God idé - feil plassering

Politikarane i Jølster har valt å vende det døve øyret til dei mange innvendingane mot plasseringa av det nye visningssenteret for Astrups kunst. Det burde dei ikkje ha gjort.

Publisert:

Dersom føremålet med eit nytt besøkssenter og galleri i Jølster for Nikolai Astrups kunst er å løfte kunstnarens verk fram for eit større publikum, er det dessverre totalt feilplassert. Astruptunet på Sandalstrand har i dag eit beskjedent besøk på mellom 6000 og 10.000 i året. Det toler det sårbare kulturlandskapet og dei gamle husa i tunet, men ser ein for seg ei tidobling av dette talet i løpet av få år — noko eit besøkssenter til 40 millionar bør ha som minste ambisjon, er det stor fare for overbelastning.

For høg pris å betale

Planane som Jølster-politikarane samrøystes har sagt ja til, inneber også at eit av dei gamle tuna som i dag ligg ved Astruptunet må jamnast med jorda. Det er ein alt for høg pris å betale for å realisere vinnarutkastet i arkitektkonkurransen.

Det var i førre veke eldste attlevande son av Nikolai Astrup, Peder Conrad Alger Astrup, i eit innlegg her i Bergens Tidende, tok sterk avstand frå planane. Då hadde debatten gått i lang tid i lokalavisa Firda i Førde, der ei rekke kritiske røyster har heva seg mot planane. Det kan det vere mange gode grunnar til.

Usentralt

For det første ligg Sandalstrand usentralt på sørsida av Jølstravatnet. Vegen er heller smal og kronglete i motsetnad til hovudvegen aust-vest på andre sida av vatnet og ikkje minst hovudferdselsåra nord-sør for den store turisttrafikken som går langs vegen frå Fjærland gjennom Skei til Nordfjord. Turistveksten frå cruise-trafikken er sterk, og store delar av denne trafikken går nettopp gjennom Sogn og Fjordane med buss. I dag er talet på cruisepassasjerar som vitjar fjordfylket rundt 230.000, og det er venta at dette talet vil bli dobla om berre fem til ti år. Det er få, store kunst- og kulturattraksjonar langs denne turistløypa, og dét burde eit nytt visningssenter for Astrups kunst utnytte. Berre på ein dag i høgsesongen kan til dømes European Cruise Service sende opp mot 30 turistbussar frå Fjærland til Olden. Det seier litt om potensialet eit besøkssenter rett plassert kan ha. Men det er lite truleg at desse busslastene vil ta seg tid til ein avstikkar på ein dårleg veg til Sandalstrand.

Låge kostnader - lågt besøk

Isolert sett kan det sjølvsagt vere økonomiske argument for ei samordning og samlokalisering av museumsbygningane og eit besøkssenter der Astruptunet ligg i dag. Driftskostnadene vil venteleg bli lågare. Men så lenge ein ikkje kan vente seg eit vesentleg større besøkstal vil det vere ei dårleg investering. Eit godt besøkt visningssenter vil derimot kunne finansiere noko av vedlikehaldet av det gamle Astruptunet, som kunne blitt tenkt omgjort til museum for spesielt interesserte og spesielle arrangement med avgrensa opningstider.

Betre alternativ

Kunsthistorisk er det heller ikkje sterkare argument for å legge eit nytt besøkssenter til Astruptunet. Rett nok budde kunstnaren her ein stor del av livet sitt og henta mange motiv til bileta sine herfrå. Men det gjorde han også frå mange andre stader i Jølster, ikkje minst i Ålhus, der han sjølv helst ville budd og der Eikaasgalleriet allereie er lokalisert i dag. Fleire av dei mest kjende motiva måla han også på Sunde, der kona Engel var frå, med utsikt til eit av dei mest kjende motiva, «Kollen» på andre sida av fjorden. Her, gjennom Kjøsnes, går også hovudvegen frå Fjærland til Skei, med storslått utsikt til det Jølsterlandskapet som går att i så mange av bileta hans.

Jølster - og Sogn og Fjordane - fortener definitivt eit visningssenter for Astrups kunst i hans eige rike. Med den omfattande Astrups-samlinga som ekteparet Brynildsen har overlatt til Bergen Kunstmuseum, og som det nye visningssenteret venteleg vil kunne få låne delar av i periodar, bør det nye sentret ha stort potensial som publikumsmagnet. Dét potensialet bør ikkje skuslast vekk ved å legge senteret så langt utanfor allfarveg som Jølster-politikarane no synest å ha rota seg ut på.

JØLSTERNATUREN. «Vårnatt og Seljekall» har - som mange av Astrups bilete - henta motiv frå Jølsternaturen. Foto: ILL. FRÅ BOKA «GARTNEREN UNDER REGNBUEN

Jan Nyberg
Publisert: