Victor Norman skal leie regjeringas distriktsutval

– Hadde regjeringa ønska å demme opp for distriktsopprøret, ville dei oppnemnd oss før valet.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

LØYSINGAR: – Nokon av oss er glade for at vi ikkje bur i Oslo, seier Victor Norman, som no skal leie regjeringas distriktsutval. Rune Sævig

I dag, fredag, sette regjeringa ned eit nytt distriktsutval. Utvalet skal greie ut kva konsekvensar eldrebølgja får for distrikta, og foreslå løysingar som sikrar både tenester og næringslivsvekst. Leiar for utvalet blir tidlegare Høgre-statsråd og NHH-professor Victor Norman.

– Mange vil kanskje tenkje utvalet berre er eit forsøk på å demme opp for distriktsopprøret mot regjeringa?

– Det kan vere, men utgangspunktet er at mange kommunar slit med ei forgubbing som er ganske skremmande. Og viss det var slik at regjeringa ville drive partipolitikk, hadde dei nok oppnemnd oss før valet, seier Norman.

– Kva skal de eigentleg finne ut av?

– Det veit eg ikkje. Men eg veit kva utgangspunktet er: Vi har ei eldrebølgje, som min generasjon er ein del av, som blir sterkare og sterkare i tiåra framover. Den vil bli spesielt utfordrande for distrikts-Noreg, og den kjem etter ein periode med stor utvandring av unge frå distrikta til byane.

– Det reiser ei rekke problem: Det enklaste er kven som skal stelle for dei gamle på bygdene? Men det går på mykje meir enn det: Korleis kan vi halde liv i eit variert distrikts-Noreg med ei sterkt aldrande befolkning? Skal distrikta vere attraktive, må det vere andre jobbar der enn det å pleie.

– Skal de reise rundt og snakke med folk?

– Først og fremst er dette eit fagleg utval. Vi skal først dokumentere kva vi veit om den demografiske utviklinga, kva som vil skje viss vi let skuta sigle sin eigen sjø. Og så kva vi kan gjere med det. I det arbeidet vil vi nok snakke med folk som bur nærmare problemet enn oss som bur i Bergen og Oslo.

– Urbaniseringa, altså at stadig fleire flyttar inn til byane, er vel ikkje lett å gjere noko med?

– Nei, men vi kan ha både store og små urbanitetar. Urbanisering betyr ikkje at alle skal flytte til dei største byane. Noko av utfordringa kan vere å skape spanande urbane samfunn lokalt.

– At distrikta er i ferd med å bli forgubba er godt kjent frå SSB sine framskrivingar. Har du ambisjonar om å reversere utviklinga?

– Eg veit ikkje kvar vi vil hamne, men bak dette ligg det ei tru på at det er mogeleg, om ikkje å snu utviklinga, så i alle fall å skape spanande distrikt som ikkje nødvendigvis ser ut som distrikta gjorde tradisjonelt.

– Kva betyr det?

– Målet er variert busetjing og busetjing i heile landet. Ein kan ikkje oppheve tyngdelova. Men når nesten alle unge har høgare utdanning, og den dei er saman med òg har det, må dei bu ein stad der begge kan bruke utdanninga. Og det krev ei kritisk masse.

– Korleis skal det skje?

– Du kan til dømes ta den veldige satsinga på veg og infrastruktur dei siste åra. Den har jo delvis hatt som mål at det skal vere mogeleg å vere del av eit større urbant samfunn, sjølv om du ikkje bur i Oslo eller Bergen.

– Det er ei underliggande tru i Noreg at vi kan ha variert og spreidd busetnad, og spørsmålet er korleis vi kan foreine det med folks ønske om å ha eit moderne liv. Så dette handlar delvis om korleis du skal få distrikta til å fungere med ein høg gjennomsnittsalder, men òg korleis vi kan klare å få nok folk til å ha lyst til å bu utanfor dei største byane.

– Men mange i byane, ikkje minst i Oslo, forstår ikkje poenget med at det absolutt skal bu folk over heile landet?

– Vel, nokon av oss er glade for at vi ikkje bur i Oslo. Det er ikkje kjedeleg å bu andre stader enn i Oslo. Tvert om. Men vi treng fleire «Bergen» og fleire småstader rundt «bergenane». Noreg har ein veldig sterk, gammal bykultur langs kysten. Så har vi fått mange nye byar dei siste 50 åra. Mykje handlar om å knyte desse betre saman slik at det blir mogeleg å bu spreidd og samstundes ha eit urbant liv.

– Og viss det berre blir dei gamle og pleiarane deira att i bygdene så ...?

– Då blir det ikkje spanande stader. Men for å få til desse urbane sentra må òg staten bli flinkare til å plassere spanande jobbar andre stader enn i dei største byane. Vi skal vere glad for at likningskontoret er borte – det forsvann med sjølvmeldinga. Men framover skal svært mykje digitaliserast, og dei digitale jobbane kan plasserast kor som helst i landet. Slike jobbar betyr svært mykje på mindre stader.

– Men du veit vel betre enn nokon kor vanskeleg det er å flytte statlege arbeidsplassar ut frå Oslo?

– Ja, men dette handlar om nye arbeidsplassar. Dei bør det vere enkelt å plassere andre stader.