Fryktar for brexitland

Skuldingane haglar mellom dei to sidene i brexitdebatten. Men dei er skjønt einige om at politikarane har skulda.

VIL BLI: Geraldine Hayward (til v.) fryktar konsekvensane av brexit. – Det er ikkje dei som sit der inne som kjem til å merke konsekvensane av brexit, seier ho, og peiker på parlamentsbygningen. – Det er sånne som oss. Immigrantar. Vanlege folk, seier ho. Nina E. Rangoy

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Denne veka gav EU britane seks månadar til med brexitdebatt. Utanfor parlamentet står folk og demonstrerer for å bli i EU, og for å forlate unionen. Når ein går nedover gata, leverer dei lange argument for saka si. Temperaturen er høg, og avstanden mellom dei ser ut til å auke for kvar dag som går.

I bakgrunnen ligg det storslåtte parlamentet, delvis skjult bak presenningar og stillas. Bygningen held nemleg på å falle frå kvarandre. Demonstrantane utanfor fryktar at demokratiet lir av eit liknande forfall. Men der parlamentet vert pussa opp, står brexitdebatten i ro.

Russel er ein av fleire titals brexit-forkjemparar som står utanfor parlamentet. Han vil ikkje gi meg etternamnet sitt, for det skal ikkje EU få tak i.

Han er meir uroa for demokratiet enn for konsekvensane ved å forlate EU. – Landet vårt kan handtere seg sjølv. Det me ikkje toler, er at stemmene våre vert tatt frå oss, seier han med referanse til folkeavstemminga i 2016.

52 prosent av veljarane stemte for å forlate EU. Russel meiner at alternativa var enkle: bli eller forlate EU. Men utmeldingsavtalen til May vil han ikkje ha. – Den er eigentleg ein tollunion, og me skulle ut. Heilt ut.

– Forrædarar, roper han mot parlamentet i det han ser nokon gå mot ein av dei svarte bilane som er parkert inne på området. Distraksjonen vert kortvarig.

VIL UT: Russel (t.h.) meiner at politikarane i parlamentet sviktar veljarane. – Eg veit ikkje om eg vil stemme i EU-valet. Kva er poenget, når dei uansett ikkje respekterer resultatet, spør han. Nina E. Rangoy

– Stemmene deira vert òg stolne, seier han og peiker bort på ein Remain-demonstrant få meter unna. – Dei berre forstår det ikkje endå, men når politikarane ikkje respekterer folket vil det gå utover dei òg.

I mai må britane velje representantar til eit nytt EU-parlament, nesten tre år etter dei stemte for å forlate unionen.

Britane kan vente seg ei lågare valoppslutning enn vanleg, på grunn av brexit. Spesielt dei som ønskjer seg ut, er oppgitt over at det skal ta så lang tid. I 2016 fekk dei beskjed om at utmeldinga skulle gå smertefritt, men no vert det utsett gong på gong.

Les også

Morten Myksvoll: Brexit på EUs nåde

Brexit er i ferd med å bli ei større skiljeline enn partia i seg sjølve. Det er rimeleg unikt i ein så sterk topartistat som Storbritannia. Ein slik identitetskonflikt kan bli svært problematisk.

Ei ung kvinne eg snakka med, var uroa over korleis det påverkar samfunnet. Folk skuldar depresjonar på brexit, og familiar må unngå temaet når dei møtest. Ho kjende til vener som ikkje lenger hadde kontakt fordi dei var ueinige om brexit.

Samfunnet har eit problem dersom konfliktane er så sterke at det får slike konsekvensar. Det skjer i brexitland. Folk snakkar veldig mykje om kvarandre, men mindre med kvarandre, får eg fortalt.

OPPGITT: – No satsar dei på å utsetje og utsetje brexit i håp om at det snart er eit klart fleirtal for å bli i EU, seier Brian Stovell om politikarane i parlamentet bak han. Nina E. Rangoy

Saman med Russel, står Brian Stovell. Han er mindre sint, men meir oppgitt.

Stovell seier at han stemte for å forlate EU på grunn av sine eigne prioriteringar, på grunn av framtida til barnebarna. Han vert lei seg når folk påstår at han ikkje visste kva han stemte på.

Stovell er òg veldig opptatt av skuldingane om rasisme mot Leave-sida. Han tar sterk avstand til ein del av Leave-kampanjens retorikk, men påpeiker at han ikkje akkurat har sett så mange mørkhuda folk i Remain-demonstrasjonane.

– Det er stort sett den kvite middelklassen som vil bli i EU, påstår han. Veljarundersøkingar viser derimot at minoritetar i større grad enn majoritetsbefolkninga stemte for å bli i EU.

– No satsar dei på å utsetje og utsetje brexit i håp om at det snart er eit klart fleirtal for å bli i EU, seier Stovell. – Så kjem dei til å trekkje seg frå heile brexit, seier han.

Ei som ikkje er like overtydd, er EU-forkjemparen Geraldine Hayward. Ho står kledd i EU-fargar og EU-stjerner frå topp til tå.

Ho meiner at utsetjinga er irrelevant. Det einaste utsetjinga gjer, er nemleg å utsetje eitt av to ulike utfall: Anten går britane ut av EU med eller utan ein avtale, eller så trekk dei tilbake heile brexit.

Tilliten hennar til dei folkevalde er like fråverande som hjå motdemonstrantane lenger oppe i gata. – Det sit for mange rike, kvite menn der inne, som ikkje bryr seg om folk som meg, seier ho.

Og ja, ho inkluderer statsminister Theresa May i denne definisjonen. «Rike, kvite menn» er EU-forkjemparanes versjon av «eliten» eller «etablissementet».

– Det er ikkje dei som sit der inne som kjem til å merke konsekvensane av brexit, seier ho, og peiker på parlamentsbygningen. – Det er sånne som oss. Immigrantar. Vanlege folk.

UTSETT: – Det einaste utsetjinga fører til, er at slike som meg held fram med å demonstrere, seier Geraldine Hayward. Ho ønskjer at britane skal halde fram som EU-medlem. Nina E. Rangoy

I bakgrunnen ropar dei andre demonstrantane «put it to the people» – dei krev ei ny folkeavstemming.

– Folket har allereie talt, seier Russel.

Kravet om ei ny folkeavstemming er likevel veksande – til og med i det konservative partiet. Hayward lovprisar Huw Merriman, som nyleg sa ja til ei ny folkeavstemming i parlamentet. Merriman stilte opp på eit arrangement for å forklare kvifor han stemte som han gjorde. Då vart han truga med å få sparken som rådgjevar for finansministeren, ifølgje han sjølv.

Det har gjort han populær blant folk som vanlegvis ikkje er einige med han. Som blant anna Hayward, som skildrar seg sjølv som ein sosialist.

Både dei konservative og Labour er blitt splitta av brexit. Ingen veit kva det får å seie for britisk politikk i framtida. Hayward trur hennar side vinn til slutt.

I mellomtida handlar alt om brexit, i eit land som treng debattar om helse, fattigdom og utdanning.

Dei neste vekene skjer det nok lite for å avklare situasjonen. Dagen etter EU-president Donald Tusk bad britane om å ikkje kaste vekk tida, løyvde det britiske parlamentet seg sjølv ein nesten to veker lang påskeferie.

Det kan vere til det beste for alle. Storbritannia treng ein liten pause frå brexit. Politikarane treng ro. Demonstrantane treng kvile. Og me som skriv om brexit treng litt fri.

Så kan alle møte opp etter påske, med friskt mot trass i at ingenting har forandra seg. Theresa May må framleis hoppe over dei same hindra som ho ikkje har klart å passere til no. Og det vert nok stadig vanskelegare, sidan autoriteten hennar berre vert mindre for kvar gong ho prøver.