Rentesjokket er avlyst

Gla’melding til det gjeldstyngde norske folket: Verda går dårleg.

RENTEMANNEN: Sentralbanksjef Øystein Olsen heva fredag styringsrenta med 0,25 prosent, men justerte samstundes ned toppen på rentebanen. Roald, Berit / NTB Scanpix

Fredag sette Noregs Bank opp styringsrenta til ein prosent. Storbankane har varsla at dei vil auke utlånsrentene tilsvarande, altså med 0,25 prosent.

For bustadeigarar og andre gjeldsslavar er det store spørsmålet kor mykje rentene no vil auke framover. Noregs Bank signaliserer at dei vil auke renta igjen i juni. Enkelte analytikarar trur på nok eit hopp i desember.

Men så vil det roe seg. I desember trudde Noregs Bank at styringsrenta ville bli to prosent i 2022. No har dei justert det ned til 1,75 prosent. I så fall vil bustadlånsrentene ende på rundt 3,5 prosent, eit prosentpoeng over dagens historisk låge rente. Kanskje blir det ikkje så høgt ein gong.

HANDELSKRIG: Utviklinga i verdsøkonomien, og dermed norske lånerenter, er sterkt avhengig av dei pågåande forhandlingane mellom USA og Kina. Kevin Lamarque / X00157

Årsaka til det er at den økonomiske oppgangen og dermed renteoppgangen i verda rundt oss er i ferd med å bli avlyst. I førre veke signaliserte den amerikanske sentralbanken at dei likevel ikkje vil setje opp renta framover. Det vil heller ikkje skje i EU, der sentralbanken nyleg justerte ned prognosane for økonomisk vekst i år til 1,1 prosent.

Dette vil smitte over på Noreg. Allereie flyktar investorar frå aksjemarknaden til risikofrie statsobligasjonar, noko som pressar ned rentene. Sist fredag, same dag som Noregs Bank sette opp renta, fall renta på amerikanske statsobligasjonar med ti års løpetid under renta for statsobligasjonar med tre månaders løpetid, for første gong sidan 2007.

Dei siste 50 åra har dette vore eit sikkert varsel om at ei ny økonomisk nedgangstid er i vente. Men aldri så vondt at det ikkje er godt for noko: Fallet i dei lange rentene, som ein òg ser i resten av verda, betyr òg at tida med billige pengar ikkje er over.

Men for den som skal spå renter må ein ta med at Noreg framleis er eit annleisland. Vi er eit av få vestlege land som aukar rentene. Årsaka er ein særnorsk investeringsboom i oljesektoren, som pressar veksten og inflasjonen opp. Samstundes har vi låg arbeidsløyse og svak kronekurs. Alle desse tinga talar for auka rente.

Det skulle ein ikkje tru om ein ser på fastrente-tilboda frå norske bankar. Ifølgje Forbrukarrådets finansportal kan du få fastrentelån med tre års bindingstid til rundt 2,6 prosent. Bankane veddar med andre ord mot Norges Banks prognose, så det held.

Akkurat dette tilbodet skal det mykje til å kome dårleg ut av. Mesteparten av investeringane i oljesektoren framover er bundne opp i prosjekt som ikkje kan endrast. Så sjølv om det skulle kome ei krise som dreg ned verdsøkonomien, og dermed oljeprisen, vil investeringane neppe gå særleg ned dei nærmaste to–tre åra.

Les også

300 «gratis» kredittkort tilbys i Norge: – Rentene gjør at lånet fordobles på tre år

Likevel er det ikkje usannsynleg at Noregs Bank droppar eit rentehopp eller to. Oljeinvesteringar til trass, norsk økonomi vil bli råka viss oppbremsinga i verdsøkonomien held fram. Om det skjer kviler i stor grad på Donald Trump og USA, og deira handelskrig mot Kina.

Før Trump i fjor innførte toll på varer frå Kina og andre land, låg både økonomien i USA og verda an til ein markant oppgang i 2019. Det har snudd, og det er liten tvil om at handelskrigen er hovudårsaka.

Den største floken er tilhøvet mellom USA og Kina. I USA er det blitt stadig meir støtte, òg blant Demokratane, for ein meir haukete politikk mot Kina. For mange handlar ikkje dette lenger berre om betre vilkår for handel, men om å stogge Kinas økonomiske, teknologiske og militære vekst. Viss den linja dominerer forhandlingane kan handelskrigen bli langvarig.

På den andre sida er det presidentval i USA i 2020. Den økonomiske veksten i USA er allereie på veg ned. Dei låge rentene på statsobligasjonar er teikn på at aksjemarknaden ventar ytterlegare nedgang.

Viss det slår inn i økonomien og folks kvardag vil det leggje press på Trump-administrasjonen. Sjølv utan at det skjer, vil ein nedgang på børsen og i vekststatistikken bety mykje for Trump, som ofte har brukt børs og veksttal som målestokk for eigen suksess.

Trump har allereie brukt opp eit verkemiddel for å skape ein kortsiktig vekst i økonomien: Skattelette. Presidenten kan få fart på økonomien ved å auke dei offentlege investeringane, men problemet er at staten allereie går med stort underskot, noko skattelettene forsterka.

Sentralbanken har litt å gå på, ved å setje ned styringsrenta. Likevel spørst det om det vil vere nok. Handelskrigen byrjar allereie å få følgjer òg for amerikansk økonomi, sjølv om amerikanske forbrukarar ikkje har merka så mykje av det til no.

Korleis dette vil ende, er det ingen som veit. Trumps vegar er uransaklege. I mellomtida kan norske bustadeigarar puste litt lettare. Her i landet ser det ut som den jamne nordmann har trekt vinnarloddet nok ein gong, i alle høve så lenge det ikkje går skikkeleg skeis med verdsøkonomien.

For samstundes som renteveksten blir dempa går norsk økonomi framleis godt. Ein konsekvens er at SSB spår 3,3 prosent lønsvekst i år, og 3,5 prosent i 2020. Det vil hjelpe godt på når låneavdraga skal betalast.