Elon Musk er overbevist om at han kan redde verda. Det er ikkje heilt utan grunn. Han har tatt Tesla frå å vere ein knøttliten bilprodusent, til å vere ansiktet til ei livsnødvendig omvelting av bilindustrien.

Kjøper du ein Tesla, er det ein sjanse for at du samtidig blir medlem i ein supporterklubb. Ikkje at det er eit heilt nytt fenomen. Kor mange gongar har det ikkje blitt diskutert kva som er best av BMW og Mercedes, John Deere og Massey Ferguson eller iPhone og Android.

Me har sett det før, med Steve Jobs i Apple, eller Bill Gates i Microsoft. Og Donald Trump, sjølvsagt. «The Apprentice» viste at Trump tidleg forstod tiltrekkingskrafta til rike direktørar. Trump vann valet i USA med lovnader om at han skulle gjere som han hadde gjort i forretningslivet: vinne.

Sidan teknologien omgir oss på alle kantar, er det ikkje så rart at dei som står i spissen for bransjen får plass i liva våre. Det burde likevel gå an å like bilen Musk har laga, utan å sjå på han som heilag. Mannen er eit geni, men han har mildt sagt ei rekkje problematiske sider.

Musk er utruleg flink til å få merksemd. Han har seld 20.000 flammekastarar, sendt ein Tesla ut i verdsrommet og planlegg ein koloni på Mars. Men han søkjer òg merksemd når han absolutt ikkje fortener det.

Då dekninga av redningsaksjonen i den thailandske grotta var på sitt mest omfattande, dukka sjølvsagt Musk opp. Han hadde laga ein miniubåt som kunne hjelpe til i redningsaksjonen, sa han.

Det thailandske militæret sa at ubåten ikkje ville vore praktisk for akkurat dette redningsoppdraget. Musk svarte med å stille spørsmål ved kompetansen til dei som leia redningsinnsatsen – som hadde redda gutane ut frå grotta. Det er hybris.

TESLA I ROMMET: – Elon Musk har ein CV som vil gjere fleire Bond-skurkar misunnelege. Han har seld 20.000 flammekastarar, sendt ein Tesla ut i verdsrommet og planlegg ein koloni på Mars.
TT NYHETSBYRÅN (Arkiv)

Teknologibobla i Silicon Valley har ført med seg store framskritt, som me brukar heile tida. Men dei kan finne på å innovere alt mogeleg. Til og med ting som eksisterer. Med Lyft Shuttle fann dei opp bussen. Med «co-living» fann dei opp bukollektiv. Dei har til og med innovert seg fram til å lage eit telt.

Elon Musk er ikkje noko unntak. Løysinga hans for å fikse trafikkproblema i Los Angeles er innovasjon av ypparste kvalitet: tunnelar. Med små sjølvkøyrande bilar som transporterer folk i stor fart.

Det kan hende at han kjem ut i den andre enden med betre teknologi som kan gjere tunnelbygging billegare. Men det kan òg berre bli med visjonane. Til no er innsparinga basert på ei slags baneløysing med mindre diameter enn ei T-bane. Musk har fått tilslag for å byggje ei kopling mellom Chicago og O’Hare-flyplassen, og skal teste løysinga si der. Men kapasiteten er berre 60 prosent av det toget klarar.

Fordelen er at han tar kostnaden sjølv. Amerikansk infrastruktur lir av manglande finansiering, spesielt viss det er snakk om kollektivtransport. Men det gjer òg at Musk forventar spesialbehandling. Det største hinderet for tunnelvisjonen hans i Los Angeles, er miljøreguleringar.

Difor har han pressa på for å sleppe unna Californias strenge miljøkrav, og politikarane føyer seg.

TUNNELBIL: Slik ser Elon Musk for seg at tunnelstasjonen hans skal sjå ut, med ein rekkje små «pods» – sjølvkøyrande bilar som fraktar passasjerar frå stasjon til stasjon. Han skal teste ut konseptet i Chicago.
The Boring Company (Illustrasjon)

Evna hans til å takle kritikk er nærast fråverande. Det er nok eit direkte resultat av den opphøgde posisjonen han har fått. Tesla har fått ein del kritikk. Dels på grunn av ulukker knytt til det sjølvkøyrande systemet, og dels på grunn av arbeidaranes manglande rettigheiter. I Noreg køyrer 11.000 Tesla-bilar rundt med dårlege boltar, som rustar på salta veg.

Då fagforeininga United Auto Workers ønskte å organisere arbeidarar ved Tesla-fabrikken i Fremont, California, protesterte Musk heftig. I ein e-post som Buzzfeed fekk tak i, skjelte han ut fagforeininga, og bad folk om å ikkje melde seg inn.

Han skrytte av vilkåra til arbeidarane, som inkluderer Tesla-aksjar. Det einaste han lova av betring, var at dei tilsette skulle få gratis «frozen yoghurt», «ein stor fest» og ei Tesla-berg- og dalbane. Dette er på ein fabrikk som er skulda for å ha underrapportert alvorlege skader blant dei tilsette, for å tilfredsstille statlege krav.

I mai ran det over. Då hadde Musk fått nok av det han på Trumpsk vis omtala som ein desinformasjonskampanje. Han skjelte ut ei rekkje medium på Twitter, og lova å starte opp ei teneste der folk kan gi karakterar på nyheitsartiklar, journalistar og medium, basert på tillit og kredibilitet.

Slike nettstader vil vere svært sårbar for grupper som ønskjer å redusere tilliten til media. Det er ei oppskrift på eit demokratisk problem, men det ligg i blindsona til ingeniøren. Det blir ikkje betre av at Musk vil kalle nettstaden opp etter den sovjetiske propagandaavisa Pravda.

Selskapet er allereie etablert.

Den planlagde Mars-kolonien skal ifølgje Musk styrast av eit slags direkte demokrati. På Twitter skildra han eit system der lovverket skal vere kortfatta og enkelt. Det er visstnok for mykje «lureri» i lange lover. Det verste med ideen hans, er at ein berre treng støtte for 40 prosent av befolkninga for å overprøve eksisterande lover.

Demokrati er ikkje akkurat rakettforsking. Musk viser at det nok er mykje vanskelegare enn som så.

Elon Musk er underhaldande og fascinerande. Det var Donald Trump òg, før han bestemte seg for at eit land kunne styrast som ei bedrift. Der ovmot kan vere utruleg viktig for å lukkast i forretningslivet, er den same eigenskapen forferdeleg for statsleiarar. Forhåpentlegvis tar denne rikingromansen slutt. Før Elon Musk tar folk med til Mars.