Dei overlevande etter terroren bed oss om noko ganske enkelt

Derfor er det pinleg at det har teke oss ti år før vi byrja lytte til dei.

  • Jens Kihl
    Jens Kihl
    Kommentator

Eitt år etter 22. juli var AUF og Ap tilbake på Utøya. Foto: Heiko Junge / NTB (arkiv)

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Vi hugsar det, alle saman: AUF-arane som i dagane og vekene etter 22. juli flimra over nettaviser og tv-skjermar frå Alaska til Australia. Dei staka ut vegen for korleis vi skulle forstå det uforståelege og svare på det som ikkje har noko godt svar.

Vi har ikkje teke inn over oss kva for eit ansvar vi la på skuldrene til ein gjeng ungdomar den sommaren.

No kjem debatten for fullt om korleis dei eigentleg har sett på det som skjedde den dagen og kva som har skjedd etterpå. «Eg er glad og rørt over at dei overlevande har heva røysta si», sa AUF-leiar Astrid Hoem under minnesamlinga dei og Arbeidarpartiet arrangerte i Oslo 21. juli.

Les også

Morten Myksvoll: Eskil Pedersen hadde rett. Me treng ytringsansvar.

Dei siste dagane har eg snakka med fleire av dei overlevande om kvifor debatten om det politiske oppgjeret kjem fyrst no. Kvifor har det teke ti år før vi får ein sunnare og ærlegare debatt om ekstremismen som førte til massedrapa 22. juli?

Eit del av svaret er at dei har prøvd før. Hausten 2011 forsøkte Eskil Pedersen å seie noko om korleis ord og gjerning heng saman og at vi har eit ansvar for ytringane våre. Då fekk han så hatten passa av debattantar og kommentatorar.

På tiårsdagen var det minnemarkeringar over heile landet. Her frå markeringa ved Vatnavatnet på Askøy. Foto: Jannica Luoto

Vi hadde ikkje plass til eit opprørsk AUF. Dermed tok dei på seg rolla som verdig sørgjande. AUF-arane har alltid vore flinkast i klassen, og sånn blei det også etter 22. juli. Ti år etter fortel fleire at dei er veldig, veldig ferdige med å vere verdige.

Les også

Podkast: – Dottera mi rakk ikkje ferja til Utøya

Tidlegare generalsekretær i AUF, Tonje Brenna, har skrive boka «22. juli – og alle dagene etterpå». Der fortel ho at det ikkje var rom for at sånne som henne kunne vere sinte den gongen. I staden er mange av dei det no.

Ragnhild Kaski, tidlegare generalsekretær i AUF, skriv det slik hos iFinnmark: «Jeg er trist. Jeg kjenner på en stor sorg over de som døde, og over livene som ble endret. Men jeg er også sint. Og det er en følelse jeg nå i større grad lar meg selv kjenne på.»

Etter kvart kom AUF tilbake til kontora sine på Youngstorget. Her er Eskil Pedersen tilbake i oktober 2011. Foto: Berit Roald / Scanpix (arkiv)

Det sinnet er retta i fleire retningar, men det er mellom anna retta mot oss som har skuffa dei overlevande. Fleire av dei, som Stian Valla Taraldsvik i eit innlegg i VG, skildrar korleis dei håpa at samfunnet skulle endre seg til det betre.

Det håpet har gått i tusen knas. Høgreekstremismen er på frammarsj både i Noreg og i Europa.

Les også

Jens Kihl: Kva gjorde 22. juli med ordbruken i Frp?

Det finst hundrevis av overlevande etter terroren på Utøya og i regjeringskvartalet. I tillegg er det vener, pårørande og mange andre. Dei er sjølvsagt ikkje einige om alt. Likevel er det nokre krav som mange no samlar seg bak:

Dei ønskjer at vi ikkje skal snu oss bort. Ved å lese innlegg og bøker dei skriv eller lytte til det dei fortel i sosiale medium, kan vi vere med på å dele sorga. Det kan ta noko av børa av skuldrene deira.

Dei ønskjer at vi skal forstå kor alvorleg dette var og framleis er. Lars Fjærli Hjetland har i ti år vore plaga med skam fordi han flykta frå Utøya saman med Eskil Pedersen om bord på MS «Thorbjørn».

Hjetland seier til TV 2 at media gjorde vondt verre. Det er forferdeleg vondt å høyre han fortelje historia si, mellom anna fordi han har så rett. Vi journalistar må ta det på alvor.

Les også

– Jeg hadde nok ikke vært i fengsel, hvis jeg ikke hadde vært på Utøya

Der vi andre kan leggje vekk det vonde 23. juli, er terroren ein del av livet til overlevande og etterlatne kvar einaste dag. Mange er skadd for livet, anten fysisk eller psykisk.

Dei vil veldig, veldig sterkt at vi skal forstå at åtaket var politisk. Det var ikkje «ein katastrofe» eller «ein tragedie». Det var politisk motivert terror.

AUF-leiar Astrid Hoem, statsminister i Sverige Stefan Löfven og leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre var på minnemarkeringa på Utøya 21. juli. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

AUF-nestleiar Gaute Børstad Skjervø sa under minnemarkeringa at det var viktig å hugse at valden er ytterpunktet til rasismen. Det er ikkje slik at drapa er lausrivne frå det høgreekstreme tankegodset, dei er berre den aller ytste og verste konsekvensen av det.

Dei vil at vi skal sjå kor vanskeleg det har vore for dei å snakke om det. Under den same samlinga sa Philip Botström, leiar for AUFs svenske systerorganisasjon SSU, at «vi har kjent på at vi kunne seie ting som AUF ikkje kunne seie».

Det er ein råkande kritikk. Den politiske ungdomsorganisasjonen AUF blei knebla frå å snakke om politikken som gjorde at dei blei eit terrormål.

Det er mange som har gjort feil i dei ti åra som har gått, og som på kvar sin måte har gjort det vanskelegare for dei overlevande å heve røysta si. Vi må klare å gjere noko med det.

Og ikkje minst: Dei bed oss om å kjempe mot den farlege høgreekstremismen. AUF har laga ein rapport om 22. juli. Der har dei ei liste over krav til sine eigne medlemer. Det fyrste punktet på lista er slik:

«Du skal ta kampen mot høyreekstremisme. Selv om du ikke nødvendigvis selv ble rammet 22. juli, var verdiene du står for under angrep. Som AUFer har du et ansvar for å fortsatt å kjempe og minnes.»

Det er litt av eit krav å stille til sine eigne medlemer. Det minste vi kan gjere, er å ta kampen saman med dei.

Publisert
  1. 22. juli
  2. AUF
  3. Terror
  4. Astrid Hoem
  5. Arbeiderpartiet (Ap)

Les mer om dette temaet

  1. «Dei 22. juli-overlevande fekk ikkje hjelpa dei skulle ha fått»

  2. Dette skjedde 22. juli 2011

  3. Med jakken over armen flyktet Linda fra terroristen. Først nå orker hun å se på kulehullene.

  4. Slik reagerte bergenserne etter 22. juli. – Det slo meg raskt at dette måtte bevares.

BT anbefaler

Kommunen i møte med FHI. Dette er tiltakene de diskuterer.

Bergen diskuterer målrettede tiltak med Folkehelseinstituttet.

LES SAKEN