Kvifor får me ikkje det tredje barnet?

Vel, me er veldig slitne.

I snitt får norske kvinner berre halvanna barn i løpet av livet. Det uroar heile det politiske Noreg.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Eg har ein tidlegare kollega som eg ikkje treffer så ofte lenger. Men når eg treffer han, seier han alltid det same:

«Du har to barn, eller kva? Ikkje få fleire.»

Kollegaen min har gjort ein stor innsats for Noreg, som stadig færre gjer: Han har fått tre barn.

I 2022 blei det fødd 10.000 færre barn i landet enn for ti år sidan. Kvar kvinne får no i snitt knappe halvanna barn.

Kor mange barn du får er eit høgst personleg val, men med enorme konsekvensar for samfunnet. Me treng ungar som kan stelle oss når me blir gamle. Jobbe og betale skatt så staten har pengar til å ta vare på oss andre.

Kort fortalt vaklar velferdssystemet vårt viss me ikkje fyller på like mange som går ut. Og, som tala over viser, det gjer me ikkje.

Hovudårsaka er færre barneflokkar på tre.

Oftare og oftare stoppar nordmenn etter barn nummer to. Kvifor vil me ikkje ha det tredje barnet?

Den lukkelege familien på fire er ei svært sterk norm i Noreg. Færre vågar seg på å skaffe fleire barn.
Les også

To dager gamle Gabriel er sjelden vare. Fødseltallene faller over hele landet.

Spørsmålet er eigentleg feil, for det står ikkje på viljen. Norske kvinner og menn ønskjer seg fleire barn enn dei får, viste ei spørjeundersøking frå Institutt for samfunnsforsking i 2019.

Kvinnene og mennene som var passert fruktbar alder i undersøkinga, hadde i snitt eit halvt barn mindre enn dei ideelt ville hatt.

Reproduksjonen hadde altså vore sikra om alle gjorde som dei ville. Det er ytre faktorar som stoppar oss, og øydelegg for heile folketalsutviklinga.

Politikarane riv seg i håret. Dei vil så gjerne at me skal føde, og på papiret har dei tilrettelagt i alle baugar og kantar.

Erna Solberg blir hugsa frå då ho som statsminister i 2019 bad nordmenn om å få fleire barn. Det hjelpte tydelegvis lite.

Norske småbarnsforeldre har lang fødselspermisjon med nesten saumlaus overgang til ein barnehage der me har lovfesta rett til plass. Den har også ein makspris, som gjer at me betaler langt mindre i dag for barnehage enn småbarnsforeldre gjorde for 20 år sidan.

Me har i realiteten ein slags heildagsskule, som gjer det mogeleg for foreldre å stå i full jobb medan dei har små barn. Skulle ein ikkje ønske det, finst det gode ordningar som sikrar rett til å gå i redusert stilling dei første åra av barnets levetid. Utan å miste viktige sosiale rettar.

Norske småbarnsforeldre har betre tilgang på rimeleg barnehage enn nokon gong før.

Likevel går ikkje reknestykket opp. Ein pluss ein blir ikkje tre, for me er jo slitne.

Ikkje like slitne som min tidlegare kollega, sjølvsagt. Men det er det me fryktar å bli.

Problemet er kanskje at reknestykket er fullt av små desimalar som byråkratane berre rundar opp eller ned. Men legg du alle saman, betyr dei likevel mykje.

Til dømes: Dei fleste bilar har greitt med plass til to bilsete. Dei færraste har plass til tre. Den tredje ungen betyr dermed truleg at du må kjøpe ny bil.

Kanskje må du også flytte. Etter kvart som dei veks opp, tek tre ungar mykje plass. Men orkar nokon å flytte når dei har fått tre barn? Og har dei råd?

Ettersom krava til sikring av barn i bil har auka, blir det stadig litt vanskelegare å ha tre små barn.
Les også

Vi har to valg: slutte å få barn, eller gjøre det mindre slitsomt

Så skal du helst klare å følgje ungane opp. Alle som har barn veit at det ikkje er noko ein tek lett på i dagens samfunn. Tre ungar skal ha hjelp med lekser og sendast på ulike fritidstilbod. Standarden blir sett av dei fleste andre, som jo berre har to barn. Dermed må du med tre jobbe endå litt hardare.

Etter alt det treng du kanskje ein ferie. Men den eine ekstra ungen kostar. Igjen har dei fleste berre to barn, og dermed er familieløysingar også vanlegvis tilrettelagt for kjernefamilien på fire. Tredjebarnet betyr kanskje eit ekstra hotellrom og at de ikkje får plass på standardlugaren på danskebåten.

Det blir mindre ferie. Det blir eigentleg mindre av mykje som er kjekt.

Kvar for seg skulle ikkje noko av dette vere stort nok til å tippe avgjersla om fleire barn i den eine eller andre retninga. Men når du reknar alt saman handlar det til slutt om kva liv du vil leve, og kor strevsamt du orkar å ha det.

Undersøkinga frå 2019 tyda i alle fall på at folk kan seie seg einige i ganske mange ulike forklaringar på kvifor dei ikkje får det tredje barnet.

Kanskje ville det vore lettare med ein attpåklatt? Men mange vil ha byrja å få barn for seint. Når dei har kome seg ovanpå, er det for seint.

Alderen for førstegongsfødande aukar også i Noreg. Det gir familiar mindre tid å få barn på.

La meg her leggje til: Mange lever eit godt liv med tre barn. Dei færraste ser seg tilbake og angrar, og enkelte får heilt sikkert tre englebarn og skjønnar ikkje problemet.

Men for dei fleste er det ein enorm jobb å ha barn heilt frå starten. Og for kvar ekstra, strekker foreldra litt mindre til.

Slikt er det vanskeleg å endre politisk. Dei store grepa med barnehage og permisjon er tatt, og effekten er brukt opp. Når årsakene blir så samansette, er det nesten umogeleg å skreddarsy ei løysing.

Skal nordmenn byrje å få alle barna dei eigentleg ønskjer seg, må noko meir grunnleggjande i samfunnet endre seg. Haldningar til kva som gir livskvalitet, flyttemønster, krav til levestandar, for å nemne noko.

Enn så lenge har dei gjennomsnittlege småbarnsforeldra nok å henge fingrane i med sine to små.

Publisert: