Alvorsprat om framtida

NHO vil ha både lågare bedriftsskatt og små økonomiske forskjellar. Det går ikkje heilt i hop.

TO TUNGER: I løpet av dei siste to vekene har NHO både argumentert for å fjerne selskapsskatten og å ta vare på det egalitære norske samfunnet. Høgre-leiar Erna Solberg og Ap-leiar Jonas Gahr Støre likte best det siste. Pedersen, Terje / NTB Scanpix

Dei siste åra har heile det politiske spekteret samla seg rundt ein djup kjærleik til det norske likskapssamfunnet. Den einaste eg høyrde vegre seg mot å kritisere økonomisk ulikskap under årets Arendalsveke (der eg rett nok berre var på ein brøkdel av dei 1100 arrangementa), var Mathilde Fasting frå den liberale tenkjetanken Civita, i ein debatt om høgrepopulisme.

Det var difor eit teikn i tida at Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) hadde auka ulikskap heilt i toppen av bekymringslista, då dei onsdag la fram sine prognosar for tiåra framover.

Rett nok handlar det mykje om at ulikskap i andre land skaper trøbbel for vekst og frihandel (les: Brexit og Trump), men «Næringslivets perspektivmelding» står fram òg som eit varmt forsvar av det egalitære norske samfunnet: Små skilnadar skaper tillit, og tillit er grunnleggjande for vekst og velstand, for å seie det enkelt.

Likevel er den 380 sider lange rapporten rimeleg mørk. Det skuldast både auka global uro, fallande produktivitet og utfordringane aldringa av befolkninga skaper framover i Noreg. I hovudscenarioet ser NHO for seg låg økonomisk vekst fram til rapporten sluttar i 2060, akkurat som regjeringa gjorde i si perspektivmelding som kom i fjor.

Dette synet på låg vekst er politisk potent. I seg sjølv er det eit argument for tiltak som får opp veksten, som skattelette, og som får ned offentlege utgifter. Det er difor partia på norsk venstresideside, spesielt SV, lener seg meir til alternative, meir optimistiske framtidsvyar.

HARMONI: NHOs sjeføkonom Øystein Dørum har lagt fram ein rapport som langt på veg er eit forsvar for små økonomiske forskjellar. Pedersen, Terje / NTB Scanpix

For det finst dei som trur at vi er på veg inn i ein ny industriell revolusjon, der produktivitetsveksten blir langt høgare og behovet for arbeidskraft bli mindre. Der robotar og datamaskiner tek over, fornybarrevolusjonen vil gjere energi tilnærma gratis (Rifkin) og vi kan ta ut den auka verdiskapinga i meir fritid og kanskje òg ei fast borgarløn frå staten. NHO har òg eit slikt scenario, men det er ikkje det organisasjonen har mest tru på.

Dei to framtidsalternativa har ein ting felles: Dei vil båe krevje løysingar for statens inntekter, altså skattlegging. Slår lågvekst-alternativet til NHO til, vil organisasjonen fort møte seg sjølv i døra, om dei verkeleg ønskjer små økonomiske skilnadar mellom folk.

Strengt tatt gjorde dei det allereie før dei la fram rapporten: For to veker sidan skapte NHO overskrifter i næringslivspressa ved ei formulering i organisasjonens kvartalsrapport, om at dei vil fjerne selskapsskatten og erstatte den med meir skatt på eigedom, forbruk og naturressursar.

Forslaget vart høvla ned av skatteøkonomar, og det første NHOs sjeføkonom Øystein Dørum gjorde på presentasjonen av meldinga var å seie at dei sjølvsagt ikkje var så galne at dei ville fjerne selskapsskatten over natta, slik ein kunne få inntrykk av. Uansett: Ei slik endring ville høgst truleg gjere forskjellane større, mellom kapitaleigarar og lønsmottakarar.

Lønsforskjellane aukar òg, men dette skiljet mellom dei som eig og dei som lever av løn er meir grunnleggjande. Som mellom andre den franske økonomen Thomas Piketty har vist, har mesteparten av veksten sidan 1970-talet her gått til kapitaleigarane.

I Noreg har det ikkje vore slik. Men så radikale endringar av skatteregimet som NHO skisserer vil kunne endre det, spesielt fordi dei òg er kritisk til formuesskatten. Dessutan: Ifølgje Piketty vil òg låg vekst i seg sjølv forsterke dette økonomiske klasseskiljet, fordi avkastinga på kapitalen blir høgare enn lønsveksten.

NHO har likevel eit poeng med sitt skatteframlegg. Globaliseringa og digitaliseringa gjer det vanskelegare å fastslå kvar noko blir produsert, og dermed kvar det skal skattleggjast. Facebook og Google er gode døme: Dei betalar knapt skatt for dei milliardane dei tener på annonsar i Noreg, noko norske medium og andre må gjere.

Legg du til at digitaliseringa gjer at mange bedrifter i mange land ofte blir erstatta av nokre få globale gigantar, med hovudkontor i skatteparadis, har du forklaringa på kvifor teknologi-optimistanes løysing òg er problematisk: Viss færre skal jobbe og fleire få borgarløn via staten, kvar skal då staten få pengane frå når selskapa ikkje betalar skatt?

Sjølv om NHOs tanke om å fjerne selskapsskatten fekk kjølig mottaking på Stortinget, òg frå Høgre, jobbar utviklinga i verda i NHOs retning. Sidan 2013 har regjeringa redusert selskapsskatten i Noreg frå 28 til 23 prosent, med støtte frå Arbeidarpartiet. USA sette i fjor ned selskapsskatten frå 35 til 21 prosent, og Storbritannia vurderer å redusere den frå 19 til 17 prosent.

Med ein liten, open økonomi har ikkje norske politikarar særleg anna val enn å følgje etter den internasjonale utviklinga.

Det er ikkje lett å sjå kvar dette endar. Det er heller ikkje lett å sjå kvar dette endar politisk. Klarer ikkje nasjonalstatane å demme opp for skatteflukta vil forskjellane mellom folk kunne auke ytterlegare, anten statane vel å kutte i offentlege utgifter (velferd) eller å auke skatten for vanlege lønsmottakarar. I så fall kan Brexit og Trump vise seg å vere byrjinga på noko verkeleg ille.

Perspektivmeldinga til NHO er viktig fordi ho understrekar at små forskjellar og tillit òg er viktig for økonomisk vekst. Dei rike landas tenkjetank OECD har rekna seg fram til at viss forskjellane, målt med den såkalla Gini-koeffisienten, aukar med eitt prosentpoeng, vil BNP bli redusert med 0,8 prosentpoeng etter fem år.

I motsetning til skatteutspelet er meldinga difor ein invitasjon til politisk semje, noko som òg er viktig for å sikre stabile rammevilkår for næringslivet. På presentasjonen i Arendal fekk meldinga då òg skryt frå partileiarane i både Høgre og Ap, som var invitert til å kommentere meldinga.

Eg tippar difor at NHO ikkje kjem til å snakke så mykje meir om å fjerne selskapsskatten. Det er mykje hyggjelegare med kjærleikserklæringar til den norske modellen.