Russland er i ferd med å tape i Ukraina

Folk i Kherson feirar frigjeringa av byen.

USA bør gjere det dei kan for å korte ned krigen.

Publisert: Publisert:

I helga kunne ukrainske styrkar køyre inn i Kherson, sør i Ukraina. Russland har okkupert byen i åtte månader, men no trekte dei seg endeleg tilbake.

Frigjeringa av Kherson er først og fremst ein siger for menneska som framleis bur i byen og omlandet.

Dei har levd under ein brutal, russisk okkupasjon. No er dei frie.

Sigeren er symbolsk viktig, fordi Kherson er ein av byane Vladimir Putin annekterte i september.

Den ulovlege folkeavstemminga skulle ifølgje Russland tyde på at 87 prosent av folket ville innlemme Kherson i Russland.

Likevel var det trygt nok for Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj å vitje Kherson få dagar etter frigjeringa. Putin våga aldri å reise dit under okkupasjonen. Slik går det når du diktar opp ein falsk folkevilje.

Gjenerobringa viser òg kvifor Ukraina kan vinne krigen. Dei har forstått noko Russland stadig ser ut til å ignorere: Krigen handlar om logistikk, og Ukraina vinn kampen bak frontlina. Svoltne soldatar slåst ikkje godt.

Les hele saken med abonnement