Nytt mannskap på dekk for KrF

Når Hareide går, kan nye ta over. Mange av dei er vestlendingar.

ARBEIDSLAGET: Kjell Ingolf Ropstad (til v.) kan bli den neste KrF-leiaren, og ta med seg Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein inn i regjering. Erik Lunde kan bli ny nestleiar i KrF. Fredrik Hagen (Scanpix), Jan Tomas Espedal (Aftenposten), Eirik Brekke (BT), Vidar Ruud (Scanpix)

Det er underlege tider i KrF. Eit parti i krise skal løyse problema sine med å gå inn i regjering. Det er litt som å sitje i ei lekk jolle, der det einaste alternativet er å ro endå fortare i håp om å nå kaia før båten søkk.

Men om KrFs forhandlingsutval greier å forhandle fram ei god nok regjeringsplattform med dei borgarlege partia, vil partiet trenge mange folk på dekk – også frå raud side.

Knut Arild Hareide sit framleis som partileiar. Men om partiet går inn i Solberg-regjeringa, treng KrF ein ny sjef. Olaug Bollestad er fyrste nestleiar, og ho vil automatisk rykkje opp dersom Hareide går tysdag.

Men var det ikkje eigentleg Kjell Ingolf Ropstad som vann kampen om kor KrF skal gå? Mange i KrF meiner det er hans tur no. Men så lett er det ikkje: Det tek seg ikkje bra ut om ei kvinne må trå til sides fordi ein mann har leiarambisjonar.

Hans Olav Syversen frå Oslo var ein dyktig leiar for finanskomiteen på Stortinget sist periode, men mista utjamningsmandatet sitt. Han blir sett på som meir borgarleg orientert i til dømes finans- og velferdsspørsmål og blir omtalt som ein mogeleg kandidat. Kor som er: Det siste KrF treng no, er ein leiarstrid. Syversen vil neppe kaste seg inn i kampen med mindre det finst eit folkekrav om at han må ta over.

DYKTIG: Hans Olav Syversen fekk svært godt ry på seg for sitt arbeid som leiar av finanskomiteen på Stortinget. Her er han ordstyrar på KrF-landsmøtet og er flankert av Bjørg Tørresdal (til v.) og partisekretær Hilde Frafjord Johnson. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Fleire kjelder vurderer Ropstad til å ha best sjansar. Om han får vervet, trengst det ein ny nestleiar i KrF, og hen må kome frå det som er blitt den raude fløya. Ingelin Noresjø, leiar i Nordland KrF, og Trude Brosvik frå Sogn og Fjordane er mellom namna som er spelte inn. Desse kan styrkje distriktsprofilen KrF så sårt treng å utvikle.

Bergensbyråd Dag Inge Ulstein blir også lista opp, men både han og Brosvik markerte seg svært tydeleg på Hareide-sida i vegvalet. Ein nestleiar skal ikkje berre styre si eiga fløy, men heile partiet. Då bør ein helst ikkje vere for merkt av striden, blir det sagt.

Les også

Jens Kihl: Kjem KrF til å døy?

Dei beste sjansane har Erik Lunde. Risøringen er i dag KrFs gruppeleiar i Oslo bystyre, men skal flytte til Kristiansand for å bli prest. Han stod på raud side, men var meir dempa i ordskiftet. Han er ein kristendemokratisk tenkjar med fleire bøker på samvitet. KrF er framleis ikkje ferdig med diskusjonen om kva slags parti dei eigentleg skal vere, og Lunde kan bidra her.

Likevel: Skal KrFs leiing kome frå Evje, Risør/Kristiansand og Gjesdal? Desse plassane ligg som tre hakk etter einannan i bibelbeltet. Med ei slik oppsamling blir det vanskelegare å markere seg som eit nasjonalt parti.

Eitt alternativ er Tore Storehaug, som kapra utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane i fjor. Dersom Bollestad og Ropstad går i regjering, er det gode grunnar til at den tredje i partileiinga bør sitje på Stortinget. Då kan partiet velje mellom Storehaug og telemarkingen Geir Jørgen Bekkevold.

VESTLENDING: Tore Storehaug frå Sunnfjord kan ha ein lys karriere i KrF framfor seg. Her frå partiets ekstraordinære landsmøte tidlegare i november. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Storehaug har mindre erfaring, men er ein optimistisk type som også kan representere nye Vestland når Hareide takkar for seg. Det nye fylket stod for 15 prosent av alle røystene i stortingsvalet. Likevel er dette kanskje i tidlegaste laget for Storehaug.

Alle reknar det som sannsynleg at KrF får tre statsrådar, slik Venstre fekk. Skal KrF ha ein sjanse til å samle seg, må det vere representantar frå både raud og blå side med inn i regjering. Der omkvedet rett etter landsmøtet var «blå side vann, dei får fikse dette», ser fleire på venstresida no meir konstruktivt på regjeringsprosjektet. Og dersom partiet skal kunne gå til venstre ved eit seinare høve, kan ikkje heile Hareide-fløya hoppe av toget no.

Dersom Ropstad blir partileiar, tek han ein av statsrådspostane. Då trengst det éin raud og éin blå til. Den mest nærliggjande på blå side er Olaug Bollestad. Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan frå Vest-Agder går for å vere ein dyktig maktpolitikar, men det kan bli vel mange egder på laget.

Les også

KrFs landsstyre vil prioritere klima i regjeringsforhandlingene

Ikkje ei einaste kjelde har meint det ville vere rett å hente statsrådar frå den førre regjeringsrunden. KrF må nytte høvet til å byggje nye profilar. KrFs dyktige fylkesordførar i Rogaland, Solveig Tengesdal, er ei anna som blir løfta fram. Ho kan få problem med fylkeskabalen med mindre Bollestad blir på Stortinget.

BYRÅD: Både Rebekka Ljosland og Dag Inge Ulstein har takka nei til ein ny periode for KrF i bystyret i Bergen, men sjansen er vel stor for at dei takkar ja til ein plass ved Kongens bord om Erna Solberg slår på tråden. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Både Dag Inge Ulstein og Rebekka Ljosland har styringserfaringa som trengst. For Ljoslands del kan det bli vanskeleg å kome forbi dei to blå i partileiinga. Men pragmatikaren Ulstein har nok svært gode sjansar for ein statsrådspost på nyåret, og ei lang rekkje kjelder gjev han best odds for denne posten.

Partisekretær Hilde Frafjord Johnson har halde korta tett til brystet, men informerte kjelder meiner ho er på veg ut. KrF kan godt ende med å tilsetje ein ny partisekretær som er meir lågprofilert enn Johnson.

Og så trengst det ein raud armé til små og store rådgjevarjobbar. Fleire rådgjevarar frå Hareide-sida seier rett ut at dei tel på knappane, og det nye KrF kan ikkje berre byggje på folk frå den blå vinnarsida.

Skal båten bere for KrF, må partiet vere rause også med taparlaget. Alt i alt viser likevel denne lista at KrF ikkje manglar mannskap som kan ta over tunge verv, i eit parti som må styre gjennom tung sjø framover.