Denne bokhausten har eg oppdaga noko som overraska meg stort

Maria Horvei romandebuterte i haust. Det var BT-lesarane nyfikne på.

Det finst nemleg éin type forfattarar BT-lesarane verkar ganske uinteresserte i.

Publisert: Publisert:

Nyleg starta forfattar Agnar Lirhus ein interessant debatt: «Hva skal vi med litteraturkritikk hvis den er en gratis reklamekanal for forlagene», spurde han i Aftenposten.

Lirhus peika på korleis dei bestseljande forfattarane får enormt mykje merksemd i media – og meinte at dei dermed held fram med å vere bestseljarforfattarar.

Det er nokre svake punkt i kritikken hans, som at det før sommaren er «hektisk møtevirksomhet mellom kulturredaksjonene og forlagene» der «store forfatternavn skrives inn i kalenderen».

Noko slikt møte har i alle fall ikkje eg vore på. Berre tanken på at forlaga skulle ha styrt kva vi prioriterte å lage journalistikk eller kritikk om, er heilt utoleleg. At forlaga har møte med bokhandlarane, er noko anna enn at journalistikken blir styrt på denne måten.

Likevel har Lirhus eit poeng. Det er ikkje tvil om at ein del forfattarar, som Nina Lykke og Maja Lunde, får mykje merksemd. Veldig mykje merksemd. Då er det mindre plass til resten.

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.