Ei lydigare vaktbikkje

Pressa skal få nye spelereglar. Det kan godt tenkjast at det er du som blir taparen.

Publisert Publisert

I januar 2018 møtte partisekretær Kjersti Stenseng og partileiar Jonas Gahr Støre pressa for å fortelje om prosessen der Arbeidarpartiets leiing ikkje lenger hadde tillit til Trond Giske som nestleiar. Foto: Olav Olsen, Aftenposten (arkiv)

  1. Leserne mener

Vi kjem aldri til å bli ferdige med bølgjene av metoo-kampanjen i norsk presse. På godt og vondt har den endra oss.

Ein stor rapport om korleis vi journalistar handterer kjeldene våre er no ute på høyring. Til hausten kan det bli vesentlege endringar i Ver varsam-plakaten, som er dei spelereglane vi journalistar må følgje.

Mitt inntrykk er at nokre av endringane går for langt. I sin iver etter å rydde opp i ein bransje som tidvis har eit litt lurvete rykte, kan vi ende opp med reglar som gjer oss dårlegare rusta til å handtere nokre av dei aller viktigaste kjeldene: Varslarane.

For å ta bakteppet først, i fall du har budd under ein stein og uttrykk som «Bar Vulkan», «dansevideo» og «så ble det litt mye» verkar framande for deg.

Februar 2019: Ein video av Trond Giske og Sofie Bakkemyr på Bar Vulkan blei spreidd som eld i tørt gras. VG laga eit intervju som gav inntrykk av at dette er endå ei metoo-sak med Giske.

Les også

Kvinne, vern din kropp!

Ganske raskt etter hadde NRK ei heilt anna sak om den same hendinga. Merksemda frå Trond Giske var ikkje uønskt. Nokre veker etter stilte Bakkemyr opp i TV 2. Der sa ho at nøkkelsitatet i VG-saka, «det ble litt mye», aldri kom frå henne.

Så kom VGs granskingsrapport, som meinte Bakkemyr hadde rett og VG feil. Både den og sjølve Bar Vulkan-saka blei felt i Pressens faglege utval (PFU).

I etterkant av alt dette sette Norsk Presseforbund ned eit utval som skulle sjå på korleis vi journalistar eigentleg opererer i møte med kjeldene våre.

Det blei til rapporten «Sa hun virkelig det?» som kom i oktober 2019, som inneheld ei rekkje endringsframlegg til Ver varsam-plakaten.

Mange av endringane er etter mitt syn av det gode slaget. Men får utvalet viljen sin, får punkt 3.1 i plakaten eit tillegg:

«Personkarakteristikker og udokumenterbare påstander bør ikke fremsettes anonymt.»

Det er lett å tenkje at dette er gode endringar. Kvifor skal folk få lov til å prate stygt om andre utan å måtte bere kostnaden med å måtte stå fram? Eg trur likevel det er viktig å skilje mellom vanlege kjelder og varslarane her.

Les også

Podkast: BT-kommentator kom rett frå karantene til innspeling

For vi treng ikkje la anonyme Venstre-medlemer få snakke stygt om partileiinga utan å stå fram. Dei treng som regel heller ikkje eit særskilt vern.

Får dette gjennomslag, er det berre å seie takk og farvel til varslarane. Anten må du kunne dokumentere det du varslar om eller stå fram med namn og bilete, elles må saka di ligge. Det er ei dårleg utvikling.

I Giske-saka stod to av varslarane fram. Det var bra for saka, fordi det gav ein opnare og betre debatt. Det er likevel ikkje slik at ein kan vente det i alle saker. På ein arbeidsplass vil ein varslar truleg frykte for å miste jobben sin, til dømes.

Fleire erfarne pressefolk, som Khrono-redaktør Tove Lie og Dagsavisen-kommentator Hege Ulstein, har peika på at denne endringa kan gje færre metoo-saker. Eg trur dei har rett.

Men eit like stort problem med kjeldeutvalets rapport er det dei ikkje skriv om, nemleg redaktøransvaret.

Når eg har skrive denne teksten, les sjefen min gjennom. Det er sikkert fint for henne, men det er to andre grupper det er viktigare for: dei eg skriv om og du som skal lese dette.

Les også

Podkast: – Eg vil heller sjå kloden koke enn å melde meg inn i den Facebook-gruppa der

Dei som er omtalt i teksten, anten fordi dei er direkte kjelder eller fordi eg skriv om dei, har sjølvsagt krav på å bli representert på ein rettferdig måte. Du som lesar skal kunne stole på det som står i avisa.

Men kva om eg har ein dårleg dag på jobben eller synst at den eine parten i sak eg skriv om er heilt idiot? Det er der redaktøren skal kome inn og seie: «Jens, kanskje du skal sjå på dei formuleringane éin gong til.»

Noko av det aller viktigaste Presse-Noreg lærte frå Bar Vulkan-saka, var nok kor viktig redaktøransvaret er. I denne saka var det som om etasjane i hierarkiet kollapsa. Det mangla rett og slett nokon som kunne seie «Kor har du det frå?»

Men spørsmålet om redaktøransvaret blir ikkje teke opp i denne rapporten. Det er synd, for den debatten treng vi i redaksjonar som publiserer i høgt tempo nesten døgnet rundt.

Skal vi gjere endringar i Ver varsam-plakaten, må målet vere å gje varslarane eit betre vern.

No er vi på veg i heilt feil retning.

Publisert