Generasjon meg

Ikkje plag meg med klimaendringane, eg driv og realiserar meg sjølv.

Maria Dyrhol Sandvik

Generasjonsdebatt: Mange kjenner seg att i HBO-serien "Girls" si generasjonsskildring av sjølvsentrerte unge. "Generasjon Y" er for opptekne med å realisere seg sjølve til å vere aktivistar, skriv kommentator Maria Dyrhol Sandvik. På biletet frå serien ser vi karakteren "Hannah" (serieskapar Lena Dunham) i midten, saman med Jessa" (Jemma Kirke) og "Shoshanna" (Zozia Mamet). HBO

«Eg er eit individ, og eg føler som eg føler når eg føler for det», seier karakteren Hannah i HBO-serien Girls. Serien tek generasjon Y, dagens noko-og-tjueåringar på kornet: Karakterane er fanga i ein slags limbo mellom studenttilværet og vaksenlivet, med heilt urealistiske forventningar til arbeidslivet, og utan vilje til å gjere seg økonomisk uavhengige av foreldra.

Eg kjem utvilsamt frå ein generasjon med eit omdømeproblem. Nokre av fordommane har vi dessutan fortent.

Generasjonsskildringar er sårbare for forenklingar: Det finst alltid unntak. Likevel har Generasjon Y, dei med fødselsdato mellom 1980 og 2000, nokre fellestrekk: Vi er individualistar som krev å få leve som vi vil, samstundes som vi er tolerante overfor andre. Vi er meir autoritetstru enn sekstiåttarane var. Politisk engasjerte unge vel seg stort sett Jens Stoltenberg eller Erna Solberg som favoritt, og er nøgde med det.

Besteforeldra og foreldra våre gifta seg og fekk barn i tjueåra. Generasjon Y nyttar desse åra til å finne seg sjølve. Vi kan bli det vi vil, når vi vil, vi kan gifte oss når vi vil, eller la vere. Vi er superopptekne av å sjølvrealisere oss. Og dessutan er vi ganske ulykkelege.

Kanskje er det dette tungsinnet som er det største fellestrekket ved vår generasjon. «Vi kan registrere at dagens unge opplever et økt psykisk stress», seier Guro Ødegård, sosiolog og forskar ved Institutt for samfunnsforsking, til avisa Klassekampen.

Dagens unge blir fortalt at dei kan bli kva dei vil, så lenge dei arbeider hardt nok. Denne «du er di eiga lykke sin smed»-haldninga er i ferd med å ta knekken på unge si psykiske helse, hevdar ho.

Ein mykje omtalt artikkel i avisa Huffington Post byr på eit liknande perspektiv: Årsaka til tjueåringane si ulykke er at vi har alt for høge forventningar til livet: Våre foreldre rekna med å få det betre enn sine foreldre, etter kvart. Men dei var klare over at mykje hardt arbeid måtte til for å auke velstandsnivået.

Dagens unge, hevdar artikkelen, trur suksessen skal kome no. Kvifor? Fordi vi alle trur at vi er heilt unike. Vi har eit sjølvbilete utover alle proporsjonar. I motsetnad til unge i vestlege land i økonomisk krise, lever størsteparten av norsk ungdom i sus og dus. Og vi forventar at det skal bli med betre.

Kampsakene våre ber preg av dette: Studentleiarar i Bergen protesterer mot at eit treningssenter skal gjerast om til lesesalsplassar, og konservative Høgre er den desiderte vinnaren av årets skuleval. I førre veke kjende bærumsungdommen seg djupt krenka av politiet, som skal ha kalla ein av dei «ein sossegut». Rettferdsforkjemparane i Bærum Unge Høgre var raskt på pletten, og kravde ei orsaking frå det fordomsfulle politiet. Alt er veldig vondt og vanskeleg, altså.

«Det er ungdommens fordømde politiske plikt å revitalisere demokratiet gjennom å lage litt liv og røre på sin veg inn i vaksensamfunnet. Dei unge skal skake dei gamle», skriv sosiologiprofessor Gunnar C. Aakvag i Aftenposten. Han meiner dagens unge manglar eit kollektivt prosjekt, og kallar oss «Generasjon lydig». Det har han nok rett i. Aldri er vel ungdomsopprøret lengre vekke enn når det må etterlysast i Aftenpostens spalter. Det radikale syttitalet er ei svært fjern fortid.

Ein generasjon av sjølvsentrerte einskildindivid har få føresetnader for å samlast om eit kollektivt, politisk prosjekt. Vi får stadfesting gjennom talet på Twitter-følgjarar og facebook-likes. "I dagens digitale verd er det den sterkaste sin rett", skriv Generasjon Y-ekspert i New York Times, Hannah Selingson.

Det radikale syttitalet er ei svært fjern fortid

Vi møter dessutan ein arbeidsmarknad som fortel oss at vi må marknadsføre oss sjølve. Eit ærleg dags arbeid gjev knapt nok status lenger, det som tel er eit arbeid som syner omverda kor fantastisk du er. Liberalismens individualistiske ideal er i ferd med å fortrenge den sosialdemokratiske fellesskapstanken. Både på godt og vondt.

Generasjon Y har nemleg strengjer å spele på. Vi er nemleg verdsmeistrar på demokrati, og er som sagt opne og tolerante. Vi aksepterer ulikskapar i form av seksualitet, kjønn, og etnisitet. Noreg er eit langt meir mangfaldig og fleirkulturelt enn då våre foreldre vaks opp, og ungdomen ber preg av dette.

Dessutan har vi stor tillit til vitskapen. Skribent Aksel Braanen Sterri er usamd med Aakvag i at vi er lydigheitsgenerasjonen, og kallar oss i staden "Generasjon opplysning". Dagens studentar er fleirkulturelle akademikarar, som er i ferd med å byggje ned muren mellom samfunnsvitskapen og naturvitskapen som sekstiåttarane sat opp. Det vil bli revolusjonerande, meiner han.

Sterri er inne på noko viktig, men dette er neppe ein tendens som kan beskrive ein heil generasjon. Vi ser til dømes ikkje det ungdomsengasjementet for klimaspørsmålet som verda hadde hatt bruk for. Norsk ungdom har ikkje vanskar med å ta klimatrugsmålet innover seg, men aktivismen uteblir. Til det er vi for opptekne med å realisere oss sjølve.

Ein generasjon av flinke, autoritetstru og sjølvsentrerte ungdommar gjev inga samfunnsomvelting. Det er synd, for vi står overfor utfordringar som vil krevje endringar i måten vi lever på. Håpet er at borna våre blir betre enn oss.

Då har vi i så fall ein jobb å gjere. Som forfattar Jens Bjørneboe peikar på i diktet "Ungdommens råskap", får vaksengenerasjonen nemleg den ungdommen dei fortener. Det bør tene til sjølvransaking hos dei som syns Generasjon Y er ein gjeng sjølvopptekne dritungar.