Framtidas viktigaste utfordring

Ikkje alle som kjem til Norge skal bli her, men vi må likevel integrere dei frå fyrste dag.

Det er behov for endring og forbetring i integreringspolitikken vår. Men eg tør påstå at to ting er viktigare enn alt det andre: Integrering frå dag 1 og felles verdiar, skriv Bård Vegar Solhjell. Biletet viser Djerv sportsklubbs integreringsmarsj i 2013. Skjalg Bøhmer Vold

  • Gjestekommentator
  • Bård Vegar Solhjell

Tru meg , eg har delteke i mange utval. Politikken er full av dei! Offentlege utval, partiutval, regjeringsutval og utvalsutval. Nokre er meiningslause, dei fleste er viktige men litt kjedelege, enkelte er uhyre spennande.

Det siste halvåret har eg leia eit utval i regi av sentrum/venstre-tankesmia Agenda som har vore særs interessant. Representantar for fem parti (Ap, KrF, Sp, V og SV) har arbeidd saman med fire forskarar for å lage ein betre integreringspolitikk. På onsdag presenterte vi den, i form av ti bod for betre integrering.

Det er tre grunnar til at det har engasjert meg så sterkt.

Å arbeide tett på framståande forskarar har vore ei openberring. Du veit kanskje ikkje all verda om korleis politikarar arbeidar, men ofte sit vi i utval og arbeidsgrupper med andre frå same parti. Vi lyttar på ekspertar, men vi arbeider ikkje så ofte saman med dei. Å gjere det har utfordra oss politikarar til å tenkje gjennom standpunkta våre, og eg trur vi har levert frå oss eit kunnskapstungt dokument.

I utvalet har det sete sentrale politikarar frå fem parti, parti som til saman har fleirtal på Stortinget. Alt vi foreslår blir neppe vedteke på landsmøta til dei ulike partia, men eg trur mykje av det kan samle støtte. Dermed er vegen kort frå utvalsarbeid til at det vert framtidas integreringspolitikk.

Den tredje grunnen er likevel viktigast. Integrering er ei av framtidas viktigaste utfordringar.

Noreg går gjennom ei gradvis endring. Som resten av Europa gjekk vi frå å vere eit utvandrarsamfunn, til å bli eit innvandrarsamfunn. Til godt inn på 1900-talet emigrerte nordmenn til Amerika. Under krigen flykta mange til Sverige. Dei siste 50 åra har det snudd. I laupet av det siste halve hundreåret har vi gått frå å vere eit homogent samfunn, med små nasjonale minoritetar og få menneske med innvandrarbakgrunn, til å bli eit mangfaldig samfunn. Om lag 15–16 prosent av alle i Noreg har no innvandrarbakgrunn, og talet vil etter alt å døme auke.

Difor vil integrering vere heilt i kjernen av norsk politikk framover: Å ta vare på det beste ved Noreg, å utvikle oss til å bli enno betre, samstundes som vi endrar oss som land.

Vi har allereie ein integreringspolitikk der mykje lukkast. Likevel er det behov for endring og forbetring. Men eg tør påstå at to ting er viktigare enn alt det andre: Integrering frå dag 1 og felles verdiar.

Vårt første bod er at integrering må skje frå dag ein. Ikkje alle som kjem til Noreg skal bli her. Men integreringstiltak er bra både for dei som skal bli og dei som ikkje skal det – men som skal tilbake til eigne samfunn igjen.

For det norske fellesskapet er det avgjerande at integrering startar med ein gong. God integrering og eit verksamt liv gjer det lettare å bidra raskare i Noreg for dei mange som skal bli i landet vårt. Fleire bør difor kunne arbeide med ein gang. Opplæringa må bli betre og starte raskare. Alle barn bør få tilbod om barnehageplass frå dag ein. For ein 4-åring som kjem til Noreg kan det bety ein enorm skilnad om ho straks kan lære norsk og få vener i barnehagen, og møte førebudd til skulestart, eller om ho går to år og ventar på eit mottak med lite kontakt med det norske samfunnet.

Noreg blir meir kulturelt mangfaldig. Då vert felles verdiar enno viktigare enn før.

Noreg er bygd på felles verdiar. Grunnlova og menneskerettane ja, men den norske samfunnsmodellen byggjer på eit sterkare og meir omfattande verdifellesskap; Deltaking, solidaritet, likestilling. Å stille på dugnad, å ha tillit til kvarandre. Desse verdiane er ein del av det norske samfunnet sin grunnmur. Ikkje alle delar dei, men dei vil forvitre utan sterk støtte.

Målet med integreringspolitikken bør vere å sikre alle like rettar, hindre sosial ulikskap og fremje deltaking – men også å forvente tydeleg oppslutning om samfunnet sine kjerneverdiar. Det som er felles må prege både skule, arbeidsliv, sosiale arenaar og trussamfunn sterkare enn det som splittar oss.

Det vi kallar «norske verdiar» er ofte ikkje unike norske verdiar. Likestilling er til dømes ikkje ein tradisjonell norsk verdi frå gammal tid. Den er tilkjempa gjennom harde kampar i generasjonane før oss, og vi kjempar enno. Vi må oftare, og meir tydeleg, formidle, diskutere og sette ut i livet desse felles verdiane.

Vi lukkast godt med integreringa i Norge. Men framtida vil krevje meir av oss. Den vil krevje at vi gjer felles verdiar tydelege, investerer stort i enkeltmenneske og deira kompetanse og integrerer dei frå dag 1.