Det kan ikkje vara

Vår på Vestlandet skal koma i mange vender.

VÅR: Dette biletet er tatt i byrjinga av april i 2019. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

Det er vel fagre stunder, når våren kjem her nord, og atter som eit under, nytt liv av daude gror.

Vår på Vestlandet skal koma i mange vender. Stikka nasa fram, angra på overmotet, angra, men inkje læra. Alltid på hogget. Aldri gje vinteren overtaket.

Våren skal koma pø om pø, stendig meir sjølvsikker. Nett no kliner han til, no fyrer han hardare opp i Bergen enn i Barcelona.

Å nei, for himil rein og klår! Å sæle meg, no er det vår!

Det kan ikkje vara, det kan ikkje vara, det må ikkje vara. Det varer aldri. Det er for mykje av det gode, det er mot normalt. Kvar solskinsstund eg fekk mellom bakkar og berg, betalast skal med klimakrise. Og vårreingjering. Og rekordhøge straumprisar. Haust heile året.

Men sevja stig, sevja stig. Det første lauvet sprett, dei første blomar opnar seg. Uteserveringar skummar i glasa. Andlet opnar seg, smileband løyser seg. Kåper og frakkar og tre lag ull og eitt lag vindfast, vasstett allvêrsbunad går i dekning. Vinterhud og sydenhud blottar seg.

Sol ute, sol inne, sol i hjertet, sol i sinnet, sol bare sol.

Sevja stig, sevja stig. Syden i Norden, Barcelona i Bergen, latinsk i hovudet. Før påske, før brexit, før trygda. Altfor tidleg. Uforsvarleg tidleg. Rennenase. Podagra. Monstermøller. Klimakrise. Eldrebølgje. Seniorlån. Gamlingar løner seg ikkje. Lågtrykk frå Island. Nedbørsrekordar. Når skaren bér ein vaksen mann ved jonsokleite, kan du vera sikker på at det blir sein vår dét året.

Jeg ser, jeg ser, her er så underlig.

Eg trur eg er hamna i feil feriekatalog.

Den heile skapning stundar no fram mot sumarstid.