Oslo-suget tok Venstre

Kampen om Språkrådet viser kor enkelt spel Oslo har når resten av landet ikkje står saman.

HEIMESIGER: Venstres Guri Melby (til v.) og Trine Skei Grande fekk stoppa utflyttinga av Språkrådet frå Oslo. Saka viser at landet treng sterke regionar for å sikre eit betre fordeling av makt og kompetanse, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Pedersen, Terje / NTB Scanpix

Publisert:

Å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo er som å klemme vatn ut av ein stein. Motkreftene er enorme. Mange har prøvd dei siste 50 åra, men få har fått det til.

No har òg distriktsrepresentantane i Venstre tapt mot sine eigne. Tysdag kveld kunne BT melde at Språkrådet ikkje blir flytta ut av Oslo, slik regjeringa hadde opna for. Eit tap for det språkfaglege miljøet i Bergen, sjølvsagt, som låg an til å få dei 34 stillingane. Det er likevel eit større tap for ideen om at makt og kompetanse bør fordelast betre her i landet. Ein idé dei fleste parti er samde i, men få evnar å gjere noko med.

Det er ekstra trist at det nett er Venstre som tek Oslos parti. Partiet har vore pådrivaren for utflytting av statlege arbeidsplassar under den noverande regjeringa. No har dei òg bøygd av for presset frå hovudstaden. For sjølv om det er regjeringa som har teke avgjerda om å la Språkrådet bli i Oslo, stadfester ei rekke kjelder at makta til å avgjere saka låg hjå Venstre. Høgre og Frp var klar til å utføre det Venstre bestemte seg for.

Spelet i Venstre, så langt eg kjenner til, illustrerer godt kva krefter ein står overfor når ein skal flytte arbeidsplassar ut av hovudstaden: Partiet gjekk offensivt ut ved inngangen av regjeringsperioden, med mål om å flytte 1000 arbeidsplassar ut av hovudstaden. Høgre og Frp var ikkje for utflytting, men gav etter, mellom anna for å få Venstres støtte til det nye inntektssystemet til kommunane.

I februar la kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fram ei liste over nye utflyttingar, der det stod at regjeringa skulle «i løpet av 2017 vurdere å lokalisere Språkrådet utenfor Oslo». Venstres kommunalpolitiske talsmann, trønderen André N. Skjelstad jobba for å få det til. Men møtte sterk motstand frå Oslo-benken.

Les også

Vil ha Språkrådet til Bergen

Spesielt Guri Melby, tredjekandidat for Venstre i Oslo, skal ha jobba aktivt for å hindre flytting. Melby er ingen kven som helst i partiet. Ho er Venstres gruppeleiar i Oslo bystyre, og ein av dei fremste kandidatane til å bli partiets neste leiar.

Melby er heller ingen kven som helst i Språkrådet. Ho er styreleiar, utan at ei slik dobbeltrolle ser ut til å ha lagt noko dempar på engasjementet. Ho skal ha fått med seg partileiar og førstekandidat i Oslo, Trine Skei Grande. Med det sikra Melby at Språkrådet blir verande i Oslo førebels.

Stortingspolitikarar frå Oslo er som andre politikarar: Dei kjemper for heimefylket. Å flytte ut arbeidsplassar er inga politisk vinnarsak for Grande, eller for partiets andrekandidat i Oslo og nestleiar, Ola Elvestuen. Like lite som det ville vore det i andre fylke.

Venstre kjempar som kjent for å kome over sperregrensa, og det er mogeleg at Språkråd-saka vil hjelpe dei i Oslo. I Bergen og Hordaland vil det ha motsett effekt. Her stadfester saka at heller ikkje Venstre er til å stole på når det gjeld å flytte arbeidsplassar ut av hovudstaden.

Berre så det er sagt: Argumenta for å behalde Språkrådet i Oslo vil neppe handle om arbeidsplassar eller bypatriotisme. Motstandarane av utflytting meiner Språkrådet vil lide fagleg om dei flyttar ut av Oslo. Det er eitt av standardargumenta som kjem opp kvar gong eit statleg organ skal flyttast ut av hovudstaden. I dei fleste tilfelle er argumenta høgst tvilsame, i alle fall på sikt, noko tidlegare utflyttingar har vist.

Slik er det òg i denne saka, med ein original vri: Her har mange i nynorsk-eliten kjempa mot utflytting, og gjeve saka ein slags distrikta-for-Oslo dimensjon. Fremst blant dei, i alle høve offentleg, har vore direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Med fortid som styreleiar i Språkrådet og leiar i Unge Venstre er det slett ikkje utenkjeleg at han har spelt ei sentral rolle i denne saka.

Nynorsk-strategane meiner mellom anna at Språkrådet ikkje vil klare å verne nynorsken utan å halde til i hovudstaden, nær makta. Det er mogeleg at dei har eit poeng, men denne typen argument kan brukast til å stoppe så godt som alle utflyttingar frå Oslo. Å passe på at offentlege etatar brukar sin pålagte dose nynorsk kan gjerast frå Bergen òg.

Eit anna argument er at Språkrådet vil bli svekka fagleg, fordi mange ikkje vil følgje med over fjellet. Også det er eit standardargument ved utflyttingar. Heller ikkje det treng å vere eit problem. Vi snakkar om ein overgangsperiode. Bergen har eit svært sterkt språkfagleg miljø, med Universitetet i Bergen i spissen, som vil kunne byggje opp eit godt språkråd her òg.

Les også

Bergen har ikke god nok kompetanse til å drive Språkrådet

Venstres beste forsvar er at dei trass alt har stått på for utflyttingar, sjølv om partiet ikkje har nådd målet med 1000 arbeidsplassar. Ifølgje kommunaldepartementet har denne regjeringa til no fatta vedtak om å flytte ut rundt 325 statlege jobbar. I tillegg er det skapt 440 nye statlege jobbar utanfor Oslo. Det er jo noko, men i forhold til dei over 4000 statlege jobbane som er skapt i Oslo under denne regjeringa, er det ganske puslete.

Likevel er det langt meir enn Senterpartiet fekk til i den raudgrøne regjeringa. Vi må tilbake til Victor Norman (H) sitt kupp i 2002, for å finne ei større utflytting. Han fekk flytta ut 900 arbeidsplassar, og skapte med det stort sinne og vonbrot i Oslo Høgre. Eit slikt stunt vil neppe bli lett å gjere opp att.

50 år med magre resultat viser at vi treng ein meir grunnleggjande debatt om sentralisering her i landet. Då tenkjer eg ikkje på sirkuset Senterpartiet køyrer for tida. Noreg treng at makt og kompetanse blir betre fordelt. Det er tydelegvis ikkje mogeleg med dagens system.

Mykje taler difor for at ein må endre sjølve oppbygginga av Noreg for å få det til. Landet treng større og sterkare regionar, som igjen kan samarbeide, akkurat som den kortvarige alliansen Norman skapte. Berre på den måten vil ein kunne få ei betre fordeling av statlege arbeidsplassar.

Endring: Etter saka først vart publisert seint tysdag kveld fekk eg mange tilbakemeldingar om at Ottar Grepstads sentrale rolle, i alle høve offentleg, burde vere med. Det var eit godt poeng. Onsdag morgon la eg difor til eit par avsnitt om Grepstad og det særeigne nynorske distriktsforsvaret for å ha Språkrådet i Oslo. Seinare endra eg ei setning der eg hadde skrive at Grepstad meiner Språkrådet ikkje vil klare å verne nynorsken utanfor Oslo. Eg trur nok han meiner det, men han har såvidt eg har funne ut ikkje sagt det offentleg.