Uår kan bli den nye normalen

I fjor regna avlingane vekk, i år tørkar dei vekk. Risikoen for stadig hyppigare ekstremvêr har skapt uro for mattryggleiken, også her til lands.

HØY FRÅ ISLAND: I år er Noreg avhengig av å importera høy frå andre land, til dømes frå Island, for å berga husdyra gjennom vinteren. Næss, Baard

Asbjørn Kristoffersen

Noreg har alltid vore avhengig av import av jordbruksprodukt. Men vi kan ikkje lenger basera oss på at mat alltid vil vera billeg, og lett tilgjengeleg på verdsmarknaden. Klimaendringar medfører hyppigare uår over heile verda. Noreg er blant dei landa som kan bli minst ramma, men årets tørkesommar er ein vekkjar for mange. Styresmaktene må innretta seg etter dette risikovarselet.

I dei siste, tidlegare uåra har det vist seg at styresmakter i ulike land kappast om å sikra sine eigne innbyggjarar for å halda misnøye i sjakk. Matvarer kan ikkje lenger vera nett det same som andre varer. Alt kan ikkje kjøpast for pengar. Heller ikkje for svart gull.

Sjølv dei breiaste jordbruksbygdene på Austlandet og i Trøndelag har nokså marginale produksjonsareal samanlikna med det industrielle jordbruket i meir fruktbare land. Norske bønder er avhengige av store, offentlege subsidiar, og matprisane er høge. Berre om lag førti prosent av maten frå åkrar og beiteland er heimeavla. Det er fisk som gjev landet matoverskot, nok til å vera ein av verdas største fiskeeksportørar.

Det politiske fleirtalet ønskjer å oppretthalda jordbruket, og auka sjølvforsyninga. Likevel er næringa under press, ikkje minst på Vestlandet og i Nord-Noreg, der gardane er minst og bøane brattast, der flest gamle slåttemarker ligg uslegne. Liberalistane hadde helst sett at subsidiane vart inndregne, at dei attverande bøndene vart overlatne til dei frie marknadskreftene og internasjonal konkurranse.

Svært få land følgjer denne oppskrifta fullt ut. Vern om eige landbruk er gjerne i samsvar med historisk tradisjon. Bønder og matvareindustri kan ha sterk politisk innverknad, og dertil folkeleg støtte, også i land som USA. Den internasjonale priskonkurransen er likevel stor nok til at bønder i hopetal gjev opp i vestlege land, og at det industrialiserte jordbruket, med innleigd arbeidskraft, tek over. Globaliseringa viser att i matvarebutikkane også.

Liberalistar som forstår risikoane ved klimaendringar må kanskje tenkja seg om. Det må gjerne hipsterar og ståoppkomikarar og alle andre som gjer narr av bøndene og bondelandet også. I beste fall kan tørkesommaren skapa auka forståing for at det er maten vi lever av, og at det kan kosta meir å ha mat på bordet. Matjord er alt blitt spekulasjonsobjekt. Private kapitalinteresser kjøper jord i tidlegare sovjetstatar. Oljerike statar i Midt-Austen kjøper opp store dyrkingsareal i Afrika.

I andre deler av verda, det aller meste av Asia og Midt-Austen og Nord-Afrika, finst det knapt nok ledig jordbruksland att. Dei fleste land i desse regionane er alt avhengige av matimport. Samtidig kan folketalet vera i sterk vekst, og klimaendringane gje seg stadig større utslag. Klimaflyktningar er ein reell risiko.

Ulempene ved norsk jordbruk kan bli ein styrke. Nett fordi naturvilkåra er så marginale, kan det vera enklare å leggja om drifta enn i land som er betre vande. Vekstsesongen her til lands blir dessutan lengre som følgje av klimaendringane. Jordbruket er velorganisert, har sterk politisk støtte og landet er økonomisk velberga – på Voss blir insekt avla til folkeføde.

Omlegging må vera innretta på at uår kan bli den nye normalen. Det må bli slutt på nedbygging av landets beste matjord, det vesle vi har mellom bakkar og berg utmed havet.

Reservelager for korn må også gjenoppbyggjast. Kornsiloane som hadde stått til vernebuing sidan krigens dagar, vart avvikla før klimakrisas alvor vart forstått av norske politikarar. Om klimaendringane skal takast på alvor, må føre-var-prinsippet gjelda.

Det aller viktigaste, det uomgjengelege, er å hindra at oppvarminga av jordkloden ikkje går av skaftet, at 1,5-gradersmålet blir nådd. Det burde innebera tiltak for å få ned den sterke folketilveksten i verdas fattigaste land. Det må innebera ei omlegging av matvanane våre, mindre animalsk føde, meir planteføde, mindre industrilandbruk og monokultur, meir plass til insekt og annan miljødiversitet som trengst for å oppretthalda balansen i naturen.

Bønder bør bli høgt skatta.

Sæle er jordarbeidarane. Dei samarbeider med Skaparen.