Kampen om Alver

Sterke veksesmerter har gitt bomopprør i Alver – likevel planlegg alle for meir folkevekst.

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

PENDLAR UT: – Meland slit med stor utpendling. Det er faktisk fleire frå Meland som pendlar til Bergen enn som jobbar i sin eigen kommune, skriv Morten Myksvoll. Foto: Vegar Valde (Arkiv)

Slaget om makta i nye Alver kommune, er ein kamp mellom gamle ringrevar og ein heilt ny utfordrar.

Det er tre sitjande ordførarar som kjempar mot kvarandre: Astrid Aarhus Byrknes frå Lindås KrF, Øyvind Oddekalv frå Meland Ap og Jon Askeland frå Radøy Sp.

Den fjerde kandidaten er tidlegare Meland-ordførar Nils Marton Aadland frå Høgre.

Når kvar kommune stiller med ein sitjande ordførar, kan det føre til gode val for dei partia – i den kommunen ordførarkandidaten er frå.

Desse fire listetoppane har til saman 36 ordførarår bak seg – og har styrt dei tre kommunane sidan 2007. Om den perioden skal ta slutt, må ein sjå til den rake motsetninga deira.

GÅR SAMAN: Øyvind Oddekalv (Ap), Astrid Aarhus Byrknes (KrF) og Jon Askeland (Sp) signerte intensjonsavtalen, for det som frå 2020 blir Alver kommune. Foto: Vegar Valde (Arkiv)

Det er Morten Klementsen i Folkeaksjonen nei til mer bompenger. På førre måling var FNB marginalt største parti, med Ap, Høgre, KrF og Sp hakk i hel.

Det er vanskeleg å sjå korleis FNB skal samle saman eit fleirtal i kommunestyret, men han er den einaste reelle utfordraren.

Klementsens store sak ligg i partinamnet, men det er lite som tyder på at han får gjennomslag med det første. Frå 1. desember vert det opna fleire bomstasjonar i Nordhordland, 14 år etter at buene på brua vart fjerna.

BOM PÅ NY: I 2005 stengde bompengebuene på Nordhordlandsbrua. I Desember er det på ny innskreving av bompengar i Nordhordland. Foto: Jan M. Lillebø (Arkiv)

Skal ein forstå bomopprøret i nye Alver kommune, må ein forstå korleis folk bur og arbeider.

Meland veks mest i nye Alver. Det bur nesten 25 prosent fleire i kommunen no, enn i 2010. Veksten i arbeidsplassar har ikkje vore like kjapp.

Difor slit Meland med stor utpendling. Det er faktisk fleire frå Meland som pendlar til Bergen enn som jobbar i sin eigen kommune.

Folk har flytta ut frå Bergen, kanskje på jakt etter større plass og rimelegare hus. Arbeidsplassane har ikkje følgt etter.

Snart må dei av pendlarane som køyrer bil, betale bompengar til både Nordhordlandspakken og til bomringen i Bergen.

Underskotet på arbeidsplassar kostar altså innbyggarane dyrt.

Politikarane vil at Alver skal halde fram å vekse – men at ikkje all veksten skal skje i aksa Frekhaug, Knarvik, Alversund. Difor er ein mot den nye byvekstavtalen.

I dag gjeld avtalen berre for Bergen, men staten ønskjer å ta med kommunane rundt òg. Statens pengar kjem med eit krav om nullvekst i biltrafikk. For å få til det, skal ein bruke bompengar og føre ein restriktiv arealpolitikk.

Den mest effektive måten å få ned bompengebelastninga på, er å vere mindre avhengig av bil. Det skjer når folk bur tettare.

Les også

Anne Rokkan: Folkeforakten

Men Alver er ein stor kommune: Frå Kolås i Lindås til Kårbø i Meland er det nesten seks mil.

Når ein har kome fram til Kårbø, ser ein over til Manger på Radøy. Det er ca. tre kilometer i luftline, men tre bruer og 45 kilometer veg mellom dei to bygdene.

Berre Lindås kommune åleine er større enn Bergen i areal. Store delar av nykommunen har ei rettmessig frykt for at det vert slutt på utvikling der.

PROTEST: Morten Klementsen i Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) knivar om å bli størst i Alver kommune. Foto: Bård Bøe (Arkiv)

Nye Alver kommune kjem til å få det trongt økonomisk.

For sjølv om folkeveksten i Alver er så høg at den skaper pendling og meir biltrafikk, er den ikkje fullt så høg som ein trudde den skulle bli.

Det betyr svikt i skatteinntekter. Legg ein dei tre økonomiplanane oppå kvarandre, er det tydeleg at nye Alver kjem til å ha ein krevjande økonomisk situasjon.

Den blir ikkje enklare av at lånegjelda til spesielt Lindås og Meland har skote fart dei siste åra. Frå 2015 har nye Alver fått 600 millionar meir i gjeld.

Folkeveksten viser òg kor ulikt dei tre Alver-kommunane har utvikla seg.

Talet på barnefamiliar har gått kraftig opp i Meland dei siste åra. Langt meir enn i Lindås og Radøy.

Det gjer at dei tre kommunane har svært ulike behov. Meland bruker difor langt meir av budsjettet sitt på skule og barnehage, enn Lindås og Radøy.

Det store spørsmålet er kor lenge veksten varar. Stoppar tilflyttinga, står Meland att med mange nye skuleplassar.

Men det er Alvers problem no. Og det er der storkommunen har meir fleksibilitet. Elevar frå nedlagde Lindås kan jo gå på skule i gamle Meland.

Sjølv om Lindås går inn i Alver med mest gjeld pr. innbyggar, er kommunen likevel den økonomiske motoren i storkommunen. Lindås kjem nemleg med ca. 160 millionar eigedomsskattekroner på kjøpet. Meland og Radøy har i underkant av 40 millionar til saman.

Dei aller fleste skattekronene til Lindås kjem frå oljeraffineriet (og anna industri) på Mongstad. Desse pengane var nær ved å forsvinne rett framfor nasen på Alver.

Les også

Protestane i årets val kan gjere at fleire droppar å stemme

Regjeringa fjerna nemleg eigedomsskatten på verk og bruk i statsbudsjettet for 2018. I juni i år kom det endelege svaret: Lindås kommune (og dermed Alver), får kompensert så godt som alle inntektene sine frå skatten.

Det er Lindås-ordførar Byrknes som får æra for snuoperasjonen til regjeringa. Det betyr hundrevis av millionar meir til Alver i åra som kjem.

Riset bak spegelen er at denne overgangsordninga ikkje vil vare evig.

Det første Alver må gjere, er å lage ein plan for å kunne klare seg utan desse pengane.

Og så må dei få fleire bedrifter til å etablere seg. Då vil færre trenge å køyre til Bergen for å jobbe. Det er langt viktigare enn å få stadig fleire innbyggarar.

I ein tidlegare versjon av kommentaren, stod det «Kaland i Lindås». Det skulle stå «Kolås i Lindås».

Publisert: