No blir framtidsfylket fortid

Kvifor gjer ikkje Sogn og Fjordane opprør?

Jens Kihl
Kommentator

Helge Sunde (arkiv)

Eigentleg er det heilt ulogisk: Korleis i alle dagar kan det bu folk her? På dei same breiddegradane i resten av verda er det heilt aude.

Sørspissen av Grønland? Knapt folk. Hudson-bukta i Canada? God plass. Den russiske stillehavskysten? Aude, aude.

Men i Sogn og Fjordane står det til liv. Nei, folketalet aukar ikkje. Og ja, det kunne gått betre mange plassar. Men sett utanfrå er det mest interessante kor bra det faktisk går i fjordfylket.

Så kva skjer når fylket forsvinn frå nyttår?

No er det valkamp i eit fylke som får namnet «Vestland». Det er ikkje berre ordet det er vanskeleg å forsone seg med.

Likevel er det ikkje opprør mot nyfylket, slik vi til dømes ser i Finnmark. Knapt nokon mobiliserer mot den sentraliseringa som vil skje når Vestland frå 1. januar skal bli styrt frå Bergen.

Les også

Jens Kihl: Flora + Vågsøy = raka fant

Joda, folk i fylket skal røyste Senterpartiet. Men kontrasten til folkeopprøret i nord er rett og slett påfallande. Har sogningane og fjordingane rett og slett resignert?

17 prosent av innbyggarane i nyfylket bur i dagens Sogn og Fjordane. I 2040 er det berre 15 prosent, om vi skal tru SSB. Gravitasjonskrafta kjem til å føre makt, folk og arbeidsplassar i retning av fylkeshovudstaden.

For å ta eit døme: Kjem kulturlivet i Bergen til å finne seg i å bli styrt av eit kulturkontor i Førde?

Sjølv om intensjonane er dei beste, mistenkjer eg at strukturen i fylkeskommunen kjem til å endre seg ganske raskt. Og det blir ikkje Bergen som står att som taparen.

Vi veit ikkje kven som vinn fylkestingsvalet, men vi veit at den fyrste fylkesordføraren i Vestland ikkje bur i Sogn og Fjordane.

Anne Gine Hestetun frå Ap er rett nok oppvaksen i Årdal, men både ho, Høgres Silja Ekeland Bjørkly og Sp-kandidaten Jon Askeland bur i bergensområdet.

«Fylkeskommunen er forvaltingsnivået som leitar etter meininga med livet», sa ein politikar til meg. Hen la til eit lite sukk.

Dette er nok rett mange plassar i landet. Men i Sogn og Fjordane er det direkte feil. Med mange små (og ingen eigentleg store) kommunar, har fylkespolitikken vore svært viktig.

Les også

Jens Kihl: In the Frp-ghetto

Fylkesmannen har vore ein viktig samfunnsutviklar. Fylkespolitikarane har vore talerøyr for innbyggarane ut mot verda. Stortingsbenken har ofte greidd å stå samla til beste for fylket.

Sogn og Fjordane veit at dei er få, men strategane i fylket har danna kraftfulle alliansar og halde fast ved kampsakene over tid.

Slik har dei greidd å bruke fylket til å mobilisere for samferdsle, utdanningsinstitusjonar, statlege arbeidsplassar og gode ordningar. Andre kunne ha lært mykje av den politiske metoden til fjordfolket.

Fylkesreforma deler ut nokre kjøtbein i form av nye oppgåver til fylka. Det er vel og bra, men det er ingenting som tilseier at Sogn og Fjordane ville vore for smått til å ta seg av dei.

Sogn og Fjordane har dei siste åra vore på pallen i å få elevane i vidaregåande til å fullføre opplæringa på normert tid. Rett bak Oslo og Akershus ligg altså annleisfylket.

Ein ny, stor vidaregåande i Førde er på veg. Han kjem til å bli svært kostnadskrevjande for eit fylke som startar med stram økonomi.

Nyskulen vil gjere det vanskelegare å forsvare småskulane i distrikta når skulebruksplanane i Vestland blir vedtekne i framtida. Og: det vil ikkje lenger vere mogeleg å sprøyte kraftpengane frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) inn i skulesektoren.

Les også

Anne Rokkan: Vossaharmoni

Det er ikkje berre fylkeskommunane som slår seg saman. Sist veke melde NRK at dei skal sjå på lokalkontorstrukturen. «Når antall fylker reduseres, er det naturlig for NRK å tilpasse seg det», sa distriktsdirektør Marius Lillelien til sin eigen kanal.

I dag er NRK Sogn og Fjordane heilt avgjerande for å fortelje resten av landet om det som skjer i fylket. Om det ikkje lenger finst ein eigen redaktør i Førde som kjempar for å få plass hos NRK, vil fylket bli dårlegare spegla av NRK nasjonalt.

Vi kan gå mot ei slags tillitskrise mellom by og land. Om NRK flyttar meir makt til storbyane, er dei med på å forsterke den krisa.

Sogn og Fjordane har slåst for NRK-kontoret sitt før. No er det merkeleg stilt. Forstår ikkje folk kor dramatisk det er, eller berre bryr dei seg ikkje?

Mange ser på fusjonen som blei til Høgskulen på Vestlandet (HVL) som vellukka. Det blir sagt at rektoratet på Kronstad verkeleg ser ut til å meine det når dei seier dei satsar på alle studiestadane.

Les også

Vraker nye forslag til fylkesvåpen

Men nedleggingane på Helgeland har ført til uro: Også der blei det lova at samanslåingane som gav verda Nord universitet ikkje skulle føre til nedlegging av studiestadar. No ryk både Nesna og Sandnessjøen.

Det skal ikkje meir til enn ein rektor med eit anna syn, litt dårlegare løyvingar eller eit nytt styringssignal før også HVL kan bli råka av kutt i distrikta.

For å styrkje distriktsdelen av høgskulen, ville det nok vere lurt å på nytt rekke ut ei hand til Høgskulen i Volda, sjølv om dei takka nei sist.

4000 studentar og eit sterkt fagmiljø hadde endra balansen til Ikkje-Bergens fordel.

Men det må skje no. Den dagen ein overivrig statsråd meiner Sogndal eller Førde er for smått, er det for seint å lage ein overlevingsstrategi.

Elles kan gå det gå same veg som med fylket:

Nedanom. Og hem.