Mange må gjere ting dei ikkje har lyst til. Å styre Bergen, til dømes.

Høgres Christine Meyer har lenge lege svært lågt i terrenget og håpa ingen skal tvinge henne til å prøve å bli byrådsleiar.

At det blir vanskeleg, er inga unnskylding.

Publisert: Publisert:

Ho har ikkje eit sterkt ønske om å bli byrådsleiar no.

Det er rart. For i vår hadde Christine Meyer eit veldig sterkt ønske om å bli byrådsleiar. Då kasta ho seg inn i ein nokså nådelaus maktkamp for å få bli Bergen Høgres byrådsleiarkandidat.

Men ho tenkte sjølvsagt først etter valet i 2023.

Sånn sett passa det dårleg med ein barnevernsskandale akkurat no.

Det passa dårleg at partiet hennar konkluderte med at dei ikkje lenger hadde tillit til Roger Valhammer (Ap) og hans byråd. Når ein er største opposisjonsparti fører det med seg ein del ubehagelege plikter.

Å i alle fall late som ein er klar for å ta ansvar for Bergen, til dømes.

Meyer skal ha dette: Ho er ærleg. Ingen har lyst til å styre Bergen akkurat no.

Men mange må gjere ting dei ikkje har lyst til. Særleg i bergenspolitikken.

Valhammer har måtta samarbeide med fem andre parti i bystyret dei siste tre åra. Det har ikkje vore så lett, det heller. Han har likevel gjort det.

Og no har Valhammer førebels gjort ende på sin eigen politiske karriere for at nokon andre skal halde fram å styre.

Les hele saken med abonnement