Femti og ferdig

Publisert: Publisert:

NØGD: I takt med at kreftene svinn, blir gamlingane berre meir og meir velnøgde med livet, skriv Asbjørn Kristoffersen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix (illustrasjonsfoto)

Asbjørn Kristoffersen

Ingen er så misnøgd med livet som den gjennomsnittlege omkring-femtiåringen. Dei plaskar rundt på botn i den U-kurva som internasjonale forskarar brukar for å illustrera kor lukkelege vi er. Nordmenn som svenskar, kinesarar som amerikanarar, kvinner som menn, ingen gjennomsnittsmenneske i aldersgruppa frå førtifem til femtifem er sparte for mismotet. Dei kan berre klamra seg til utsiktene til at livslukka stig med alderen. U-kurva bikkar ikkje nedover før langt opp i åttiåra. Kjusa gamlingane!

Aller lukkelegast er folk i alderen tjue til tjuefem år, har forskarane funne ut. Forklaringa skal vera at gjennomsnittsungdommane meiner at framtida ligg open og forlokkande framføre dei, at utvegane er uendelege. Så feil kan dei ta. Utover i tjueåra ber det bratt utforbakke. Di eldre dei blir, di meir resignerte blir dei. Jobbambisjonar og kjøpe-kjøpe-ambisjonar stangar i taket. Utsjånad og vitalitet går den vegen høna sparkar. Halvvaksne barn lagar trøbbel. Femti og ferdig. Stakkars gjennomsnittsfolk.

Dei som ikkje let seg knekka, kan sjå fram til ei stigande lukkekurve. I takt med at kreftene svinn, blir gamlingane berre meir og meir velnøgde med livet. Midtlivets resignasjon blir erstatta med alderdommens realisme. Når dei fattar at tida dei har att å leva blir stendig kortare, innser dei visst at dei ikkje lenger treng gjera seg så mykje sut for kva framtida måtte ha å by på. Først når gjennomsnitts-skrøpelegdomen tek overhand, eit stykke ut i åttiåra flatar velnøyekurva ut. Men for dei aller mest seigliva, stig ho mot tjueårings-høgdene. Ta den, du, din femtiåring!

Ikkje desto mindre har alderdommen dårleg ord på seg. Det tyske nyhendemagasinet Der Spiegel nøyer seg ikkje med lukkekurva, det skildrar også korleis søket etter ungdomskjelda er intensivert av dagens forskarar. Livsuret er alt snudd for skapningar som fisk og mus, no står visst menneske for tur. Femti og ferdig? 130 og enno ikkje ferdig? Stakkars folk.

Publisert: