Russarane kjem

Russland prøver å lokke Ukraina til å starte ein open krig om Krim-halvøya. Søndag var det nære på.

SPERRA HAVET: Eit russisk tankskip, støtta av marinefartøy og jagarfly, sperra søndag tilgangen til Azovhavet, utanfor den ukrainske kysten. NTB Scanpix

Scenene utanfor Krim-halvøya likna på ein krig. Den russiske marinen skaut mot ukrainske skip, som til slutt vart kapra. Eit russisk militærskip krasja inn i ein ukrainsk taubåt.

Tungt væpna jagarfly flaug lågt over sundet. Eit russisk tankskip blokkerte den tronge skipsleia mellom Svartehavet og Azovhavet – titals skip låg i kø på kvar side.

Den russiske framferda var ei krigshandling. Søndag kveld bad difor Ukrainas president, Petro Porosjenko, parlamentet om å innføre unntakstilstand.

Alternativet var å erklære krig på Russland.

Blokaden er ein del av ei langvarig russisk krigføring mot Ukraina.

I 2014 annekterte Russland den ukrainske Krim-halvøya etter ein ulovleg folkeavstemming. Annekteringa var eit klart brot på internasjonal lov, og er ikkje anerkjent av verdssamfunnet.

Sjøområdet rundt Krim-halvøya og Kertsjsundet er difor ukrainsk farvatn. Russland hevdar på si side at dei eig sundet.

Russland har i realiteten vore i krig med Ukraina sidan 2014. I tillegg til Krim-halvøya okkuperer russiske styrkar område i søraustlege Ukraina.

Les også

Russland skjøt mot ukrainske marinefartøy. Solberg er bekymret.

Russland satsar på at verdssamfunnet, og spesielt USA, til slutt gir opp og berre aksepterer den russiske aggresjonen. President Trump har ved fleire høve opna opp for å anerkjenne Krim-halvøya som russisk.

Eitt av argumenta Trump har brukt, er at Russland «har brukt mykje pengar på å byggje opp igjen» Krim-halvøya. Delar av pengebruken er altså brua over sundet, som opna i mai i år. Den gjer det svært lett for Russland å blokkere all skipstrafikk inn og ut av Azovhavet.

Styresmaktene i Moskva har det rett og slett for lett i møte med ein historisk russisk-venleg amerikansk president.

Les også

Russiske bombefly fløy helt sør til Bergen under NATOs storøvelse. Ble møtt av norske jagerfly.

Dersom USA anerkjenner Krim som russisk territorium, vil det vere katastrofalt for alle land som Russland kan finne på å invadere. For den russiske aggresjonen føyer seg inn i eit mønster, som kan bli gjentatt i Estland, Latvia og Litauen. Eller Noreg, for den saks skuld.

I 2008 invaderte russiske styrkar Georgia. I løpet av fem dagar la Russland grunnlaget for ein okkupasjon av provinsane Abkhasia og Sør-Ossetia, som framleis held på. Det internasjonale samfunnet var lamma. Krigen hindra EU i å byggje eit gassrøyr frå Aserbajdsjan, via Tyrkia og til Austerrike.

I tillegg vart alle planar om eit georgisk Nato-medlemskap øydelagt. Ukraina arbeider framleis for å bli med i Nato, men det er vanskeleg å sjå korleis det skal vere mogeleg så lenge russiske troppar okkuperer delar av landet deira.

VIL HA UNNTAKSTILSTAND: Ukrainas president Petro Porosjenko bad om unntakstilstand under møtet i Det nasjonale tryggingsrådet. Kravet kom etter at Russland sperra sundet mellom Svartehavet og Azovhavet. Reuters

Eit Nato-medlemskap er uansett ikkje den garantien det ein gong var, så lenge Trump sit i Det kvite hus. Samtidig som krisa utspent seg i Kertsjsundet på søndag, tvitra Trump nok ein gong om korleis Europa ikkje bidreg nok til Nato.

Trump ser på alliansen som ein slags felles bankkonto, og forstår ikkje korleis solidariteten som er uttrykt i Atlanterhavspakta faktisk fungerer.

Dersom Trump ønskjer å stå opp mot Vladimir Putin og Russland, har han fleire alternativ. Michael Carpenter i den amerikanske tenkjetanken Atlantic Council foreslår sanksjonar mot minst ein russisk bank, for å straffe landet økonomisk. Årsaka er at ein slik blokade hindrar viktige delar av ukrainsk økonomi.

Carpenter foreslår òg at USA plasserer ut radarar og sjømålmissil, for å sikre fri ferdsel gjennom sundet og inn til Azovhavet. Hans kollega Anders Åslund går eitt hakk lenger, og meiner at USA bør sende inn eigne marinefartøy for å halde oppsyn med situasjonen.

Les også

Solberg: – Viktigere med amerikanske soldater på norsk jord

Alt dette vil bidra til å eskalere situasjonen, men det er ei handling som USA absolutt har lov til å gjere, i tråd med internasjonale konvensjonar.

Det er heller ingen grunn til å tru at eit handlingslamma USA vil gjere situasjonen betre. Krim-halvøya, Donbass, Abkhasia og Sør-Ossetia er framleis okkupert, og det blir sakte men sikkert verre.

Sjansen for at Trump grip inn er svært liten. Det einaste som kan føre til handling frå Trump, er at han vil vise at han ikkje er i lomma på Putin. Og då handlar det sjølvsagt om etterforskinga mot presidenten, etter at Russland påverka presidentvalet i 2016.

Måndag morgon vart Kertsjsundet opna for skipstrafikk igjen. Men Russland kan når som helst gå til nye åtak på Ukrainas suverenitet. Steg for steg overtar Russland meir og meir av styringa til det som skal vere eit fritt og uavhengig europeisk land.

Då er det trist at den einaste som kan stoppe det, er mest opptatt av å kjefte på alle andre. Og dersom han vel å gripe inn, kan det bli ei forhasta og impulsiv handling, der han er mest oppteken av å redde sitt eige ansikt.