To nasjonalistar kjempar om makta i Tyrkia

Tyrkia blir ikkje nødvendigvis meir demokratisk sjølv om Erdogan skulle tape valet.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

NASJONALIST: Recep Tayyip Erdoğan og AKP har styrt Tyrkia sidan 2002, og har knapt vore utfordra i val sidan den gong. Det kan endre seg i årets nyval, skriv Morten Myksvoll. Kayhan Ozer / TT / Scanpix

Det er få ting som overraskar lenger når det gjeld Tyrkia. Trass i at Recep Tayyip Erdoğan (AKP) har nekta for at han skulle lyse ut eit nyval, har det vore forventa at det skulle kome i 2018.

At valet kom så tidleg, er derimot overraskande. Erdoğans koalisjonspartnar, Devlet Bahçeli i det høgrenasjonalistiske partiet MHP, kravde nyval 26. august. Erdoğan svarte med å seie at det ikkje vart noko av, for så å annonsere 24. juni som valdato få dagar seinare.

No har opposisjonen to månader på å stable på plass eit mogeleg alternativ til Erdoğans langvarige styre, i landets første kombinerte parlaments- og presidentval. Det skal halde hardt.

2018 skulle vere eit slags politisk friår i Tyrkia, før 2019 kom med både lokalval, parlamentsval og presidentval. Landet har vore fanga i ein politisk storm sidan 2013, med fem val, mange terroråtak, og til og med eit kuppforsøk.

Kuppforsøket i 2016 førte til ein unntakstilstand som framleis gjeld, og i april 2017 vart det halde ei folkeavstemming om ei ny grunnlov. Ja-sida til Erdoğan vann, men fleirtalet vart knappare enn forventa. Innbyggjarane i både Istanbul og Ankara stemte nei.

Det var då rykta om eit nyval i 2018 starta.

Les også

Tyrkiske akademikere flykter fra sitt hjemland

Den vanlege logikken når det gjeld nyval, er at den sitjande regjeringa meiner at dei vil kome styrkja ut av valet. Når ein kan bestemme valdatoen sjølv, vert den sett for å maksimere sjansen til å vinne.

Det seier noko om kva Erdoğan meiner om sjansane sine til neste år. Den tyrkiske intervensjonen mot kurdiske militsar i Syria er populær i dag. Det er ikkje gitt at den er det om eit års tid.

Ein viktig årsak til at Erdoğans AK Parti har gjort det så godt sidan dei vann sitt første val i 2002, er at økonomien har gått godt i Tyrkia. Millionar av menneske har fått betre levekår. No går det dårlegare med økonomien, og ein grunn til å kalle inn til nyval er at det kanskje går endå verre til neste år.

Erdoğan har kompensert ein del for dette, ved å finne eit anna bein å stå på. Han er blitt ein nasjonalist.

Eit nytt parti på høgresida kan vere det næraste Erdoğan får ei utfordring i dette valet. Partia til venstre for Erdoğans AKP har ikkje vore i nærleiken av å truge fleirtalet hans. Tyrkia har, med få og kortvarige unntak, blitt styrt av høgreparti (eller militæret) sidan valet i 1950.

I fjor haust, skipa Meral Akşener (İYİ) eit nytt parti. Ho stiller som president på ein nasjonalistisk plattform. Ho kan utfordre Erdoğan frå høgre, spesielt viss ho får med seg det religiøst konservative minipartiet Saadet.

Denne mogelege alliansen vil få ein profil som liknar veldig på dagens regjeringsparti, og Akşener har ein profil som liknar på Erdoğans. Religiøst konservative veljarar får dermed eit reelt val denne gongen. Tidlegare har denne veljargruppa berre hatt Erdoğan å gå til.

Les også

BTs leiar: Noregs tyrkiske blunder

Dei som ønskjer seg eit meir demokratisk Tyrkia bør ikkje ha nokre illusjonar når det gjeld Akşener. Er det ein ting Tyrkia ikkje har godt av, så er det ein kamp mellom to nasjonalistiske kandidatar. Det kan berre bidra til å polarisere samfunnet endå meir, og gjere livet vanskelegare for dei store minoritetane i landet.

Det er heller ingen grunn til å tru at ho skal reversere den maktkonsentrasjonen som har skjedd dei siste åra, viss ho skulle hamne i presidentpalasset.

Sjansen for det er derimot liten. Viss Erdoğan ikkje vinn presidentvalet i første valomgang, kan Akşener kanskje få støtte frå venstresida òg. Men det er mange snubletrådar som står i vegen for ein slik allianse.

NASJONALIST: Meral Akşener og hennar İYİ-parti kan bli den hardast utfordringa mot Erdoğans langvarige styre i Tyrkia, skriv Morten Myksvoll. TT NYHETSBYRÅN

Akşener må skaffe 100.000 signaturar for å kunne stille som presidentkandidat. Den tidlege valdatoen gjorde det først uklart om partiet hennar kunne stille til val i det heile.

Partiet hennar vart skipa i desember 2017, og ifølgje den tyrkiske vallova må eit parti ha halde landsmøte minst seks månader før dei kan stille til val. No har det blitt avklart at partiet kan stille til val.

Viss valdatoen hadde blitt valt for å hindre İYİ og Akşener å stille til val, så hadde det vore alvorleg for valets integritet og legitimitet.

Den korte tidsfristen gjer likevel at valkampen vert amputert. Tyrkarane skal gå til valurnene ei dryg veke etter at fastemånaden Ramadan er over. Internasjonale valobservatørar har òg liten tid til å førebu seg på oppdraget.

Tyrkia har ein nesten 70 år lang historie med frie val, men dei har blitt mindre rettferdige dei siste åra. Og i grunnlovsavrøystinga i 2017, vart reglane for stemmesetlar endra i løpet av valdagen, slik at stemmesetlar som ikkje var stempla kunne teljast.

Fjorårets folkeavstemming vart halden under unntakstilstand, og det kjem parlaments- og presidentvalet til å bli òg.

Ein valsiger i juni gir sigerherren tilgang til dei utvida fullmaktene som den nye grunnlova kjem med. Statsministerposten vert avvikla, og den utøvande makta blir samla hjå presidenten. Ein siger til Erdoğan er definitivt det mest sannsynlege.

Erdoğan har vore flink til å bruke demokratiske verkemiddel til å gjere demokratiet mindre, og auke si eiga makt. Dette hastevalet viser at han ikkje er framand for å ta nokre snarvegar for å få det slik han vil.

Publisert: