Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

EU er skaka.Eurosona er i djup krise. Det blir skrive minneord om euroen i Der Spiegel, for at også tyskarane skal forstå alvoret. EU-landet Hellas går truleg konkurs i alle fall. Andre EU-land står på kanten av stupet. Generalsekretæren i den norske Europabevegelsen har sagt takk for seg. Kan det verta verre?

Ja. Midt i det europeiske kaoset kjem den 82-årige Hans Magnus Enzensberger – tysk forfattar og samfunnsdebattant – med boka Det myke monsteret Brussel eller umyndiggjøringen av Europa. Mannen prøver å visa oss EU-prosjektet i form av eit monster som – rett nok med mjuke metodar – umyndiggjer borgarane sine. Han lukkast. Det norske Nei til EU ville aldri makta å koma opp med så mange slåande argument mot Brussel-styret. Med all respekt, her blir Heming Olaussen smågut. Enzensbergers brutale åtak kan oppfattast som vondsinna, og blir det nok også, i somme krinsar. Ikkje minst fordi tidspunktet for publiseringa kan seiast å vera så infamt upassande.

Les også

[No available link text]

Boka opnarsnilt med eit kapittal Enzensberger kallar Ros og lovprisning. Der er det fredsprosjektet EU som blir heist til topps i flaggstanga, og ein menneskealder utan krig i Europa er ikkje noko å kimsa av. I tillegg er den tyske essaysisten såpass gammal at han hugsar kor strevsamt det var å ta seg fram i eit Europa prega av strenge grenser og ein mangfaldig valuta. «Uten en langvarig byråkratisk kamp var ikke en utenlandsreise tenkelig». No er det annleis. Dette er velgjerningar som har gjort inntrykk, også på Hans Magnus Enzensberger.

Lovprisinga får fire sider. Dei resterande 65 er ei intelligent og relativt elevert utlevering av det udemokratiske EU-prosjektet, som av gode grunnar aldri har gjort forsøk på å skaffa seg «en demokratisk offentlighet som kunne fortjene dette navnet». Til gjengjeld held unionen seg med eit omfattande og høgt kvalifisert byråkrati av lojale medarbeidarar, som har det så godt – og er såpass bra lønna – at dei til slutt må sendast i retur frå Brussel med våpenmakt. Om dei tel 15.000 eller 40.000 blir eit definisjonsspørsmål. EUs eigen revisjonsrapport legg til grunn at EU-byråkratiet kostar seks prosent av det samla budsjettet, og då blir prisen 8,2 milliardar euro om året.

Det er trulegtil å leva med. Verre blir det når Enzensberger går djevelsk i detalj om kva desse byråkratane fyller arbeidsdagen med. Agurkforordninga 1677/88 er vida kjend, der krumminga på agurken skulle halda europeisk standard. Det er likevel av det meir uskuldige slaget. Det same gjeld minimumsstorleik på kondomar. Men i Europaparlamentets og Rådets forordning 244/2009, til gjennomføring av retningsline 2005/32/EG, handlar det om utforminga av hushaldningslampar med ukonsentrert lys. På fjorten fullskrivne sider føreskriv forordninga korleis europearane skal opplysa sine private rom. Enzensberger spør kva dette er. Er det dumskap? Er det sjikane? Eller er dei berre samvitsfulle politikarar og byråkratar som vil det beste for alle?

Les også

[No available link text]

Vi let det stå ope. Men gleda i Brussel skal ha vore stor då ei bayersk delstatsregjering føreslo ei normering av alle traktorsete på heile kontinentet. Det var ei oppgåve Brussel-byråkratiet verdig.

Strukturane i EU-systemeter ei soge for seg. Dei tallause akronyma av slaget FAC, ECOFIN, JHA, COMP, ENVI, EXT, TTE og CAP er nok kvardagslege og familiære for byråkratiet og den næraste krinsen rundt, men for Enzensberger blir det uttrykk for den uendelege avstanden mellom EU-byråkratriet og den vanlege EU-borgaren.

Han har ikkje ein sjanse til å skaffa seg oversyn over – eller innsikt i – den kompliserte EU-nomenklaturen. Men han repeterer det som er allmenn kunnskap, at makta sit i Kommisjonen og Rådet, og at EU-parlamentets nyvunne makt er noko oppskrytt.

Elles blir franskmannenJean Monnet løfta opp og fram til den posisjonen han fortener. Det var Monnet meir enn Robert Schuman som la grunnlaget for Kol— og stålunionen, som seinare skulle bli Europaunionen. «Når de menn som sitter med makten, mangler ideene, aksepterer de andres ideer, på den betingelse at man overlater dem farskapet», sa Monnet, som visste kva han snakka om. Han var ingen stor demokrat, og lovpriste avgjerder fatta av eliten, utan innblanding av parlament og borgarar.

Les også

[No available link text]

Det er slik Enzensberger oppfattar Brussel og dagens EU, i eit system der det gamle maktfordelingsprinsippet for alle praktiske føremål er oppheva. Difor siterer han Robert Menasse, som har studert EU-makta inngåande, og som oppsummerer slik: «Demokratipolitisk produserer denne treenigheten av Parlament, Råd og Kommisjon altså et svart hull der det vi forstår med demokrati, forsvinner». Det demokraktiske underskotet framstår som ein kronisk og vanskeleg kurerbar mangelsjukdom.

Det er somvi forstår dyster lesnad. Verst er likevel kapitlet om korleis unionen kunne køyra seg sjølv så langt ut i grøfta økonomisk, ved konsekvent å tilsidesetja alle dei vedtekne normene i stabilitetspakta av 1997. Den slo fast at medlemslanda si samla gjeld ikkje måtte overstiga 60 prosent og ny gjeld ikkje måtte overstiga tre prosent av BNP. Italia og Belgia vart opptekne i eurosona i1999, endå om statsgjelda deira i samanlikningsåret 1997 låg på over 120 prosent av BNP.

Hans Magnus Enzensberger viser oss eit EU-prosjekt som er udemokratisk og utan økonomisk berekraft. Men i Brussel klagar dei ikkje over manglande folkestyre. Nei, seier Enzensberger – «for enhver maktbevisst utøvende myndighet er nemlig borgernes passivitet en paradisisk tilstand». Køyr debatt!

Synspunkter? Si din mening her.

kommentar.jpg ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

Olav Kobbeltveit