Mykje farlegare enn bompengar

Klimagassutsleppa går opp. Venstre går ned. Men kva skal Noreg med klimaparti som ikkje leverer?

Jens Kihl
Kommentator

SER MOT AVGRUNNEN: Éin ting er at det er vanskeleg for Venstre-leiar Trine Skei Grande å finne lyspunkt når ho studerer partimålingane. Det er meir alvorleg at hennar innsats i regjering førebels ikkje får ned klimagassutsleppa. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix (arkiv)

Så kom den mest råkande domen over Venstres fyrste år i regjering: Klimagassutsleppa i Noreg auka i 2018, melder SSB.

På Venstres hus har dei sikkert starta arbeidet med å finne lyspunkt i statistikken som kan forklare kva som har skjedd.

Men Trine Skei Grande og resten av partiet kan ikkje fri seg frå det faktum at dei har vore med på å lage alle statsbudsjett sidan 2014. No har dei til og med klimaministeren.

Ja, ansvaret ligg også hos statsminister Erna Solberg og Høgre. Det ligg hos KrF. Det ligg til og med hos Frp. Men det var Venstre som lova at deira innmarsj i regjeringa skulle gje kutt i klimagassutsleppa. I staden aukar dei.

Om Venstre var eit land, ville dei vore Maldivane. Båe to er i ferd med å drukne på grunn av klimaendringane.

Les også

BT meiner: Dyster norsk klimastatistikk

Førebelse tal viser at Noreg sleppte ut 0,4 prosent meir klimagassar i 2018 enn året før. Særleg er auken vesentleg frå vegtrafikken.

Grunnen er at vi bruker mindre palmeolje i drivstoffet. Det er vel og bra, men det viser at vi ikkje kan sjå oss blinde på dei høge tala for sal av elbilar, og tru at det skal ordne alt.

Verda går mot ei klimakrise, og vi er heilt i tet på å forsterke denne krisa. Med sjølverklærte klimaparti bak rattet i den suv-en som heiter Noreg.

Førre veke lyste regjeringa ut 90 nye blokker på sokkelen til oljeleiting. Det er den reelle klimapolitikken regjeringa Solberg fører.

Når det er sagt: Det store biletet er at klimagassutsleppa her til lands ligg om lag stabilt og har gjort det lenge. SV fekk dei ikkje ned då dei sat i regjering. Venstre (eller KrF og Høgre, for den del) får dei ikkje ned no. I staden får triangelet Ap, Høgre og Frp dominere.

Les også

Rajas distriktsflørt

På målingane held seg Venstre seg stabilt på totalet. No får Frp totalt dominere debatten med kravet om at bompengane skal vekk. I mellomtida sit det ein gjeng liberalarar på ulike statsrådskontor og ser bymiljøavtalar og annan klimapolitikk gå i oppløysing.

Sjølv om klimaminister Ola Elvestuen (V) til NRK har gjort det klart at regjeringas bompengepolitikk frå januar framleis må gjelde i juni, forstår alle at den politikken i realiteten er daud.

Onsdag trommar Frp saman til eit ekstraordinært krisemøte i landsstyret. Fleire snakkar no om at partiet i fullt alvor kan gå ut av regjering.

Det er i så fall å stille ultimatum mot sin eigen politikk, som Minerva-redaktør Nils August Andresen formulerte det i helga. Frp gjekk til val på å få opp dampen i samferdsleutbygginga. Det har dei fått til.

Så viste det seg at ein må betale for all asfalten og alt det andre. Sist veke røysta Frp for ti nye bompengemilliardar i Stortinget, skriv NRK. No er Frp-nestleiar og Os-ordførar Terje Søviknes «glad for opprøret».

Kva skal vi eigentleg med eit fleirpartisystem når Frp kan vere sitt eige opposisjonsparti?

Les også

KrF og Venstre vil ikke vike om bompenger

Men der Frp i det minste greier å få litt fres i bompengedebatten, lir Venstre i det stille. Mange av tiltaka Venstre får gjennomslag for, får effekt på lang sikt. Men med budsjettmakt på sjette året, kan dei ikkje peike på andre for å bortforklare dei skremmande utsleppstala.

Trine Skei Grande har lova veljarane noko ho ikkje innfrir. Målingane taler eit tydeleg språk om at veljarane oppfattar at kontrakten er broten.

Venstre er ikkje åleine om å ha gode intensjonar, men ikkje få til det som trengst. På Ap-landsmøtet sa Jonas Gahr Støre dette i talen sin: «Nei, til ungane som streikar er vårt svar: Vi ser dykk. Vi forstår dykk. Vi tek utfordringa.»

Han følgde opp med å slå fast at Ap er klare for å opne nye område for oljeleiting. Støre har tidlegare fortalt til VG at han driv ein del med sveitte-yoga. Ingen yogaøvingar er like krevjande som den spagaten mellom klima og olje Støre må stå i.

Les også

Gunnar Staalesen: Gamle gubbers politikk

Støre er ikkje den fyrste Ap-leiaren som held på slik. I 2016 kom sjølvbiografien til Jens Stoltenberg. Delen om klimaforhandlingane i København i 2009 er noko av det skumlaste eg har sett på trykk.

Stoltenberg tek oss med til eit møterom der dei viktigaste landa var samla. USAs president Barack Obama kjem inn og fortel om resultatet av ein prat mellom USA, Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Resultatet er svakare enn nokon hadde håpa:

«For Maldivenes president Moohamed Nasheed ble det for mye. […] «Det du sier nå, betyr at landet mitt går under», sa han og gråt. Han fortalte at han nettopp hadde fått en datter som skulle vokse opp på Maldivene.

«Det kan hun ikke om hele landet skylles bort», sa han. Han ville avbryte arbeidet med avtalen og ta uenighetene for åpen scene i plenumssalen, men han roet seg ned etter hvert. Alle forsto at dette var det beste vi fikk til.»

Les også

BT20: – At bompengar er den viktigaste politiske saka i Noreg er litt som å spytte ungdommen i trynet

Det var sikkert behageleg for Stoltenberg at presidenten frå Maldivane slutta å grine. Men Noreg bør ha høgare ambisjonar i klimapolitikken enn å håpe at folk som er råka av klimakrisa skal roe seg.

Alt dette er dramatisk – for Noreg og for verda. Men la oss til slutt vende tilbake til Venstre, partiet som snart kan bikke under to prosent i takt med at den globale oppvarminga vil passere to grader.

Der Ap og alle dei andre partia har fleire bein å stå på, er Venstre eigentleg eit reint miljøparti. I 2017 var det berre miljø der Venstre hadde ein viss sakseigarskap. Ni prosent av veljarane meinte partiet var best på dette området (mot 23 prosent i 2013).

Trine Skei Grande vil ikkje kunne argumentere for at Venstre er eit godt miljøval dersom regjeringa hennar aukar utsleppa. Det brenn eit blått lys for det grøne partiet. Men trass i dramatikken:

Det hastar meir å berge kloden enn å berge Venstre.