Slitarpensjonen som forsvann

Med forslaget til ny pensjonsordning i det offentlege blir AFP som «slitarpensjon» gravlagt for godt.

HISTORIE: AFP-pensjonen skulle gje dei som måtte gå av tidleg fordi dei var utslitne ein betre slutt på arbeidslivet. Pensjonsreforma gjer slike løysingar bortimot umogelege, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. På biletet: NHO-sjef Kristin Skogen Lund, arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen. Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Då Avtalefesta pensjon (AFP) vart innført i 1988 var det eit klapp på skuldra til dei som hadde slite ut kroppen i tunge, fysiske yrke. Dei som ikkje hadde helse til å stå i arbeid fram til pensjonsalderen, til dei vart 67 år.

Dette var «slitarane». Dei fortente ikkje å avslutte eit hardt arbeidsliv med å hamne på uføretrygd, som vart opplevd som vanærande.

Det var tanken bak. AFP gav dei i staden ein pensjon å leve av dei siste åra før dei kunne få vanleg pensjon. Først frå 66 år, så gradvis ned til 62 år.

Utover på 1990-talet fekk stadig fleire yrkesgrupper AFP, inkludert offentleg sektor. Slett ikkje alle kunne karakteriserast som slitarar.

Laurdag vart dei siste restane av AFP som tidlegpensjon for slitarane foreslått avvikla for dei som er født i 1963 og seinare, og med eit lite trøystetillegg til kulla fram til 1970.

Arbeidsministeren og fagorganisasjonane er samde om at AFP i offentleg sektor skal gå frå å vere ein slik tidlegpensjon, til å bli eit livslangt tillegg i den vanlege pensjonen. Eit tillegg alle vil få. Blir forslaget godkjent av medlemmene i fagorganisasjonane, trer endringane i kraft i 2020.

I privat sektor vart denne endringa gjort allereie i 2008 (med verknad frå 2011), i samband med pensjonsreforma. Poenget med reforma er å få folk til å stå lenger i arbeid. Slitar-pensjonen var eit smotthol som måtte tettast: Viss du skal få folk til å jobbe lenger, kan dei ikkje få full pensjon frå dei er 62 år.

Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Heile poenget med pensjonsreforma er å få folk til å jobbe lenger. Difor er det innført ei såkalla levealdersjustering, som gjer at pensjonen ein får som 67-åring blir gradvis dårlegare for kvart årskull. Alle må difor jobbe lenger for å få same pensjonen.

Trass alle fine ord er det ikkje mogeleg å kombinere målsetjinga i pensjonsreforma med tanken som i si tid låg bak «slitar-pensjonen». I alle fall ikkje utan å gjere tillegget behovsprøvd.

I årets lønsoppgjer vil NHO argumentere for ei slik løysing, då som ei innsnevring av AFP-ordninga. NHO ser for seg at ein kan bruke pengane frå sluttvederlagsordninga og tildele enkelte arbeidarar etter til dømes ei felles vurdering mellom bedrift og tillitsvalde. Korleis ein skal klare å lage ei slik ordning utan at det blir utnytta (slik AFP-ordninga har blitt) til å kvitte seg med eldre arbeidstakarar, er uklart.

Når slitar-argumentet no er borte er eigentleg heile AFP-ordninga meiningslaus. Endå meir meiningslaus blir ho fordi berre rundt halvparten som jobbar i det private får dette tillegget, trass i at staten betalar ein tredel av det. I det offentlege betalar staten alt.

AFP har med andre ord blitt ein tilleggspensjon frå staten som ikkje alle får.

Les også

Framtidas fattige pensjonistar

Når NHO og LO møtast 12. mars for å overlevere krav og motkrav i årets lønsoppgjer, er AFP den store saka. NHO vil ha kutt, fordi dei meiner ordninga er underfinansiert. Dei vil både ha ho meir målretta, og auke inngangsalderen til 65 år (mot 62 år i dag).

LO vil ha tetta hol i ordninga. I dag kan du i privat sektor til dømes miste AFP om du byter jobb til ei bedrift utan AFP-ordning, eller om du mister jobben. Dei vil òg ha betre opptening for unge og deltidsarbeidarar.

Dessutan vil LO vil krevje eit eige tillegg for dei som må gå tidleg, for «slitarane». Det får dei neppe NHO (og regjeringa for den del) med på, utan å akseptere ei eller anna form for behovsprøving.

Slik var det ikkje med AFP-ordninga: Ho galdt for alle innanfor dei gruppene som var dekt, og ikkje berre for dei einskilde tilsette som faktisk sleit. Dermed vart ordninga mindre stigmatiserande, men òg dyrare.

Pensjonsreforma er eit av dei beste grepa Stortinget har gjort. Utan den ville Noreg ikkje klart å møte ei sterkt aldrande befolkning. Vi lever lenger enn nokon sinne, er friskare enn nokon sinne og dei fleste av oss kan fint jobbe lenger.

Men rettvis er ikkje reforma, og ho kan neppe bli det heller. Nokre menneske lever lenger enn andre, noko som heng tett saman med utdanning og inntekt. Akademikarar og andre som kan stå lenge i jobb kan gå ut med eventyrlege pensjonar.

De Facto-forskar Stein Stugu brukte denne veka seg sjølv som døme i Klassekampen: Viss han jobbar til han er 72 vil han få ein pensjon som er 20 prosent større enn inntekta han har som forskar. Og det er før han tek eventuelle tilleggsoppdrag, slik stadig fleire pensjonistar gjer.

Dei som ikkje klarer å stå i jobb like lenge, blir straffa tilsvarande. I dag ender mange, spesielt kvinner, opp på uføretrygd dei siste åra av arbeidslivet. Det blir det neppe slutt på med det første.