Opplett

Publisert Publisert

VÅTT: Innimellom er det ikkje fullmåne og lågtrykk og stormflo. Innimellom er det tørre landet på Dreggekaien. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Asbjørn Kristoffersen
Leserne mener

All denne væta! Regn fra Luften, flo fra Bunden stangedes i samme Stunden. Fake news not. Kvifor banne? Det er ikkje ein gong rekord. Det er slik vi har det her. Men hausten kom tidleg dette året.

Innimellom er det ikkje fullmåne og lågtrykk og stormflo. Innimellom er det tørre landet på Dreggekaien. Regn fra Luften blir ikkje alltid tremånadersbyger. Innimellom er det opplett. Ein nedbørsfri pause mellom bygene. Eit vestlandsk pusterom. Eit ord som berre vestlendingar fattar djupna av. Slik har vi det her. Slik har dei det ikkje i Australia. Ikkje i Bærum heller.

Fram på vetteren stundom vi tenkte, gjev vi var i eit tørrare land. Så tenkte vi ein gong til. All denne væta, alle humpar og haugar og fjell og vidder har gjeve vestlendingar meining med livet. Det regnar, det stormflør, det blir hesja storm og kuling i mølleparkane. Ergo er vi. Av kilowatt er vi komne, til kilowatt skal vi bli. Rein, grøn, karbondisoksydfri energi til klimasyndarane er vårt livsoppdrag. Vestlandsk energi er Vårherres gåve til Erna Solberg og til EØS.

Magasina våre er så fulle at vasskraft kan bli bortimot gratis fram mot sommaren. Så seier ekspertane. Men enno renn ikkje alt vatn i røyr. Enno blir ikkje alle vindpust fanga i møllevengjer. Vi har meir å by på. Di meir uver, di fleire gigawatt og terawatt. Di fleire elbilar og batteriferjer og innandørs hoppbakkar på Austlandet. Di fleire overføringskablar frå vestlandsfjordane til kontinentet og Skotland. Når tyskarar set foten ned for fleire vindmøller, står vestlandsk natur lagleg til for hogg. Etter olja er det lågtrykka frå Island vi skal leva av.

Nokon må ta klimaansvar. Nokon må berga handelsbalansen. Og innimellom er det opplett. Innimellom er det vestland, vestland, når eg ser deg slik, med fagre fjell og fjord og tronge vik. Aldri såg eg det fagrare.

Sæle er vi vestlendingar. Vi skal ikkje leva til fånyttes.

Publisert