent utvikling, der det blir stadig fleire eldre, i Bergen som andre stader i landet. Utgiftene til helse og omsorg vil difor venteleg auka kraftig det neste tiåret.

Det meste av dette vil venteleg staten betale, men neppe alt. Fallande oljeinntekter og statlege forventningar om effektivisering vil presse kommunane meir det neste tiåret.

Byrådet har lagt inn ei kraftig effektivisering av drifta, utan at det er heilt klart korleis denne skal skje. Fram til 2022 skal byrådet spare 309 millionar kroner gjennom slike effektiviseringar. Over halvparten skal kome i sentraladministrasjonen og «sentrale budsjettposter». Det høyrest luftig ut, og blir interessant å følgje med på.

Byrådet planlegg òg store investeringar som gjer at gjelda vil auke frå drygt 11 til 16 milliardar kroner. Her er det berre å håpe at rentene held seg låge. Heldigvis for byrådet ser problema i verdsøkonomien ut til å sikre det for fleire år framover.

Men svak verdsøkonomi er på den andre sida ikkje særleg gunstig for ein så eksportorientert økonomi som vi har her på Vestlandet. Skatt på inntekt og formue er den viktigaste finansieringskjelda for Bergen kommune. Ni av 16 milliardar i 2019, ifølgje budsjettet. Dårlegare tider vil difor påverke Bergen kommune negativt, i alle høve viss det ikkje blir motverka av betre tider elles i landet.

Difor er det all grunn til å halde att på pengebruken, noko som er vanskeleg over tid med store overskot. I juni viste byrådets tertialrapport for første gong at byrådsavdelingane i år ligg an til å bruke meir pengar enn dei har budsjettert – heile 150 millionar kroner. Det er eit dårleg teikn.

Meiningsmålingane tyder på at styringa av byen blir meir krevjande etter valet. Uansett kven som kjem til makta, blir dei avhengige av ei brei vifte av parti. Når mange munnar skal mettast, blir det gjerne dyrt. Berre spør Erna Solberg.