Fellesferie

NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

Asbjørn Kristoffersen

Eg får inga forståing for at pensjonistar ikkje får feriepengar. Berre kjeft å få for fredsbarns gullhår i stumpen og sølvskei i gummen. Folketrygd og Nav. Eit hav av olje til å gjera oss dobbelt så rike som svenskane. Førtidspensjonert ferie heile året. Klimakrisa og gjeldskrisa må yngre generasjonar ta seg av. Kan dei finna på å servera oss, i eit alminneleg familieselskap.

Latskap og egoisme, kan dei seia. Ikkje eingong 2,1 barn i gjennomsnitt, til å halda oppe folketalet og sikra arbeidskrafta, har vi orka avla. Pleie- og omsorgspersonar må importerast. Eldrelandsbyar og omsorgstun må byggast av innvandrarar. Trygdebudsjett vil rakna i saumane, oljepengar skal fordunsta når eldrebølgja toppar seg.

Utan flyskam. Utan fleskeskam. Førtidspensjon, fordi vi fortener det. Full opplåning av alt vi eig, fordi vi treng pengane. Pensjonistar kjøper, pensjonistar handlar. Sjølv rystende olding tar sin stokk, til Patagonia hen. Vi held økonomien oppe og hjula i gang. Ergo er vi.

Ingen vil høyra om dei tronge kåra vi voks opp i. Om eksistensar utan mobiltelefon, utan Pride, utan kebab. Grandiosa var ikkje oppfunne. Ingen vil høyra om slit og slep og forsaking. CO₂ var gode greier. Vi trudde det var atombomber som kom til å utsletta jorda. Ingen forstår oss.

No er det berre om å gjera å halda ut. Satsa på at oljepengane og pleie- og omsorgsimporten varer lenge nok til at eldrebølgja har flata ut for godt. Rett nok er det ikkje like mykje stas med ferie heile året som det ein gong var med fellesferie, men vi får vera nøgde med den varige avspaseringa vi har opparbeidd oss – med full rett.

Greier vi å ta innersvingen på ungdommen, kan vi gå ut or soga med gullhåret i stumpen og sølvskeia i gommen intakt. Historias vinnargenerasjon. Ingen over, ingen ved sida.

Etter oss kjem Vårherres inkassovarsel.