Førre krig

Dei siste månadene har me litt for sakte, men stadig meir sikkert, innsett at me har vore førebudd på ein annan epidemi enn den som kom.

Publisert Publisert

Sjølv om bod nummer éin i beredskapsarbeid er å forventa det uventa, så er det få av oss menneske som har nok fantasi til å vera paranoide nok, skriv artikkelforfattaren. Biletet er frå det nyoppsette testsenteret for korona utanfor Bergen legevakten. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Ingebjørn Bleidvin
    Gjestekommentator i BT
  1. Leserne mener

Torsdag for to veker sidan: Eit møterom i Forskningsparken i Tromsø.
Me sat ein gjeng samfunnsmedisinarar i eit møterom med god utsikt over hamna. Ein svær cruisebåt seig sakte inn mot kaien, men endra plutseleg kurs, snudde, og for av garde med dampande skorstein.

Ingebjørn Bleidvin er fastlege og kommuneoverlege. Foto: Atle Nielsen

Nokre minutt seinare las me på NRK: «Cruisebåt flyktar frå Tromsø grunna koronafrykt».

Eg sat ved sida av kommuneoverlegen i Tromsø, som dagen før hadde fått Norges fyrste bekrefta koronapasient i fanget. Telefonen gløda, og ho måtte gå inn og ut av seminaret vårt heile dagen.

Sjølv hadde eg, like før flyet mitt letta same morgon, fått melding om mistenkt smitte i min eigen kommune. Det blei mykje inn og ut av døra for min del, òg.
Dette følast allereie lenge sidan.

Les også

Hans Mjelva: Det er no vi viser kva vi er laga av

Det er ikkje slik at me ikkje var førebudde.

Allereie ein månad før den fyrste smittemistenkte dukka opp i kommunen min, hadde me hatt møter i helsesektoren; sett over planverket, sendt ut formanande beskjedar om smittevern, telt over kor mykje me hadde av handsprit, smittevernfrakkar, hanskar i størrelse small, medium, large, og vernebriller, og så vidare.

Men når den no lenge annonserte gjesten omsider banka på døra, visste eg med meg sjølv at det ville bli rikeleg av det som på godt norsk heiter «mykje armar og bein».

Les også

Ny podkast: Hva gjør koronaviruset så spesielt?

Det kanskje største problemet er at det ikkje er denne epidemien mange av oss er førebudde på. Det er den førre.

Forsvaret førebur seg alltid til førre krig, er eit munnhell i militære kretsar.

Det var difor Hitler kunne køyra tanksen sin rundt Maginot-linja i Frankrike, det var difor jungelgeriljaene i Vietnam slo den amerikanske hæren.

Sjølv om bod nummer éin i beredskapsarbeid er å forventa det uventa, så er det få av oss menneske som har nok fantasi til å vera paranoide nok.

Me planlegg bevisst eller ubevisst for ting som har skjedd før, og bommar gong på gong.

Mange norske pandemi- og smittevernplanar er truleg fulle av gode intensjonar og lure løysingar som ville ha fungert utmerka under svineinfluensaen.

Det er for eksempel tenkt mykje på korleis ein skal få fordelt og sett vaksinar.

Dette er viktig og vanskeleg, fordi ein må finna ut kven som skal få, finna ein måte å vaksinera på som ikkje samlar alle svake, utsette pasientar på éin stad, og så vidare. Men no er det heilt uvesentleg.

Det finst inga vaksine, og kjem truleg ikkje til å finnast på månader eller år.

Så kva er det heilt konkret me ikkje har klart å fantasera fram til i katastrofescenarioa våre når me har sete rundt møteborda og skrive planar?

Noko har med det konkrete viruset å gjera.

Den lange tida frå du er smitta til du får symptom er eit kjempeproblem. Du kan i teorien smitte halve nabolaget utan å ha hosta ein einaste gong.

Dette aukar arbeidet med smittesporing betrakteleg, og skaper store samfunnsproblem fordi så mange må i karantene.

Viruset rammar òg eldre endå sterkare enn tidlegare virus. Det gjer at talet på talet på smitta ikkje nødvendigvis seier like mykje som me trur om arbeidsbyrda til helsevesenet.

Viss berre fem av pasientane på sjukeheimen blir intensivpasientar, har me ei lokal krise på gang.

Andre ting har ikkje med helsevesenet eller viruset å gjera i det heile.

Dei siste ti åra har forsyningslinjene til produksjonen av alt mogeleg, inkludert medisinar, blitt enormt kompliserte. Forsyninga av alt frå ansiktsmasker til sprit til medisinar har blitt mykje meir sårbar.

Og så har me sjølvsagt nettet og sosiale medium. Særleg sistnemnde har vore nesten fråverande i offentleg krisehandtering inntil ganske nyleg, men blir no heldigvis meir og meir sentralt.

Les også

Jens Kihl: Korleis redde Noreg frå koronakrise? Fly meir!

Nitti prosent av arbeidet mitt med epidemien fram til denne torsdagen i Tromsø, har handla om informasjon, informasjon, informasjon.

Innetter til helsetenesta, utetter til media, oppover til kommuneleiinga, nedover til fastlegane. Alle må få svar, og helst bør dei få svar før dei spør.

Viss eg ligg i forkant med pressemeldingar til avisene og kommunen si Facebookside, kan eg spara legekontora for eit ras av telefonar og timebestillingar kvar gong noko skjer. Om eg er treg, svarar ugjennomtenkt eller tvitydig, utløyser det plutseleg masse redsle og vidare spørsmål.

Fredagen er eg heime att etter ein lang torsdag med mykje multitasking. Etter ein del neglebiting får me heldigvis prøvesvaret frå legen på mikrobiologisk avdeling ved sjukehuset i Tromsø: «Foreløpig negativ».

Prøvane for koronavirus er så nye at Folkehelseinstituttet må dobbelsjekka dette med sine metodar, men i praksis er det sjeldan det foreløpige svaret er feil.

Vår pasient er ikkje smitta. Me får eit pusterom, ein pause før stormen. Det skal ikkje vara lenge.

Publisert