Å leige er å vere fri

Vi har snart ein halv million hytter her i landet. Kanskje på tide å dele?

DYRT: Når alle skal ha si eiga hytte, blir det trongt i hyttebygder som Geilo (biletet). Men du kan spare både pengar og bekymringar på å leige framfor å eige, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Aagaard, Rolf M.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Nordmenns sug etter eiga hytte har visst ingen grenser. Kvart år kjem det 4500 nye hytter, om ein tek snittet for dei siste 20 åra. Snart har vi ei hytte for kvar tiande innbyggjar.

I fjellet er trykket så stort at sjølv NHO denne veka tok til orde for å byggje tettare, og å dele meir på hyttene. For å hindre at fjellet blir nedbygd.

Når ei gjennomsnittleg norsk hytte berre blir brukt sju veker i året, verkar det noko meiningslaust å halde fram med denne bygginga. Kvifor ikkje dele?

For mange sit det nok langt inne å la framande rote rundt på familiehytta. Hytta er for mange ein ganske privat ting, full av minner og gjenstandar som er samla i generasjonar.

For min eigen del vil eg leggje til at det er alt for mykje styr: for kven skal gje gjestane hyttenøkkelen, kven skal vaske, breie på sengene, sørgje for ved, sjekke at alt er i orden?

Vel, her går verda framover. I store hyttekommunar som Hol (Geilo, Ustaoset) og Trysil finst det no firma som kan gjere alt dette for deg. Alt du treng å gjere er å montere ei nøkkelboks med kode, eventuelt ein kodelås, så ordnar dei resten.

Har gjestane øydelagt noko, kan vaktmeisterfirmaet fikse det og du trekkje utgiftene frå på depositumet.

Det viktigaste er likevel at delingstenester på internett gjer privat utleige langt enklare og sikrare enn før, for både utleigar og den som skal leige. Spesielt amerikanske Airbnb har endra mykje.

Dei har ei ferdig betalingsløysing, inkludert depositum og forsikringstenester. I tillegg blir både den som leiger og den som leiger ut, vurdert kvar gong. Det ratingsystemet reduserer sjansen for ubehagelege overraskingar, for båe partar.

Norske Finn.no tilbyr på si side ei gratis digital utleigekontrakt.

Alternativt kan du overlate heile hytta til eit utleigeselskap, som gjer jobben for deg. Mange av desse tillèt òg at du reserverer hytta til deg sjølv visse delar av året.

I tillegg til at det er meiningslaust å ha så mange hytter ståande tomme mesteparten av året, kan båe partar tene økonomisk på å dele.

I snitt kostar ei ny hytte i dag 1,9 millionar kroner, ifølgje Eiendom Norge. Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret, som følgjer nøye med på marknaden, seier at brukte hytter no er like dyre som nye.

For svært mange er dette for dyrt. Og endå dyrare blir det viss du skal ha hytte i dei mest attraktive områda. Utleige er ein openberr måte å finansiere kjøpet på.

Når du brukar hytta sjølv, kan du leige ut skattefritt for opp til 10.000 kroner i året. Leiger du ut for meir, må du betale kapitalskatt på 22 prosent, og berre for 85 prosent av inntekta.

Leiger du ut for 100.000 kroner i året, vil du dermed sitje att med 81.300 kroner i forteneste etter skatt. Airbnb krev gebyr, medan Finn er gratis.

Ei anna løysing er å kjøpe hytta saman med andre, og så dele på bruken. Det skjer òg tidvis når søsken arvar ei hytte. Men då bør ein kjenne kvarandre godt. Det manglar ikkje på historier om at slike opplegg endar i konflikt.

Stadig fleire, trur eg, vil velje den tredje veg: å leige andre sine hytter. På Finn.no finst det no over 6000 norske hytter å velje mellom. Airbnb oppgjev ikkje noko tal, berre at det er over 300. Men då eg sjekka i går var det på Geilo åleine 68 hytter til leige. Legg du til leilegheiter og hus har du 182 leigeobjekt å velje mellom i denne fjellbygda.

Les også

Billig inngang til hyttelivet

Men med 435.000 hytter og sommarhus over heile landet, i tillegg til dei mange ferieleilegheitene, er potensialet for meir utleige stort.

Skal hytter delast, må den norske sjølveigar-mentaliteten i tillegg masserast litt. Å leige må gje like høg status som å eige. Og kvifor skulle det vere tilfelle? Kvifor binde seg til ei hytte, framfor å velje feriemål etter kva ein har lyst til?

Mest handlar dette om vårt indre statushierarki, der det framleis er stas å ha si eiga hytte. Det hierarkiet trur eg vil endre seg, både fordi synet på forbruk endrar seg og fordi deling blir meir vanleg. Denne veka kunne Dagens Næringsliv til dømes fortelje om den første deleringen for dyre fritidsbåtar.

Delingsøkonomien er ikkje nokon hype. Først og fremst fordi deling er blitt enklare, men òg fordi når ein først byrjar med det, oppdagar ein at deling har sine fordelar.

Eg kvitta meg med bilen for 15 år sidan, og vart med i Bildeleringen i Bergen. Det går ikkje for alle, men poenget er at den største vinsten ikkje er at bilutgiftene har gått kraftig ned.

Nei, det viktigaste er at eg ikkje treng å bekymre meg for at noko skal skje med bilen, at eg må ut med ei formue fordi eit eller anna går sund, må skifte dekk, tenkje på bompengar eller låne meir pengar til ein ny bil.

Alle desse bekymringane er borte. Det er det gode ved ikkje å eige ein bil, ein båt eller ei hytte. Etter kvart som delingsøkonomien breier seg, trur eg stadig fleire vil sjå at det er den aller største vinsten. Å leige framfor å eige er frigjerande.

Finn.no er eid av Schibsted, som også eier Bergens Tidende.