Eg såg «Døden på Oslo S» og fekk eit glimt av min eigen barndom

Det var lettare å vekse opp med dårleg råd i eit mindre nyrikt land.

Filip Bargee Ramberg speler Pelle i oppsetjinga av «Døden på Oslo S» hos Nationaltheatret. Stykket har fått strålande kritikkar.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Aller først: Det blir ein god del om Oslo i denne teksten. Eg trur det kan vere relevant likevel.

Nyleg hadde Nationaltheatret premiere på «Døden på Oslo S», spelt i hallen på det nedlagde Økernsenteret, som er forvandla til ein dystopisk nattklubb. Framsyninga er eit lite stykke norsk teaterhistorie.

Musikken til Frank Hammersland gjev ny tyngd og seriøsitet til historia om Pelle, Proffen, Lena, Filla og alle dei andre.

Eg har alltid mislikt mykje av det ironigenerasjonen gav oss: Alt skal tullast med, ingenting er alvorleg. «Døden på Oslo S» har i eit par tiår levd i skuggen av Harald Eia-parodiane. Det var på tide å ta historia tilbake, for ho har mykje å fortelje oss.

Les også

– Vi jobber ikke lenger for å leve. Nå jobber vi for å overleve, sier taxisjåfør Khalid.

Nationaltheatret våga å fortelje historia i fullt alvor. Det greip meg sterkt. I time etter time kjende eg tårene sprute. Det var eit ærleg og forløysande augneblikk, slik stor kunst kan gje oss.

Resten av denne teksten handlar om det eg trur opna seg i meg på torsdag.

Det Oslo eg vaks opp i, eksisterer ikkje meir. Byen har gått frå å vere kulisse for «Døden på Oslo S» til «Verdens verste menneske» på ei par tiår. Frå slitne bygardar og forfalne skular har byen blitt skinande, hard og blank.

Eg skal ikkje overdrive kor dårleg råd vi hadde då eg var liten. Men det sit fast ei sår kjensle i meg av at andre hadde meir enn oss. Området eg vaks opp i, liknar på det mange kjenner frå «Døden på Oslo S», anten det er i Ambjørnsens roman, spelefilmen eller no teaterstykket.

Flo Fagerli speler Lena i årets oppsetning.

Dei fyrste fem åra budde Mamma og eg i ei kommunal leilegheit på Jordal, ein sliten austkantbydel. Pappa hadde betre økonomi, men hos Mamma var det trongare. Tidvis temmeleg trongt.

På eit tidspunkt ringte dei frå sosialkontoret og sa at vi levde nokre hundrelappar «over eksistensminimum» og tilrådde Mamma å søkje om trygd. Eg er glad ho valde arbeidslivet.

Eg lærte meg tidleg å ikkje vere ein sånn unge som maste etter noko på butikken. Eg visste uansett godt kva svaret ville vere.

Feriane våre var stort sett teltturar. Eit godt triks: Det går an å slå opp teltet utanfor campingplassen, då treng ein berre betale for dusjpolettar. Kleda var arva, utskeiingane var svært få.

Les også

Lovte barnesatsing: – Ingenting som har blåst fletten av deg

Eg har absolutt ikkje noko ønske om å idyllisere det å vekse opp med dårleg råd. Tvert imot. Men på Jordal var vi nok likevel betre stilt enn mange av naboane.

Dei to familiane i oppgangen som fann ut at den eine kunne flytte inn hos den andre så dei kunne framleige leilegheita som då var til overs, til dømes. Eg mista fort teljinga på kor mange barn og vaksne som eigentleg budde bak den døra.

Eller ho eg likte å leike med, men som eg ein dag ikkje kunne kome inn hos. Då eg spurde Mamma om hjelp, kunne ho konstatere at døra var plombert. «Det er viktig å betale husleiga si», lærte eg den dagen.

«Døden på Oslo S» viser oss menneske som ikkje har fått ein skikkeleg sjanse av samfunnet. Eg trur nok at mange av mine leikekameratar i barndomen hadde det på same måte.

Frank Hammersland, ein av Bergens mest kjende musikarar, skreiv musikken til musikalversjonen av «Døden på Oslo S». Hammersland gjekk bort i vinter og fekk ikkje oppleve premieren.

På tidleg nittital kom det eit kraftig fall i husprisane i Noreg. Krakket blei Mammas veg inn på bustadmarknaden, og ho kjøpte ei lita leilegheit i Ullevål hageby.

For å seie det slik: Jordal har aldri eksistert på noko Monopol-brett. Ullevål hageby er den nest beste adressa.

Plutseleg oppdaga eg at dei andre alltid fekk gå på kino når det kom nye, spanande filmar, og at ein tur på McDonald’s var ein del av ritualet.

Då eg i sjette klasse kom heim og sa at eg var nøydd til å få noko anna enn arva klede, blei det akseptert. Eg veit ikkje kva vi dermed forsaka den månaden, men billeg blei det jo ikkje. Men på Ullevål var det mange som kunne velje og vrake i merketøy. Det kunne jo ikkje eg, og no hadde eg oppdaga det.

Kva var det som skjedde på denne tida?

Vi hadde gått frå å ha dårleg råd i eit område der mange var fattige, til å ha dårleg råd i eit område der mange er rike. Det blei noko anna.

I Bergen er vi gjerne stolte over at byen ikkje er like klassedelt som Oslo er. Fattige og rike ungar kan godt slumpe til å gå på same skule. Det er mykje fint med det, men det gjer òg at dei fattige ungane får skilnadene teikna opp endå tydelegare.

Les også

Den siste musikken Frank Hammersland skrev før han døde, er snart klar for scenen

110.000 barn veks opp i fattige familiar, ifølgje Redd Barna. På dei tjue åra som har gått sidan eg slutta å vere eit barn, er talet nesten tredobla. Samstundes har Noreg gått frå å vere eit over snittet rikt land til å ha ein nesten kvalmande overflod.

Same kva regjering som har styrt, så har talet på fattige ungar gått opp – med eit heiderleg unntak for då KrF for eit par år sidan pressa gjennom ein auke i barnetrygda.

Stort sett har det vore tverrpolitisk aksept for at nye generasjonar ungar skulle vekse opp med dårleg råd. Kva gjer det med eit barn å sjå at Noreg har pengar til nesten alt – berre ikkje til dei?

I andre europeiske land har klasseskilnadene vore med på å provosere fram generasjonar med unge, sinte menn. Dei føler seg gløymt av storsamfunnet, og eg kan ikkje anna enn å seie at eg forstår dei.

Les også

– Vi ler mye, gråter litt og er ganske irriterte innimellom

Gjensynet med det meir slitne, men òg meir egalitære samfunnet som eksisterte på Oslo indre aust, blei for meg sterkt teater på eit personleg, emosjonelt plan. Røynda er det diverre endå større grunn til å grine av.

Dagen etter teaterpremieren publiserte NRK ei sak om ein ny, omfattande rapport om fattigdomen i Noreg: Dei fattige lever mange år kortare enn andre folk. Ungane deira blir meir mobba, slit oftare psykisk og slit meir på skulen.

«Forskningen vi har gjennomgått viser at enkelte grupper opplever at de ikke betyr noe eller er verdt noe, og at de ikke opplever å ha mulighet til å leve et verdig liv», seier Dina von Heimburg, førsteamanuensis ved NTNU, til NRK.

Og som nemnt: Gruppa av fattige i Noreg – og dermed også av fattige ungar – har auka kraftig dei siste tiåra. Når venene Lena og Nina i stykket snakkar om foreldra sine, er det tydeleg at utanforskapet og rusen har gått i arv. Det er diverre altfor vanleg.

«Døden på Oslo S» handlar om kjærleik, om utanforskap, om Oslo og om mykje anna. For meg er det likevel først og fremst eit verk om å bry seg om kvarandre. Vi må greie å leve saman. Ingen er til overs – alle trengst.

Den tanken, som i Noreg i 2023 diverre er meir grensesprengjande enn han først kan verke, kunne vi kanskje prøvd litt meir av i samfunnet elles òg.

Publisert: