Ingen #metoo-veg ut frå Stortinget

Trakasseringsanklaga politikarar må sitje på Stortinget, om dei vil eller ikkje.

Publisert: Publisert:

KONTRAKT: Kontrakten med veljarane er personleg, og sjølv alvorlege tillitsbrot, avslørt under #metoo-knaggen, er ikkje nok til å bryte den, skriv Morten Myksvoll. Foto: Audun Braastad, Scanpix

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Tre stortingsrepresentantar har blitt skulda for seksuell trakassering i løpet av #metoo-kampanjen i vinter. Trond Giske (Ap), Kristian Tonning Riise (H) og Ulf Leirstein (Frp) har alle trekt seg frå ei rekkje partiverv, men dei vil fortsette å heve løn frå Stortinget.

Det må dei gjere i tre og eit halvt år til, anten dei vil eller ikkje.

Desse tre politikarane har gjort seg skuldig i tillitsbrot, nokre verre enn andre. Erna Solberg (H) gjekk så langt som å seie at Tonning Riise ikkje burde blitt nominert av partiet og valt til Stortinget.

Likevel får dei tre altså fortsette på Stortinget.

Grunngjevinga finn me i Grunnlova. Den gjer det mogeleg for veljarane å velje personar som sjølv ikkje ønskjer å stille til val. Blir ein valt må ein stille opp. Når ein først har blitt valt må ein møte i Stortinget.

Det er forståeleg viss folk meiner at dette er problematisk, men det er farleg å opne opp for å kaste ut folk frå Stortinget.

Når ein blir valt til å representere folk på Stortinget, så er dette eit reint personleg forhold. Det er personane Giske, Tonning Riise og Leirstein som representerer veljarane, ikkje partia deira. Dette trass i at me har ein kultur med sterke parti i Noreg.

Det er dei enkelte representantane som har inngått ein kontrakt med veljarane, og tillitsbrot er ikkje nok til å bryte den.

Norske parlamentarikarar er derimot ikkje beskytta mot straffeforfølging, slik tilfellet er i mange andre land. Representantar kan miste retten til å møte på Stortinget viss ein blir frådømt stemmeretten. Då snakkar me landssvik.

Les også

Kven følgjer med på #metoo?

Det kan virke behageleg å ta imot ei romsleg løn i så mange år, trass i at ein er avskilta av sitt eige parti. Slik er det neppe.

Ein treng ikkje ha sympati for dei #metoo-avslørte representantane for å meine at dei er utsett for ein enorm påkjenning no. Belastninga er ikkje i same gate som den ofra for oppførselen deira har gått gjennom.

Stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (H) sa til NRK torsdag at kollegaene hans burde få sleppe unna møteplikta si. Frølich meiner at det kan vere «veldig belastande», spesielt «med så mykje press og merksemd rundt sin eigen person».

Han har unekteleg rett i at presset er høgt.

Det enorme trykket mot eigen person kan ha større innverknad på livet til folk, enn nokre få år med stortingsløn. Så lenge ein må møte på Stortinget, kan det bli vanskeleg å kome vidare i livet. Dette kan råke unge representantar hardast. Spørsmåla om kva dei skal gjere med livet sitt vil hengje over dei i årevis.

Fallet frå stortingsvervet er enormt.

Problemet med ei fritaksordning nemnde Frølich sjølv på radioen. Det «kan opne for at stortingsrepresentantar vert pressa ut gjennom dritpakker, eller av parti som vil bli kvitt plagsame politikarar».

Dette treng ikkje nødvendigvis skje offentleg. Me bør ikkje opne for ordningar der skjult press fører til at demokratiske val vert sett tilside.

Skal ei slik ordning innførast må den vere vasstett, og det er vanskeleg å sjå for seg. Eit regelverk må òg stå seg over tid. Reglane i straffelova gjer det. Eit fritaksreglement blir mykje vanskelegare.

Les også

Varsling er et potent våpen

I USA har senator Al Franken (D) trekt seg som senator. Han skulle eigentleg representere Minnesota ut 2020, men gjekk av tre år før tida. Bakgrunnen er #metoo-kampanjen. I november kom det fram at han hadde seksuelt trakassert Leeann Tweeden. Fleire avsløringar følgde, før han trakk seg i desember.

Franken vart utsett for eit enormt press frå kollegaer i senatet, og han trakk seg svært motvillig. Veljarane hans i Minnesota fekk ikkje ta del i avgjerda om at han ikkje lenger skal representere staten i Washington, DC. Først i november i år skal veljarane få fylle setet.

Alt dette er djupt problematisk, og noko me bør halde oss unna i Noreg.

Al Franken hadde ingen vararepresentant. Difor måtte guvernøren utnemne ein midlertidig senator. Det gjer at senatet no ikkje er fullstendig folkevalt, slik regelen har vore sidan det 17. grunnlovstillegget vart implementert i 1914.

I Noreg vil veljarane framleis vere representert viss ein representant skulle trekkje seg. Det er lange varalister til Stortinget. Det gjer ikkje akkurat problemet med å trekkje seg mindre. Den som er første vara kan ha ei sterk interesse i at ein av dei faste representantane trekk seg.

Maktkamp har vore ein del av diskusjonen i spesielt Giske-saka. Eit mogeleg varaopprykk vil ikkje svekkje dette momentet.

NY SENATOR: Tina Smith (D) vart utpeikt av Minnesota-guvernør Mark Dayton (D), etter at folkevalde Al Franken (D) vart pressa til å trekkje seg i desember. Foto: Brian Peterson, TT / Scanpix

Det finst ganske få tilfelle der stortingsrepresentantar har fått fritak, og grensedragningane for møteplikta har vore diskutert ved fleire høve.

Det er etablert at representantar som vert nemnd opp som statsrådar og statssekretærar kan få fritak frå Stortinget. I 2012 lanserte dåverande stortingspresident Dag-Terje Andersen (Ap) eit grunnlovsforslag for å hindre regjeringa i å plukke statssekretærar frå Stortinget. Formålet var å unngå at statsministeren kunne påverke samansetjinga av Stortinget.

Forslaget fekk breitt fleirtal i starten, men stranda i løpet av 2016. Det er foreløpig ikkje vedtatt.

Eit anna etablert unntak frå møteplikta er når representantar får internasjonale toppverv. I dei tre siste stortingsperiodane har Jens Stoltenberg (Ap), Dagfinn Høybråten (KrF) og Børge Brende (H) fått fritak av denne grunnen.

Les også

Brende ut av Stortinget

Møteplikta, og dei etablerte unntaka, har blitt utfordra ved fleire høve.

Då Frp ekskluderte Jan Simonsen i 2001, var han stortingsrepresentant. Han hadde både rett og plikt til å møte som uavhengig representant, ut perioden. Dåverande Frp-leiar Carl I. Hagen har ved to høve forsøkt å endre grunnlova, slik at ekskluderte partimedlemmer kan kastast ut frå Stortinget.

Den same Hagen skapte ny debatt om møteplikta då Stortinget skulle utnemne nye representantar til Nobelkomiteen i haust. Hagen, som hadde kjempa hardt for å bli vararepresentant frå Oslo, ønskja plutseleg ikkje å møte i Stortinget lenger. Han ville sitje i Nobelkomiteen, og søkte permisjon frå Stortinget.

Han fekk nei, igjen.

#Metoo-avsløringane av Giske, Tonning Riise og Leirstein bør fungere som ei åtvaring for andre med stortingsambisjonar. Når ein først har tatt på seg å representere folket, blir ein sitjande bak stortingsmurane nærast uansett kva ein finn på.

Publisert: