Ingen fridom utan fedrekvote

Vi har ei regjering som trur at likestilling på magisk vis kjem av seg sjølv.

  • Maria Dyrhol Sandvik
IKKJE NOKO FRAMSTEG: Kutt i fedrekvota er eit steg attende, skriv kommentator Maria Dyrhol Sandvik. På biletet ser vi likestillingsminster Solveig Horne (FrP)
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over åtte år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ifølgje regjeringa vår handlar ikkje likestilling om kontantstønaden, ikkje om likestillingslov, ikkje om lik kjønnsfordeling i styre og stell, ikkje om likeløn, ikkje om fordeling av husarbeid, ikkje om abort. Og ikkje om fedrekvoten, som Stortingsfleirtalet nettopp vedtok å kutte frå fjorten til ti veker.

Kva som ligg i likestillingsminister Solveig Hornes «kvardagsfeminisme» er ikkje lett å få tak på. På eit seminar om «blå likestilling» i regi av Institutt for samfunnsforsking for ei tid tilbake, sa Civitas Mathilde Fasting at «En liberal likestillingspolitikk framstår passiv sammenliknet med en rødgrønn. Men det mener jeg også den skal være. Folk spør hva man bør gjøre for å skape likestilling, men ofte er svaret at man ikke bør gjøre noen ting». Det er i det minste reine ord for pengane. Det hadde vore fint om regjeringa kunne vedgå det same.

Likestillingsminister Horne har nemnt tiltak mot ufrivillig deltid, kamp mot vald i nære relasjonar, høgare yrkesdeltaking blant minoritetskvinner, kvinneleg entreprenørskap og fokus på forskjellar på kvinners og menns helse som kampsaker. Alle parti er samde om at dette er viktige saker. Problemet er at Horne har fjerna ei rekkje vellukka likestillingstiltak frå smørbrødlista si, fordi dei ikkje passar med regjeringas mantra om «individuell fridom». Slik blir fedrekvoten offer for symbolpolitikken.

«Den kvinnevenlege staten» er omgrepet statsvitar og statsfeminist Helga Hernes nyttar om dei nordiske demokratia, med ei statsform som gjer det mogleg å skape seg eit kjønnslikestilt samfunn med større individuell fridom for begge kjønn. Fedrekvoten har vore, og er, eit viktig ledd i det arbeidet. Ikkje minst for menn. Den norske pappaen har gått frå å vere ein fjern skikkelse i ungen sitt liv, til å bli ein reel omsorgsperson.

For Høgre og Frp har det diverre aldri vore eit mål å skape eit meir likestilt samfunn, i alle fall ikkje dersom det inneber å ta politikken i bruk. Ifølgje dei blå kan ikkje likestilling vedtakast. Problemet er at all erfaring tyder på at likestilling ikkje oppstår på magisk vis.Dei nordiske landa er gode eksemplar på det.

Horne har fjerna ei rekkje vellukka likestillingstiltak frå smørbrødlista si

At resultatet av «retroregjeringa» sin politikk blir mindre likestilling, er ganske sikkert. Dessutan håper dei blå å spare nokre kroner i same slengen. Sidan mødrer vanlegvis tener mindre enn fedrar, og det difor er billigare at dei tek ut meir permisjon, har regjeringa budsjettert med å spare staten for 35 millionar kroner berre i 2014.

Men kjappe kroner spart kan bli dyrt på sikt. Dei blå, som elles har eit godt blikk for alt som kan kaste av seg, lukkar augo for den samfunnsøkonomiske verdien av kvinners yrkesdeltaking. Litt mindre fedrekvote kan virke udramatisk, men er eit steg på veg vekk frå den kvinnevenlege staten.

Fedrekvoten er ein suksess, og dei ekstra vekene vil nok bli sakna av mange. I boka «Fedrekvoten og den farsvennlige velferdsstaten», slår forskarane Berit Brandth og Elin Kvande fast at talet på norske fedrar som tek i bruk kvoten har heldt seg stabilt på over 90 prosent dei seinare åra. Dette er jamt fordelt mellom alle samfunnslag, også blant innvandrarbefolkninga.

Det er derimot middelklassefedrar som tek ut lengre permisjon enn fedrekvoten. Det difor sannsynleg at kutt i fedrekvoten vil ramme familier låg inntekt mest. Kvinner blir hengane etter i arbeidslivet. Men også menn taper, fordi dei mister tid med barna. «Jeg har tiltro til at familiene gjør kloke valg for sine barn og sine familier», seier likestillingsminister Horne. Sanninga er sannsynlegvis at barnefamiliar gjer val basert på økonomi. Det er det rasjonelle. Difor fører kutt i fedrekvota neppe til framsteg for nokon som helst.

Publisert
BT anbefaler

Fire ting du må vite om superstjernen som skal spille for 23.000 mennesker i Bergen

Artisten fra Dallas har vært en av de mest markante stemmene i den internasjonale popmusikken de siste ti årene.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. «Bergensernes jubel vippet ham nesten av pinnen»

  2. Brann på Hop i natt – 12 personer evakuert

  3. «Sverige skal få bli med i Nato, men det koster»

  4. Foreslår «blå bybane» mellom Laksevåg og Nøstet

  5. Ber om innspill fra syklende bergensere

  6. Fikk melding om smell - politiet rykket ut med store styrker