Venstre, det er meg

Ingen har ein meir roten partikultur enn Venstre. Kan grunnen liggje i politikken?

Jens Kihl
Kommentator

ILLUSTRASJON: Marvin Halleraker

I september 1993 kom ein einsam mann vandrande over fjellet frå Ulvik til Oslo. Mannen var Lars Sponheim, og vandringa skulle vere slutten på tida der Venstre stod heilt på utsida av Stortinget.

Store ting skulle skje. Dører skulle opna seg og sperregrensa skulle bli eit fjernt minne. Fasiten kjenner vi.

For meg fortel denne turen noko vesentleg om heile Venstre: Partiet er bygd rundt ideen om den vesle mann og kvinne, og deira kamp mot store krefter.

Venstre er kanskje partiet som sterkast set enkeltmennesket i sentrum. Personar som har eit rusproblem skal få hjelp, ikkje straff. Papirlause migrantar bør ha rett på helsehjelp. Noreg må opne for ein tredje kjønnskategori i pass og folkeregister.

Kort sagt: Når menneska stangar mot systemet, er det ofte systemet som bør gje seg. Faktisk er Venstre eit av få parti med eit slagord som gjev meining: Folk fyrst.

Les også

Jens Kihl: Partia ville hatt godt av dårlegare råd

Dette går som ein grøn tråd gjennom heile partiprosjektet. Frå kampen mot embetsmannsstaten på attenhundretalet, via røysterett for alle til sosiale reformer for maktspreiing: Venstres prosjekt har vore konsistent gjennom 135 år.

Men kanskje er det også her, i det liberale menneskesynet, at Venstres permanente krise ligg innebygd? Sikker kan ingen vere, men eg lurer likevel på det.

For Venstre er partiet med den aller dårlegaste partikulturen i Noreg, slik eg ser det. Ikkje i tydinga «mest tafsing og underslag», men når det gjeld det å byggje ein sterk og stabil partiorganisasjon.

Heile ideen om eit parti er at du melder deg inn i ein fellesskap du deler nokre verdiar eller kampsaker med. I byte mot den slagkrafta partiorganisasjonen gjev, må du leggje frå deg ein del av det du meiner som strir mot partiets program.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Fæle, blå KrF-ere

Men Venstre er ikkje eit parti. Det er 5700 enkeltpersonsføretak.

Nyleg presenterte Nationen ei interessant sak. Ifølgje avisa har nokon i Venstre rett og slett feilsendt eit lokallagsoversyn. Slik kunne Nationen vise at over hundre lokallag har mista meir enn halvparten av medlemene sine dei siste fire åra.

I 2012 hadde Venstre nesten ti tusen medlemer. Etterpå har det gått ned. Og ned. Og ned. Partiet er nesten halvert på berre sju år.

Dette står i sterk kontrast til andre parti. For det har gått dårleg i KrF òg, men dei har framleis nesten 25.000 medlemer. Ap har over 50.000, sjølv om både dei og KrF har sett ein nedgang over fleire år.

SV greidde faktisk å auke medlemsmassen medan dei framleis var i krise på målingane. Folk bit seg fast – også når det går dårleg.

I 1993 la Lars Sponheim i veg over fjellet. BTs fotograf har notert at Sponheim var i god form, men at «det var så som så med følgjesveinane». Knut Strand (arkiv)

Eg trur det har å gjere med politikken. I landets mest fagforeiningskritiske parti står ikkje kollektive verdiar høgt i kurs. Det smittar over på partidrifta: Folk har lova truskap i gode, men ikkje vonde dagar.

Venstre har eit partiprogram som er dobbelt så tjukt som i dei andre partia. Det finst ingen grunn til å prioritere. Alle har si hjartesak. Sånn er det vel i individets tid.

No har partiet bede om innspel til namn på folk som kan sitje i partileiinga. Etter eit elendig val meiner 26 av dei 27 som i dag sit i partiets sentrale organ at dei har det som trengst for å halde fram.

I tillegg er det sjølvsagt ein del folk ute i partiorganisasjonen som gjerne skulle ønskje seg ein sentral posisjon. Sa eg «ein del»? Valnemnda i Venstre har fått inn namn på 360 personar.

WE ARE FAMILY: Partileiar Trine Skei Grande snakka om å samle laget då ho talte til Venstres landskonferanse tidlegare i oktober. Terje Bendiksby

Det er nesten seks prosent av heile medlemsmassen. Eller som TV 2 skreiv: 57 fleire enn partiet i dag har folkevalde. Det er relativt friskt.

Venstre er no eit parti med fleire folk som nyleg har ramla ut av kommunestyret i bygda, men som meiner dei kan vere rette menn og kvinner til å ta Venstre ut av skugganes dal.

Og heilt i toppen finn vi opptil fleire leiarkandidatar. Abid Raja, Sveinung Rotevatn og Trine Skei Grande er førebels på lista. Fordi Venstre ikkje har opna for ein debatt om kva retning partiet skal ta, blir det ein rein persondebatt: Kven liker du best?

Leiaren i valnemnda, Per A. Thorbjørnsen, omtalte alle lekkasjane om leiarstriden for «organisatorisk ynkeleg». Det kunne utmerkt godt vore namnet på organisasjonsmodellen i partiet.

Skal Venstre kome seg på fote, treng dei å byggje ein annan partikultur. Då Trine Skei Grande nyleg heldt sin tale til Venstres landskonferanse, gjekk ho på talarstolen til «We are family».

Partileiaren snakka om at Venstre-folk må stå saman. Det trur eg dei må lære seg heilt frå grunnen. Individualistane i Venstre trivst godt for seg sjølve. Det passar godt.

For både meiningsmålingar og medlemstal viser at dei står stadig meir åleine.