Høyanger

– Det er bratt der eg kjem frå, alt kan målast i vertikalar.

LINJE TIL VERDA: «Brureslørfossane bygde Høyanger, den rørsla vart til eld i fabrikken, vart til aluminium i store bolkar, vart ei linje til verda.» Eirik Brekke

Kjersti Wøien Håland
Forfatter

Det brusar konstant der eg kjem frå

vatnet kastar seg utfor dei høge fjella

vatnet krøllar seg inntil kaia

vatnet strekk seg djupt ned i det grøne

borar ut magiske dimensjonar

med sjøfolk og skipsbrot

holrom med bankande hjarter

sender bølger mot kanten

Å dingle med føtene i fjorden

er å ta pulsen på planeten

ein forsvinn i verda

ein vatnast ut i augneblinken

ein malast inn i eit maleri

som alltid har vore der

blanda med alt utanfor synsfeltet

det som har vore og vil kome

Linjene for den ein er verkar konstruerte

som landegrenser

nokon tok opp eit kart og teikna ein ut

frå ei stor blokk med verd

ein kjenn heile kroppen men er sjølv ei enkel celle

ein tar føtene opp og alt kjem tilbake

dei skarpe linjene held sjølvet saman

så det kan få kjenne sjøspray på andletet

Igjen er verda noko som møter ein

bruset er der framleis

etter kvart tonar ein ned ljoden

og berre lar den strøyme gjennom øyra

dei kom frå vatnet og er vatnet

dei slektar på det som kastar seg utfor

ligg som flytande smaragd

stormar og legg seg som silketeppe

Brureslørfossane bygde Høyanger

den rørsla

vart til eld i fabrikken

vart til aluminium i store bolkar

vart ei linje til verda

skipa over vatnet

hentar og hentar ut

Høyanger bit for bit

Bak klatrar barn

på glatte svaberg

der solljoset treff ein brusande foss

målar fram det som ikkje kan målast

dei meislast og meltast og sendars ut

ei regnboge i kvar augnekrok

og den songen

den som ingen kan eiga

Det er bratt der eg kjem frå

alt kan målast i vertikalar

elskande fjellsider

støttande og valdsame

lener seg inn på oss

held oss på plass

eit eventyr eg les frå linjene i berga

at jotner kom til ein bortgøymt dal

Forveksla sitt spegelbilete i elva

med bortgøymde døtrer og søner

lova å aldri igjen dra ifrå

sett seg som vaktar rundt dalen

mot alt som måtte kome

og ingenting kom

jotnane sovna og vart til stein

på kvar kant ein kvilande knaus

Enda held dei vakt

kastar sin foreldreskugge ned på menneska

som må borre seg gjennom for å komme ut

sukke over solskin som forsvann

lengtar opp likevel

med armane utstrekte

for å sitte på stein-skuldrer

voggast i vinden

Stryk mosen

som ein bestefars mjuke hår

der han søv i solgløtten

lukkar du auga kan du kjenne

dei nærmast puste

hevar seg og senkar

så du mistar balansen

held dei på plass

For ikkje å ramle utfor

bygg demningar

tunge rør

trapper bratte som stigar

alt det tunge ein henta ned i hundre år

kraft, styrke, stein

men når ingen ser på

snik unna eit stykke mjukt solskin

Stir på ei stolen stjerne

ber den ned i bukselomma

du valte å verne om den

omfamna med hender

det berga omfamna med stein

slik strekk ein seg

slik held ein seg varm

slik blir det ljos

Det er rett der eg kjem frå

rette gater med rette hus

firkanta fabrikkpark og kyrkje

ei revolusjonerande menneskeleg form

Firkanten

alle linjer ber kvarandre

alle linjer held kvarandre saman

ei jamstilt konstruksjon

Linjer møtast i skarpe kantar

som trugar dei som vil rive ned

linjene lagar ei trygg ramme

ei ramme for kaos

sette alt i system på ei hylle i hovudet

utan innblanding frå krusedull-krefter

kor passande at vi plantar denne firkanten der vi kan

på denne staden

Ein stad som er meir enn ein stad

meir som ein type stad

der kampar kjempast for å halde saman

for å vere saman

for å bere saman

der alt i naturen skrik om noko vertikalt

om ein topp og ein botn

flatar menneska ut og nektar

Dei vil sjå bort på ei line

sjå sine vener der skulder til skulder

vil bere sine dagar saman

vil kunne trekke sola opp med kjetting

og senke den med tau

sjå sine naboar i auga

ei linje koplar pupill til pupill

som gata koplar hus til hus

Hand går frå handtrykk til handtrykk

går ein fram gjer ein det saman

går ein opp er det arm i arm på jamne trinn

bygg frå botnen

står alle støtt

men bygg ein ovanfrå

kan ein lett vind velte verda

og det har blåst i hundre år

Framleis kjennest det i nakken

linja sprekk opp som sparkel

men grip då over og strekk seg lengre

slepp ikkje taket

held i alt ein kan

krev sin rett i horisontale linjer

rett skal vere rett

på ein stad som den eg kjem frå

Kvar skal vi gjere av oss?

kanskje ein dag er det færre øyrer

færre stemmer til å syngje med

færre skuldrer å måle linjer med

færre føter å dingle i fjorden

tomme firkantar med metallisk stille

stader som dette står alltid og vippar

balanserer på svimlande høgder linjer

Staden tar pusten frå deg

der det er høgt å sjå opp

er det så langt å falle

der ein drøymer djupt

dukkar ein somme tider under

vert det stille

vert det den høgste stilla

flerrer trommehinna

Ei evig summetone

ventar på at nokon skal plukke opp

så ein kan spørje

finst det ei fagforeining for dei etterlata

dei som veks opp i fleirtalsform

bedt om å bli fyrsteperson eintal

staden sjølv kan i det minste svare

ein kan puste inn og sjå

Vatnet smigrar kantane

fjella flørte med skuggar og skin

hjorten spring i skogen

ørnen og måka sirklar og skrik

for fleirstemte stader

har historias ekko med

fleirstemte stader som dette

kan aldri stilne