Ikkje denne gongen heller

Publisert Publisert

REGJERINGA: Ingen av oss gamlingar fekk telefon frå Erna. Som vanleg. Vi er vane med å bli diskriminerte, skriv Asbjørn Kristoffersen. Foto: Fredrik Varfjell, NTB Scanpix

  • Asbjørn Kristoffersen
  1. Leserne mener

Erna ringde meg ikkje. Ikkje denne gongen heller. Ingen av oss gamlingar fekk telefon frå Erna. Som vanleg. Vi er vane med å bli diskriminerte. Det finst fleire gamlingar her i landet enn det finst innvandrarar. I publikasjonane til Statistisk sentralbyrå slår vi trønderar og venstrefolk på flat mark. Men i regjeringane til Erna er det aldri plass til oss.

Eg har for lengst gjeve opp tanken om å bli frakta av strigla regjeringssjåfør i svart limousine til slottet i Oslo for å fotograferast med famnen full av blomebukettar. No når alle dei gamle tantene mine er døde, er det ikkje lenger same stasen å bli oppskrytt på slektstreffa. For min eigen del ville det passa best å bli rådgjevar, aller helst som øyrekviskrar for sjølvaste Erna, men heilt greitt for ein av statsrådane hennar. Men på vegner av heile hopen av gamlingar, kan det ikkje vera på tale å nøya seg med mindre enn ein statsråd som hugsar mangelen på bananar i dei første etterkrigsåra. Erna har null. Erna driv aldersdiskriminering.

Endå verre står det til i byregjeringa til Roger Valhammer. Der i garden finst det ikkje ein einaste byråd som er fødd på ein tinntallerk i Marken. Enn seia nokon som nokosinne har vore på striledans på Sotra. Roger-en driv aldersdiskriminering mot alle over 45 år, han. Det blandar er meg ikkje inn i. Eg har nok med diskrimineringa av folk med meir solid livsrøynsle. Vi som aldri smakte bananar i barndommen, vi som veit når Ålesund brann.

Får vi ikkje politisk makt på anna vis, må vi forlanga kvoteordning, til liks med damer i mindre framskriden alder og andre diskriminerte grupper. Erna og Roger-en treng berre kasta itt øge på statistikken for å forstå kva dei risikerer om dei ikkje belitar seg. Vi er eldrebølgja, vi brukar røystesetlane, vi veit kva vi vil ha. Vi skal ikkje vera urimelege. Yngre folk må få sleppa til, dei òg. Tre statsrådar over sytti i regjeringskabinettet i Oslo kunne vore greitt nok. Men i Bergen burde nok heile kabinettet vore over åtti.

Publisert