Bønder i byen

Eldrebølgja: Kålhage på rådhustaket? Gulrøter i Byparken? Matauk er blitt byjordbruk.

Asbjørn Kristoffersen

SKRÅBLIKK: Asbjørn Kristoffersen skriv om bybønder. Jan M. Lillebø

Nett som i gamle dagar. I jobbetida i første verdskrigen let kong Haakon Slottsparken pløyast om til potetåker. I andre verdskrigen fekk grisar i fleng gratis kost og losji Bergen.

No har Göteborg, Bergens søsterby, tilsett ein bybonde på kommunalt regulativ. Svenske landsens bønder fryktar subsidiert konkurranse. Norske komikarar fryktar smalhans om bønder i byen sluttar å knisa av bønder på landet. Steinrike, surmjølkskvite, gamle menn kjøper svindyre vinslott med råbilleg arbeidskraft for å bli grøne i pappen.

Byfolk som er sysselsette med å produsera ordgyteri, ser arbeidsinnsatsen fordunsta sporlaust straks dei parkerer tastaturet. Grip dei til spaden, kan dei framskaffa noko som viser att. Ei eigendyrka nepe, ei gulrot, eit skurvete eple. Abeidsfellesskap i parsellhagen, i kolonihagen, i ein kasse med jord på asfalten. Dei nye småbruka. Sæle er jordarbeidarane, dei samarbeider med Skaparen. Dei samarbeidar med Greta Thunberg.

Fattige strilemenn brukte kjærringa som hest. Bybønder på Landås brukar lastesykkel til innsamling av felleskompost. Av organisk boss er du komen, til jord skal du bli. Eller til larvar, hybelhusdyr til pizzafyll for kjøtetarar. Jorda er overfolka, insekt er det nye kjøtet. Insekt og liksomkjøt med reinsdyrsmak. Havremjølk til kaffien, mandelkefir og bjørkesirup til veganske raspeballar. Soyakrem til blautkaka.

Jordbruk utan jord. Langreiste, nederlandske jordbær, dyrka i steinullmatter, tilsett kunstig sol og næring og vatn. Rimi og Rema med urtedrivhus i bakromma. Graslauk i kjøkenvindauget, slik som mor mi hadde. Det berekraftige liv på Landås og Møhlenpris.

Bybier, byhonning. Byinsekt og byfuglar og byrabarbra. Draumen om kompaniskap med Vårherre når pensjonen er sikra og klimakrisa går på nervane.

Tilbake til røtene. Av småbruk er nordmenn runne. På poteter er vi fostra. Til lastesyklistar skal vi bli.