To spor til Åsane

Byrådet må planlegge ein bybanetunnel i sentrum. Men det kan likevel ende med at Bybanen går over Bryggen.

Publisert Publisert

Byutviklingsbyråd (f.v.) Thor Haakon Bakke (MDG) og byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) annonserte torsdag at byrådet startar planlegging av bybanetunnel i sentrum. Foto: Tor Høvik

  1. Leserne mener

Torsdag starta eit nytt kapittel i sagaen om kvar Bybanen skal gå mellom Byparken og Sandviken. Bystyret vedtok i førre periode å legge bana langs Bryggen, og planlegginga av den traseen er godt i gang.

Men etter valet endra fleirtalet seg. Sjølv med støtte frå SV, har ikkje byrådet lenger fleirtal for sitt føretrekte alternativ.

I haust fremja Høgre, Raudt og Senterpartiet eit krav om å planlegge tunnelalternativet på lik linje med Bryggen-traseen.

Saka er ikkje endeleg vedteken, men det vil den bli.

Dei planane som byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) kunne presentere torsdag, er eit forsøk på å kome bystyrefleirtalet i møte.

No skal byrådet planlegge eit tunnelalternativ. Men i staden for å gjere planen ferdig før bystyret skal behandle den, skal dei folkevalde ta stilling til dei to alternativa når første etappe er gjennomført.

I løpet av neste år skal dette «skissestadiet» vere ferdig.

Om bystyret vel å halde på Bryggen-alternativet, vil planlegginga av tunnel stoppe opp. Om tunnelen vinn fram, stoppar planlegginga av Bryggen-bana. Så held planlegginga fram med det alternativet som vinn.

Det høyrest jo enkelt ut.

Problemet er at byrådet treng støtte frå to forskjellige sider.

Les også

Slik vil byrådet planlegge bybane i tunnel uten å forsinke byggestarten

På den eine sida har byrådet SV, som ikkje vil ha bana i tunnel. Ifølgje gruppeleiar Mikkel Grüner, set byrådet no Bybanen i fare ved å kome bystyrefleirtalet i møte på tunnel.

Men tunnelforkjemparane i Raudt og Sp får ikkje akkurat det dei peika på heller. Eit av dei to partia må støtte byrådet om dei skal få fleirtal.

Raudt og Sp ville ha ein fullstendig reguleringsplan, ikkje ei skisse. Løysinga til byrådet gjer at Bryggen-alternativet truleg blir det einaste som sikrar kontinuerleg utbygging.

Det alternativet har nemleg eit forsprang i planlegginga, sidan traséen vart vedteken i 2016.

Bybanetunnelen til Fyllingsdalen er under bygging. Foto: Silje Katrine Robinson (Arkiv)

Om ein ventar til reguleringsplanen for båe alternativa er ferdige før vedtaket vert fatta, blir byggestart truleg utsett uansett traséval.

I valkampen skreiv Raudts Sofie Marhaug eit lesarinnlegg i BT saman med Bakke: «MDG og Rødt vil aldri føre en politikk som hindrer kontinuerlig utbygging av bybanen nordover!»

Om Raudt står ved lovnaden om kontinuerlig utbygging, blir det truleg bybane langs Bryggen.

Men SV har grunn til å vere uroa, sidan det finst eit fleirtal for tunnel i bystyret. I tillegg er det ingen fordel for Bryggen-traseen at den vil ha komen lenger i planlegginga enn tunnel, når bystyret skal vedta traseen endå ein gong.

Samferdsleprosjekt vert ofte dyrare når ein får fleire detaljar på plass.

SV må likevel forstå at byrådet ikkje hadde eit val.

Bergen kan ikkje ha eit byråd som trassar fleirtalet i bystyret. Og SV kan ikkje gi byrådet Bryggen-fleirtal åleine. Dei må ha med Raudt eller Sp òg.

Les også

Slik bygger de Bybanen til Fyllingsdalen

Det finst ein tredje konstellasjon i bystyret som kompliserer biletet. Partia som kjempar for tunnel er nemleg delt i to leirar: Høgre, Senterpartiet og Raudt vil ha Bybanen til Åsane, medan Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB), Framstegspartiet og Pensjonistpartiet vil droppe bana.

Får tunnelalternativet fleirtal, vil fleire av partia som sikra den traséen hoppe av.

Difor må byrådet truleg sikre fleirtal for å bygge bana, dersom dei taper trasévalet. Ellers blir det ingenting av Bybanen til Åsane. Det ansvaret slepp SV å ta.

SV kan då stå att som det einaste partiet som stemmer for Bryggen-alternativet.

Det vil vere vanskeleg å akseptere for Venstre. Sjølv om byrådet står fram som eit samla lag no, er det ulike syn på Bybanen i dei fire partia.

Etter valet i 2015 snudde Arbeidarpartiet, då Venstre og KrF stilte harde krav om Bybanen langs Bryggen. MDG er òg opphavleg for tunnelalternativet, men har vore langt mindre oppteken av traséval enn dei andre partia.

KrF brukte valkampen på å mjuke opp standpunktet sitt. Venstre har derimot hatt som si absolutt viktigaste sak å bygge Bybanen til Åsane, og at den skal gå langs Bryggen.

Venstre er så sikre på at Bybanen vert dyrare i tunnel enn på bakkeplan, og fjorårets bomopprør viser at bompengane ikkje akkurat har noko å gå på.

Framlegget til byrådet gjer at Bystyret får vedta trasé på nytt i 2021, og ikkje to-tre år etter dersom tunnelalternativet skulle regulerast ferdig først.

Ei tidlegare avgjersle er bra for byen, for på eitt eller anna tidspunkt må Bergen klare å kome seg vidare.

Men denne saka kjem til å leve heilt til spaden har kome i jorda – eller på Bryggen.

Retting: I ein tidlegare versjon, stod det at eit bilete var frå bybanetunnelen til Åsane. Det korrekte er tunnelen til Fyllingsdalen.

Publisert