«Systemanalfabetane»

Velferdsstaten er konstruert av dei friske og ressurssterke. Difor er den ofte vanskeleg å forstå for dei som treng den mest.

MØTER VEGGEN: Dei som treng systema til velferdsstaten aller mest møter ofte systema i samfunnet heilt utan styrke, utan allierte, utan reservar, utan forståing, skriv Ingebjørn Bleidvin. Ørn E. Borgen / Aftenposten

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

For ei tid tilbake vart kona mi alvorleg sjuk av kreft. I tillegg til den slitsame og smertefulle behandlinga, var det naturleg nok ein del praktiske oppgåver knytt til Nav. Sjukmelding, arbeidsavklaringspengar og til slutt tilbake i gradert jobb.

Det hendte at ting stoppa opp, fordi me beint fram ikkje forstod. Minst eit par gonger i prosessen kom det brev som me ikkje visste kvifor var sendt, ikkje forstod innhaldet i og ikkje visste om me måtte følgja opp på noko vis.

Dette gav viktige perspektiv på, og innsikt i, korleis slike system blir opplevd når ein sit midt inne i dei.

Les også

Nav må oppfylle veiledningsplikten sin

Kona mi og eg har vel rundt 15 år høgare utdanning til saman. Ho har jobba som politisk journalist i eit tiår og eg har vore lege både på sjukehus, i allmennpraksis og i kommunebyråkratiet. Ho hadde i tillegg ein «anerkjent» sjukdom og vart ramma av kjente biverknader av behandlinga. Me fann stort sett ut av ting etter mange, lange telefonkøar og ei rekke meldingar fram og tilbake.

Slik er det ikkje for alle. Og særleg ikkje for dei store gruppene som treng systema til velferdsstaten aller mest: Rusavhengige, psykisk sjuke, fattige, sosialt isolerte og så vidare.

Dei møter systema i samfunnet heilt utan styrke, utan allierte, utan reservar, utan forståing.

Mange som kjem i slike situasjonar startar dessverre i minus. Sosiale og økonomiske problem er nært knytt til dårlegare helsetilstand, låg utdanning og ulike former for omsorgssvikt.

Dei personane som treng systemet mest, er ofte dei som passar dårlegast inn i det. Dei møter ikkje opp, svarer ikkje på brev, er sure og utakksame, og slit til slutt ut det som eigentleg skal vere eit støtteapparat.

Les også

Ekstrasjekk hos Nav senket ikke sykefraværet

Rettleiaren min i distriktsturnus hadde laga seg sitt eige ord for folk i desse gruppene. Han kalla dei «systemanalfabetar». Det kan tenkjast på som ein slags dysleksi mot det velorganiserte, digitaliserte, strukturerte norske velferdssamfunnet. Meir eller mindre kvar veke heldt han ein indignert tale om kor underprioriterte og misforståtte desse gruppene er, og kor vanskeleg det er å nå dei.

Seinare høyrde eg mykje av det same frå tidlegare Helse Bergen-direktør Stener Kvinnsland, som er oppteken av det han kallar dei «tause taparane» i helsevesenet; dei som ikkje ropar høgt, lagar fakkeltog, startar Facebook-aksjonar og viser til lovtekstar for å få den behandlinga dei vil ha.

Dei kan ha ei massiv, angstliknande skam knytt til livssituasjonen sin, eller ein total likegyldigheit til alt etter å ha blitt svikta av alle. Kvardagen er ofte heilt utan struktur.

«TAUSE TAPARAR»: Tidlegare Helse Bergen-direktør Stener Kvinnsland er opptatt av dei som ikkje ropar høgt, lagar fakkeltog, startar Facebook-aksjonar og viser til lovtekstar for å få den behandlinga dei vil ha. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Dess større maktforskjell det er mellom to som snakkar, dess vanskelegare blir kommunikasjonen. Likeverdige partar kan snakka ope, ærleg og til dels ganske hardt til kvarandre. Då er det mogeleg å finne ut kvar den andre står og kva han vil.

Når personen du snakkar med kan ta frå deg førarkortet, fridomen, opphaldsløyvet, sosialstønaden eller barna dine, er situasjonen ein heilt annan. Kvar einaste dag sit tusenvis av menneske i slike samtalar som kan vera heilt avgjerande for det vidare livet deira. Hos Nav, hos barnevernet, i rettssalen, hos politiet og så vidare.

Det krev stor grad av systemforståing for å «prestere» i ein slik situasjon. Du veit at du blir vurdert og dømt etter kriterium du kanskje eller kanskje ikkje forstår. Kor ærleg skal du vere? Er det dumt å virke usikker? Er det tryggare å bli sint og gå i angrep eller vere audmjuk og forsiktig?

Les også

«De Nav-brukerne som ikke er selvhjulpne, skal få hjelp.»

Det skal lite til for at det blir knute på tråden med dei. Eg er ikkje noko unntak sjølv. Det er svært utmattande med pasientar som kjem fleire gonger i veka for å krevje vanedannande medisinar det er heilt uforsvarleg å gi dei, blir kjempesure når dei ikkje får det og nektar å betale for seg.

Systemet som skal hjelpe dei blir berre nok ein stad å gå for å møte oppgitte blikk og masse kommandoar om kva dei skal gjere med livet sitt.

Her er ein farleg akilleshæl for Høgre sitt «pasientens helsevesen». Tanken der er at helsehjelp skal fordelast gjennom å gje folk rett til bestemte typar behandling. Med retten i hand, nærmast som ein tilgodelapp, skal dei deretter kunne velje fritt på den medisinske marknadsplassen.

Problemet er at dei som treng hjelpa mest, ofte ikkje veit kva dei kan krevje og korleis dei kan krevje det. Etter eit liv med motbør og vonbrot har mange òg mista trua på at det hjelper å krevje noko som helst.

Les også

Høyre vil gjøre praten med staten digital

Norge har ein særdeles raus velferdsstat, og det er viktig å stille krav til folk. Det er få som har kome seg ut av rushelvetet berre ved hjelp av puter under armane. Å finne balansen mellom meiningslaust strenge forventingar og øydeleggjande snillisme er uhyre vanskeleg.

Det som er sikkert er at dei verkeleg vanskelegstilte treng å møta menneske, og bli sett, høyrt og trøysta. Det er vanskeleg å få til når du har rota vekk kodebrikka di til BankID og difor ikkje får logga på «Mi side» for å booka tid med ein saksbehandlar.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.