Heite famntak i Oslo Spektrum

På toppen av oljebølgja er NHO og LO verdas beste vener.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

LO-VEN: NHO-leiar Kristin Skogen Lund leiar ein årskonferanse prega av harmoni med motparten LO. Det spørst om det varer, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Ruud, Vidar / NTB scanpix

Utanom synet på muslimar, kjønn og Trond Giske rår det ei tung semje om det meste i Noreg. Få stader er harmonien større enn i den økonomiske og politiske eliten.

Som NHO-sjef Kristin Skogen Lund sa til Aftenposten måndag: «Når jeg møter mine europeiske kollegaer, tror jeg ingen av dem har et slikt forhold til motparten som det jeg har til (LO-leiar) Hans-Christian (Gabrielsen)».

Det kviler difor ein fred over eliten når dei i dag er samla i Oslo Spektrum, til NHOs årskonferanse. LO-leiar Gabrielsen er stort sett uroa for det same som Høgre-leiar Erna Solberg: At vi ikkje skal klare å finansiere velferdsstaten i framtida.

For det er djupast sett det årets tema «Verdien er arbeid» handlar om. Vi må jobbe meir framover. Kanskje ikkje fleire timar kvar og ein av oss, men dei som ikkje jobbar fullt i dag må jobbe meir. Unge, funksjonshemma, innvandrarar, kvinner og 60-åringar.

Det blir ikkje lett. Allereie er fleire i arbeid i Noreg enn dei fleste land, 67,2 prosent av dei mellom 15 og 74 år, for å vere nøyaktig. Men andelen går raskt nedover og vi har ein dyr velferdsstat. Kvar einaste som fell utanfor kostar dobbelt: Dei bidreg ikkje til verdiskaping og skatt, og dei får trygd eller anna hjelp frå staten.

Utfordringa er det Kristin Skogen Lund i sitt innlegg kalla «arbeidslivets jarnlov»: At inga bedrift i lengda kan ha nokon tilset som ikkje forsvarar løna si i produksjonen. Dess høgare løna er, dess meir effektiv må ein med andre ord vere. Og Noreg har nokon av verdas høgaste lønningar.

Dermed vil dei som ikkje er høgproduktive falle ut. Det er rett å slett ikkje realistisk at alle kjem i arbeid, i alle høve ikkje utan tung statleg støtte.

VENER: LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen og Kristin Skogen Lund er samde om det meste, verkar det som. Dan P. Neegaard

Men ei gruppe ein både kan og bør hjelpe er dei unge. Talet på unge som ikkje gjer noko (korkje er i arbeid, utdanning eller helserelaterte ytingar) veks. Mange fell òg som kjent ut av vidaregåande.

Alle prognosar viser at det vil bli stadig færre jobbar for folk utan utdanning i framtida. Det å sørgje for at ungdom får utdanning (og då snakkar eg like mykje om fagarbeidarar som akademikarar) er noko av det viktigaste vi kan gjere framover.

Men dette har vi visst ei stund. Men lite har blitt gjort, i alle høve lite som har fungert. NHH-professor Katrine Vellesen Løken troppa difor opp på konferansen med tre forslag:

På kort sikt foreslår ho lågare skatt og arbeidsgjevaravgift for unge. Som løysing på lengre sikt foreslår ho å auke kvaliteten i barnehagen. Det handlar ikkje om rekning og lesing, men om å lære ungane å takle kjensler, lære tolmod og å ta omsyn til kvarandre.

Det norske samfunnet er godt for dei fleste, og velferdsstaten er vel verdt å ta vare på. Men trongare tider framover vil kunne setje harmonien i arbeidslivet og politikken på prøve.

I eit intervju med E24 tek NHO-sjef Kristin Skogen Lund til orde for å kutte i velferdsordningar, fordi dei held folk utanfor arbeidslivet. Ho nemnde ikkje sjukelønsordninga med eit ord. Lurt nok. Då hadde Gabrielsen blitt gretten.

Men utspelet illustrerer kor vanskeleg det kan bli å få harmonien og semja om løysingane til å vare. At fleire bør arbeide og at offentleg sektor bør bli meir effektiv (som regjeringa har som hovudløysing i Perspektivmeldinga) er alle samde om.

Men begge delar kan vise seg å vere vanskeleg å få til. Kanskje må ein etter kvart stramme inn velferdsordningar, eller auke skattane. Då kan det fort bli slutt på kosen.