Mørkemannen

Hadde vi ikkje hatt Kjell Ingolf Ropstad, måtte nokon ha oppfunne han.

– MØRKEMENN ER SNOP: Asbjørn Kristoffersen skriv om mørkemenn i ukes Eldrebølgja. EIRIK BREKKE (arkiv)

Asbjørn Kristoffersen

Mot tvillingabort, nektar å gå i pride-tog, heimehøyrande på svartaste Sørlandet. Og kvit. Den perfekte mørkemann. Synd det er så langt mellom dei.

Erna Solberg gjorde landet ei teneste då ho utnemnde sørlendingen til barne- og familieminister. No har vi fått innsyn i kva slike folk kan finna på når dei kjem til makt. No kan vi visa dei vegen tilbake, til holet under ein stor stein.

Tvillingabort vart rett nok ikkje formelt legalisert før i 2016, ved ei administrativ regulering. Og Kjell Ingolf Ropstad har berre oppnådd ei nokså symbolsk innskrenking av denne retten.

Men fri abort er ei prinsippsak. Vi kjenner mørkemannslusa på gangen. Gjev du dei veslefingeren, tek dei heile handa. Det er som med dans på Sørlandet. Når det startar med tysk maskintango, endar det gjerne med franske orgiar. Og det som startar med ei nemnd, kan enda med strikkepinnar. I eit religiøst diktatur. Som i Saudi-Arabia.

Norske kvinner kan bli tvinga til å dra til Sverige for å få fleirlingreduksjon. Som det var jenteabortturisme blant innvandrarkvinner det var snakk om. Forresten heiter det ikkje jenteabort. Det heiter kjønnsfascisme.

Kjell Ingolf Ropstad er avslørt. Men Erna har ikkje kvitta seg med han. Ho våga berre ikkje å gje mørkemannen regjeringsansvar for likestilling også. Vi har mista sjansen til å kle han naken på dette feltet. Det er likevel nok å ta av. Når eit regjeringsmedlem nektar å gå i Pride-tog, er det ein maktdemonstrasjon mot alle som kjempar mot diskriminering og usynleggjering av alle landets LHBT-folk. Eit regjeringsmedlem som attpå til er medlem i ei kristen forsamling som deltek i homo- og trans-kurering. Som om filskifte skulle vera på line med kjønnsskifte.

Det finst folk som meiner vi bør gå i dialog med mørkemenn. Og med rasistar og nazistar. Det finst folk som meiner at muslimske mørkemenn for lengst har danka ut kristne mørkemenn. På flat mark. Slike folk må berre halda kjeft. Utan Kjell Ingolf Ropstad ville vi ikkje visst kva veg det bér med oss. Mørkemenn er snopet vårt.