Streng og umenneskeleg

Deportasjonen av Abbasi-familien viser kor ubehageleg norsk innvandringspolitikk er blitt.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

UTVIST: – Det kan vere det er heilt rett at familien skal ut av landet. Men verken framferda til UNE eller politiet har bidrege til at folk skal få tillit til vedtaket, skriv Morten Myksvoll. Her er Taibeh Abbasi på ein støttekonsert i Trondheim i 2018. Ole Martin Wold (Arkiv)

Måndag kveld skulle Yasin (22), Taibeh (20) og Ehsan Abbasi (16) eigentleg sitje på eit fly til Afghanistan. Dei var deportert frå Noreg, saman med mor si, Atefa Rezaie. Heile uttransporten har vore ein skandale. Dei som er oppteken av ein streng returpolitikk bør vere uroa. Saka kan nemleg rokke ved legitimiteten til norsk utlendingspolitikk.

Det kan vere det er heilt rett at familien skal ut av landet. Men verken framferda til UNE eller politiet har bidrege til at folk skal få tillit til vedtaket.

I dag er støtta til innvandringspolitikken ganske stor, både i folket og på Stortinget. Berre SV og MDG stod utanfor asylforliket i 2015. Ifølgje SSB, meiner 53 prosent av befolkninga at innvandringspolitikken bør vere som i dag.

Men innvandringspolitikk er abstrakt, og det er vanskeleg å få oversikt. Enkeltsakene er noko anna. Ja, dei er komplekse, men i møte med skjebnane ser me korleis politikken faktisk fungerer. Det er ikkje særleg pent.

Politiets utlendingseining (PU) gjekk til aksjon klokka 5, natt til laurdag. Kort tid etter svima Atefa Rezaie av, ifølgje politiet. Ho var bevisstlaus på heile turen frå Røros til mellomlandinga i Istanbul.

Det verkar både unødvendig og uforsvarleg å ta av med ein bevisstlaus passasjer. Det er neppe dette folk flest trur «strengt og rettferdig» betyr.

Så var planen å sende mora tilbake til Noreg, og barna hennar til Afghanistan. Ei slik splitting vert ekstra problematisk, sidan UNEs endelege vedtak var vurdert ut frå at familien skulle reise saman. Men så stoppar alt opp medan familien sit i Istanbul. Den modererande krafta i norsk asylpolitikk er Afghanistan; dei sette foten ned. No skal heile familien tilbake til Noreg.

Ressursbruken er vanvettig, måloppnåinga er null.

Og mål er viktig for både regjeringa og for PU. Uttransporteringa gjekk ned i 2018, og PU var langt unna å nå regjeringas mål om 7500 deportasjonar. Samtidig nedbemannar organisasjonen, på grunn av låge asyltal.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Ap er rigget for den neste asylkrisen

Det er lett å få sympati med familien Abbasi. Berre den eldste av dei tre barna til Rezaie har vore i Afghanistan. Familien flykta derfrå då han var to år gammal. Før dei kom til Noreg budde dei i Iran. I Noreg er dei godt integrerte.

Men politikken må vere regelbunden. Det skal ikkje vere slik at familiar med lokalsamfunnet i ryggen skal få bli, medan andre må forlate landet. Politikken må vere føreseieleg.

Grovt sett står saka mellom to omsyn: innvandringsregulering og barns beste.

UNE meiner at familien misbrukte asylinstituttet då dei fekk opphald i 2012. Løyva var nemleg basert på at familien ikkje hadde eit mannleg nettverk i Afghanistan. Den hadde altså ingenting å gjere med situasjonen i Iran, som dei faktisk reiste frå før dei kom til Noreg.

Historia om korleis faren forsvann på veg inn i Tyrkia skurrar: Han dukka opp i Noreg etter at dei fekk opphald. Då opphaldsløyva vart trekt tilbake, forsvann faren igjen. UNE tolkar det som eit forsøk på å unndra seg utvising.

UNE ser ut til å ha sitt på det tørre her. Staten kan trekke tilbake opphaldsløyve i slike tilfelle; ein må ikkje. Når UNE konkluderer med at ein familie ikkje har rett på opphald, skal dei vurdere andre omsyn, blant anna kva som er barnas beste.

Les også

Debatt: Menn som berre vil «prata litt»

Tingretten meinte at UNE ikkje hadde gjort det. Dei skriv at omsynet til barns beste ikkje er gjort forsvarleg og sakleg, opp mot det eine innvandringsregulerande omsynet i saka – nemleg eit forsøk på å misbruke asylordninga.

Lagmannsretten overprøvde dette, men ein skulle likevel tru at UNE tok kritikken på alvor. Men, nei. Det endelege avslaget er fatta av ein nemndleiar åleine, fordi saka «ikke byr på vesentlige tvilsspørsmål». Det kan godt hende at jussen er innanfor her, men legitimiteten til institusjonane står på fleire bein enn berre det juridiske. Saka til Abbasi-familien har vore gjennom to rettsrundar, og UNE tapte den eine. Likevel slår dei fast at det ikkje finst vesentleg tvil.

Argumentasjonen skurrar. Når alt står og fell på ei skjønnsvurdering, burde UNE arrangert ei full nemndbehandling.

Les også

Her slo de alarm om Askøy-epidemien

Ifølgje vedtaket har det eine barnet til Rezaie vesentlege helseplager. Vedtaket skildrar ein alvorleg situasjon. Likevel avfeiar nemndleiaren det, med årets kaldaste byråkratiske setning. UNE konkluderer nemleg med at personens situasjon «ikke vil være så belastende at den anses uforsvarlig i utlendingsrettslig forstand».

UNE har heller ikkje sådd tvil om at dei to yngste barna er fødd i Iran. Når ein skal vurdere ein persons tilknyting til Noreg, bør det vere relevant at to av dei utviste aldri har vore i landet dei er utvist til.

Fleire parti vil reforhandle asylforliket. Venstre og KrF vil mjuke opp regelverket, Frp vil stramme inn. Men Abbasi-saka er eit dårleg utgangspunkt for ein slik debatt. Familien kunne fått opphald utan ei regelendring. Innvandringsregulerande omsyn handlar om å statuere eksempel.

No har me fått eit eksempel på kor brutale dei omsyna kan vere.