Staten bør halde fingrane unna oppdrettsskatten

Ein ny lakseskatt bør kome kommunane til gode.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

LOKAL HELT: Gerhard Alsaker, her heime på Tysnes i 2014, er forbanna på regjeringa som vurderar å påleggje oppdrettsnæringa ein grunnrenteskatt. Det har han liten grunn til, i alle høve viss pengane går til kommunane og ikkje i statskassa, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. EIRIK BREKKE

Oppdrettsmilliardær Gerhard Alsaker er forbanna. Regjeringa varsla i helga at dei vil greie ut ein ny ekstraskatt på havbruk og oppdrett. «Det er til å grine av heile opplegget» seier sunnhordlendingen til Dagens Næringsliv.

Alsaker er ærleg. Ingen næringsdrivande betalar meir skatt med glede. Det er berre noko ein seier. Dessutan betalte selskapet til Alsaker, Alsaker Fjordbruk AS, 110 millionar kroner i skatt i 2016, det siste året det finst offentlege tal for.

Gjort på rette måten kan likevel ein ny ekstra oppdrettsskatt tene næringa, og gjere Alsaker til ein større lokal helt enn han allereie er.

Når den borgarlege regjeringa gjer noko så lite borgarleg som å vurdere meir skatt til næringslivet, skuldar dei på opposisjonen i Stortinget. Eit fleirtal ville ha regjeringa til å greie ut eit SV-forslag. Forslaget innebar at alle oppdrettarar skulle betale ei fast avgift pr. eksporterte kilo laks. Rett nok med mogeleg unntak for oppdrettarar som går med underskot.

Det forslaget høvla Finansdepartementet, med god grunn, ned i fjor. I staden vil altså regjeringa no greie ut ein skatt som tek omsyn til lønsemda i selskapa, ein grunnrenteskatt. Akkurat korleis den blir veit ein ikkje, det er jo det som skal utgreiast. Målet er å innføre skatten frå 2020.

Les også

Hans K. Mjelva: Fisk i fjøset

Oppdrettarane har sjølvsagt byrja kampen mot skatten. Etter nyheita kom stupte aksjeverdien til oppdrettsselskapa på Oslo Børs måndag med ti milliardar kroner, ifølgje DN.

Men næringa har ingen grunn til å sutre. Dei konsesjonane som gjev dei store inntekter i dag har næringa fått gratis eller svært rimeleg. Lenge var det fornuftig. Det tok mange år med prøving, feiling og magre resultat å skape dagens milliardnæring.

Næringa er no moden. Risikoen er redusert. Då er det rett og rimeleg at næringa byrjar å betale for den privilegerte tilgangen til sjøareal som konsesjonssystemet eigentleg er.

Konsesjonar er meint å verne mot miljøkonsekvensane av overetablering. Men systemet skjermar òg oppdrettarane mot konkurranse, og er såleis med på å drive prisane opp. Fjordane er eigd av fellesskapet. Det er då rimeleg at fellesskapet får noko att.

I staden for å kjempe mot skatten, bør næringa leggje energien i at mest mogeleg av inntektene hamnar i vertskommunane. Det er slik Alsaker kan auke heltestatusen. Den mest nærliggande løysinga er å kopiere fordelingsnøkkelen som ligg til grunn for tildeling av nye konsesjonar: 80 prosent av inntektene går til kommunane, resten til staten.

Slikt likar ikkje byråkratane i Finansdepartementet. I deira gjennomgang av SV sitt forslag argumenterer departementet sterkt mot at vertskommunane skal få inntektene av ein oppdrettsskatt. Skatt bør gå til staten, og så fordelast gjennom statsbudsjettet.

Her bør altså næringa setje inn støyten. Viss det blir ein skatt, noko det no er all grunn til å tru, er det langt betre for næringa at pengane går til lokalsamfunna. Det vil skape godvilje i kommunane, og gjere dei langt meir viljuge til å regulere fjordane til oppdrett. At dette skjer på ein miljømessig berekraftig måte må sikrast av styresmaktene som deler ut konsesjonane.

Når inntektene kjem lokalsamfunn til gode vil det òg kunne betre omdøme til næringa, noko mellom andre PR-veteran Hans Geelmuyden har argumentert for.

Hovudproblemet med å auke kostnadene ved sjøbasert opprett, i alle fall på sikt, er at det vil kunne skunde på flyttinga av næringa på land. Den teknologiske utviklinga i den retninga går allereie fort, og her er det mykje pengar å tene.

Den dagen ein kan produsere like rimeleg og god laks på land som i sjø har Noreg mista sitt viktigaste konkurransefortrinn. Då vil mykje av produksjonen kunne bli flytta til andre land, nærmare konsumentane.

Men neppe alt. Mange forbrukarar vil kunne føretrekkje laks frå ein norsk fjord, framfor eit industriområde i Tyskland, USA eller Kina. I alle fall viss den har ein kvalitet og eit omdøme som forsvarar prisen.

Uansett: Grunnrenteskatt betyr ikkje undergang. Surt er det sjølvsagt. Men ikkje urimeleg.