Kvifor er alt så vanskeleg?

Viss me stolte på at folk gjorde jobben sin, ville dei kanskje fått tid til å faktisk gjera jobben sin.

LIVET SOM FASTLEGE: Tilliten gjer at eg kan jobba effektivt. Den gjer òg at eg får eit tettare og meir personleg band til jobben eg gjer. Resultatet er tett knytt til mine personlege avgjerder, og eg må difor ta mykje av ansvaret for resultatet, skriv Ingebjørn Bleidvin. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

  • Ingebjørn Bleidvin
    Gjestekommentator i BT
Publisert:

Me kan takke teknologi og kommunikasjon for at alt blir stadig enklare og kjappare. Samtidig blir alt meir omstendeleg og tidkrevjande.

Riksadvokaten må ha krisemøte med politijuristane, fordi dei er overlessa med arbeid. Overgrepssaker ligg på vent i årevis. Fastlegeordninga er i krise, dels grunna eit aukande berg av papirarbeid.

Lærarane må, i tillegg til å vera livsrettleiarar og heildøgns leksehjelp, kvantifisera og rapportera om kvar minste detalj i skulen.

Det er ikkje berre offentleg sektor som slit med dette. Offshorenæringa har til dømes lenge vore ein versting på å lage papirmøller.

Så ille er det at fenomenet har fått sitt eige ord: «Dokumentasjonsvekst». Ordet har litt same klang som «ørkenspreiing» eller «antibiotikaresistens».

Noko sakte, uunngåeleg og guffent som er veldig vanskeleg å gjera noko med. Dokumentasjonsveksten kveler både arbeidslyst og effektivitet.

Les også

Fremtidens idealelev er et overmenneske

Hovudgrunnen til at det har blitt slik, er ein vond sirkel: Mangel på tillit til fagfolk gir auka krav til dokumentasjon og formelle retningsliner.

Retningslinene på si side gjer det vanskeleg å bruke fagkunnskap og erfaring på ein fornuftig måte.

Petroleumstilsynet har hatt eit eige prosjekt om dokumentasjonsvekst, fordi dei «ser på den omfattande dokumentasjonsmengda i petroleumsverksemda som ein muleg tryggingsrisiko».

Eit av funna tilsynet peikar på, er særleg urovekkjande: «Mindre bruk av ingeniørvurderingar er sett på som akseptabelt. Ein tør ikkje ta avgjerder som avvik frå krav, korkje hjå operatør eller leverandør. Dette trass i at kravet ikkje gir ei god løysing eller i verste fall inneheld feil».

Dette er nitrist lesing. Skrivebordsverda overstyrer den verkelege verda.

Situasjonen er diverre godt kjenneleg frå andre fagfelt. Innan allmennmedisin aleine er det over fem tusen sider med retningsliner for behandling.

Desse er ofte overlappande og innbyrdes motstridande, og tek ikkje omsyn til at folk ofte har fleire sjukdommar. For eldre pasientar med tre-fire diagnosar på lista kan det vera direkte livsfarleg å følgje alle retningslinene.

Les også

«Jeg vil ikke utdanne meg til et polakk-fag»

Som lege er eg blant dei heldig stilte når det gjeld fagleg sjølvstende. I dei fleste situasjonar i arbeidskvardagen har eg siste ord. Eg kan stille diagnosar, planleggje behandling og lage erklæringar etter eige, faglege skjønn.

Sjølv når eg sit og føler meg som ei middels ubrukeleg kontorrotte på utrykking med garva ambulansefolk, kan dei finna på å seie at «det kjenst trygt å ha lege med». (Det kan rett nok vere at dei seier det berre for å vere greie med meg.)

Tilliten til legen sin kunnskap, erfaring og vurdering er enn så lenge slik at eg kan gå vekk frå dei 5000 sidene med meir eller mindre gode råd, dersom eg har ein god grunn.

Slik tillit kan ein sjølvsagt bli høg på pæra av, og det er det truleg nok av legar som er. Men tilliten gjer at eg kan jobba effektivt. Den gjer òg at eg får eit tettare og meir personleg band til jobben eg gjer.

Resultatet er tett knytt til mine personlege avgjerder, og eg må difor ta mykje av ansvaret for resultatet.

Med ansvar følgjer risiko. Risiko for å gjere feil, dumme seg ut og få kritikk. Legar er gitt mykje ansvar. Samtidig er helsepersonell ei av få grupper som kan få yrkesforbod dersom dei gjer alvorlege feil.

Ein tømrar som byggjer eit hus som ramlar saman, kan strengt tatt slå selskapet sitt konkurs og byrje på nytt.

Ein kan sjå for seg handverkarar under same ordning som helsepersonell; Hvis dårleg handverk kunne gje yrkesforbod, ville me nok sett langt færre vasslekkasjar på norske bad.

Les også

NHH har et miljøproblem. Slik tar de imot de nye studentene for å bli kvitt de dårlige holdningene.

Ei slik løysing ville sjølvsagt vore urimeleg. Men mange norske arbeidstakarar ville nok ha takka ja til å ta på seg meir ansvar for jobben sin, dersom dei slapp den umyndiggjeringa det er å aldri gjera anna enn akkurat det som står i instruksen.

Rett nok er verda heilt reelt meir avansert og komplisert enn ho var før. Å skrive ein resept for 40 år sidan bestod i å finne eit ark, skrive resepten med høveleg forståeleg handskrift og signere.

I dag skjer det på følgjande vis:

Logg på PC-en. Logg på det trådlause nettet. Logg på VPN-løysinga vår. Logg på journalsystemet. Send reseptmelding i Medilink-format via Norsk Helsenett, samtidig som identiteten min blir stadfesta av BuyPass, og sats på at resepten til slutt endar opp i den nasjonale forskrivingsdatabasen.

Eg er altså avhengig av sju-åtte avanserte system for å få gjort det som før kravde penn, papir og 20 sekund.

Det er likevel misforstått å tru at eit komplekst samfunn krev at alt må følgje alle retningslinjer og instruksjonar for å fungere. Tvert om: Det krev dyktige, ansvarlege fagfolk som kan retningslinjene, men som òg veit når det er nødvendig å vike frå dei.

Den store graden av tillit mellom folk har stor betydning både for livskvalitet og samfunnsøkonomi. Den er noko av det beste med Norge.

Då er det både trist og urovekkjande at me har byrja å miste tilliten der me treng den mest.