Det Vedum ikkje vil høyre

Den nye regjeringa er langt meir arbeidarklasse-dominert enn sist venstresida sat rundt Kongens bord.

ARBEIDARKOLLEKTIVET: Statsminister Erna Solberg har ein cand.mag. frå Universitet i Bergen. Det er uklart om ho hadde selfie-fotografering på pensum den gongen, men ho ser ut til å meistre oppgåva. Foto: SCANPIX

Publisert:

Denne veka fekk Noreg ei utvida regjering. Samansetninga har blitt hardt kritisert: Regjeringa manglar statsrådar med minoritetsbakgrunn. Det er ingen trønderar rundt Kongens bord.

Og kanskje meir kuriøst: Det blir sett på som noko nær ei nasjonal krise at vi no er oppe i 22 statsrådar. 20 var visst perfekt, men 22 viser total mangel på styring.

Likevel er det éin debatt som manglar: Representerer denne regjeringa Noreg på ein god måte når det gjeld klassesamansetning og utdanningsbakgrunn?

Svaret er eit «tja». Men samanlikna med dei raudgrøne kjem faktisk Erna Solbergs mannskap godt ut.

Les også

Jens Kihl: En historisk umulighet

Denne vinteren har Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum blitt stadig spissare i sin elitekritikk av regjeringa. Ved utnemninga av nye statsrådar denne veka, hadde han følgjande velkomsthelsing: «Regjeringen er blitt et levende symbol på den sentraliserende elitepolitikken de fører», sa Vedum til Senterpartiets nettsider.

Vedum var oppteken av at nesten alle «kommer fra de store byområdene». For å få dette reknestykket til å stemme, må Tor Mikkel Wara frå Karasjok og Trine Skei Grande frå Overhalla finne seg i å kome frå Oslo. Det må seiast å vere ei litt uventa form for sentralisering frå Sp-leiaren.

Men tilbake til poenget: Korleis står det til med eliteprofilen? Om ein konsentrerer seg om utdanning, er denne regjeringa radikalt annleis enn den raudgrøne.

Les også

BT20-Spesial: Er denne regjeringa dømt til å kollapse?

Ja, det er framleis plass til mangemillionæren Nikolai Astrup her. Det finst tre juristar, éin med mastergrad i filosofi og éin cand.polit. i den nye regjeringa. Men elles er det dårleg med eliteutdanning:

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) er kjøtskjerar med fagbrev. Det har også partikollega Kjell-Børge Freiberg, som er olje- og energiminister med utdanning som fagoperatør i næringsmiddelindustrien.

Åse Michaelsen (Frp), landets folkehelse- og eldreminister, tok ei utdanning som treningsinstruktør i Vest-Tyskland på tidleg åttital. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen frå Høgre har fagbrev i serviceelektronikk for skipsflåten.

MORO MED FOLK FLEST: Monica Mæland er sjølv jurist. Det ser likevel ut til at ho er i stand til å ha det gøy med olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (fagbrev som fagoperatør i næringsmiddelindustrien), forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (fagbrev i serviceelektronikk for skipsflåten) og samferdsleminister Jon Georg Dale (fagbrev som kjøtskjerar). Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix

Så er det ein del med høgskuleutdanning. Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) har studert eksportmarknadsføring for fiskeri ved det som tidlegare bar namnet Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole.

Olaug Bollestad har på ei lita veke blitt både landbruksminister og fungerande KrF-leiar. Sjølv om ho har delar av utdanninga frå det som no heiter Universitetet i Stavanger, er det vanskeleg å påstå at intensivsjukepleiar er ei eliteutdanning.

Sjefen sjølv, Erna Solberg, har ein cand.mag. Ho er langt frå åleine om det: Det vrimlar av bachelorgradar og cand.mag.-ar i denne regjeringa.

Faktisk er det nesten så ein kunne ha ønskt seg ein doktorgrad rundt bordet. Regjeringa kunne hatt bruk for ein i den ekte utdanningseliten.

Les også

Dag Inge Ulstein skal lede norsk utviklingspolitikk

Sp-Vedum sat i den raudgrøne regjeringa frå 2012 til dei måtte gå av hausten 2013. Han har eit mellomfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo, i tillegg til agronomutdanning frå Jønsberg landbruksskule.

Til saman hadde han 19 regjeringskollegaer, og heile hurven hadde høgare utdanning – med to unntak:

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) er utdanna tannlegeassistent frå Asphaugen vidaregåande skule. Ho er til gjengjeld medeigar i familieselskapet Sinkaberg-Hansen, og har opparbeidd seg ein oppdrettsformue på mange titals millionar kroner.

Og så er det Sigbjørn Johnsen, då. Den tidlegare finansministeren har nokre kveldskurs frå BI, men først og fremst har Ap-legenda gått livets harde partiskule.

Les også

Tidenes største norske regjering

Denne oppramsinga seier ikkje noko om kor vidt regjeringa fører ein politikk for elitane eller for folket. Det er til dømes ikkje sånn at den borgarlege regjeringa automatisk blir kvinnevenleg av å ha fire kvinnelege partileiarar. Ei regjering bør først og fremst bli målt på den politikken dei fører. Og her finn du sjølvsagt folk med lange karrierar i toppolitikken, i PR-bransjen og i næringslivet.

Men lista viser eit ubehageleg poeng for venstresida: Der i garden har dei store utfordringar med å skaffe eit toppmannskap som representerer arbeidarklassen.

Det er rett og slett grunn til å minne om det følgjande:

Vedum kritiserer den sitjande regjeringa for å vere eit symbol på sentraliserande elitepolitikk. Då er det altså ein fyr med fleire års utdanning frå Øvre Blindern som går laus på ein treningsinstruktør frå Mandal, ein kjøtskjerar frå Volda og ein sjukepleiar frå Gjesdal.

Forstå det den som kan.