Vandalane står ved porten

Høgres snuoperasjon er dårlegare fundert enn det falleferdige rådhuset.

RÅDHUSET: – Det er ingen garanti for at eit nytt bygg kjem til å bli meir populært i byen enn dagens, uavhengig av all verdas arkitektkonkurransar. Me treng ikkje sjå lenger enn til Oslo, for å sjå kor gale det kan gå, skriv Morten Myksvoll. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Folk elskar å hate rådhuset. Difor er det ikkje så overraskande at politikarar slengjer seg på bølgja, og vil rive det. Men argumentasjonen bak Høgres snuoperasjon er svak.

Henning Warloe (H) har to argument for å rive heller enn å rehabilitere rådhuset. Det eine handlar om at notidas politikarar får bestemme korleis rådhuskvartalet skal sjå ut.

Alternativet er å vente i (minst) 50 år – som er den forventa levetida bygget får etter rehabiliteringa.

Det er ikkje særleg berekraftig, dersom ein skal rive bygg som treng rehabilitering, berre for å kunne ha eit friskt syn på arealbruken.

Les også

Rapport: Rådhuset kan leve i 50 år til

Riving er dyrt. Kostnaden ved å rive og byggje nytt, er rekna til å vere 920 millionar kroner. Det er 400 millionar dyrare enn estimatet for rehabilitering.

Alle slike tal er sjølvsagt usikre, men det er ikkje mogeleg å påstå at risikoen for budsjettsprekk er lågare ved å byggje nytt.

Det andre argumentet er litt betre, men framleis ganske hult. Warloe meiner nemleg at det kjem nye søyler som endrar uttrykket til rådhuset.

Dei nye søylene som er sett opp til no, ser nemleg annleis ut enn dei opphavlege søylene. Dei er glattare og har ikkje den karakteristiske elvesteinen i seg – den som har skapt så store problem for praktmaktbygget.

Gråfargen til dei nye søylene er òg annleis enn resten av bygget. Det kjem derimot til å jamne seg ut med tida, når den nye betongen får modnast i bergensvêret.

Det er heller ikkje sikkert at den permanente løysinga blir slik som testsøylene ser ut. Det er eit testfelt, og eit dårleg grunnlag for å vedta riving.

NYE SØYLER: Dei nye søylene som er sett opp til no, ser nemleg annleis ut enn dei opphavlege søylene – men det er ikkje sikkert at det endelege resultatet ser slik ut, skriv Morten Myksvoll. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Byggets karakteristiske rutenett skal symbolisere orden og rasjonalitet, ord som bør verdsetjast i eit bygg som rådhuset. Dette uttrykket vert sjølvsagt forstyrra dersom søylene vert annleis enn i dag, men det kan rådhuset fint leve med.

Alternativet er nemleg mykje verre – rådhuset kan forsvinne. Den skaden er langt verre enn ein litt forandra fasade.

Det er vandalisme.

Les også

Morten Myksvoll: – Rådhuset er eit bergensk ikon som må reddast.

Rådhuset er unikt, og det er verdt å bevare stilen. I Oslo har dei bestemt seg for å rive Y-blokka, som er teikna av rådhusarkitekt Erling Viksjø. Det er eit stort tap for norsk arkitektur.

Men eg innser at alle ikkje set like stor pris på naturbetong som det eg gjer. Rådhushatarane bør likevel tenkje over kva alternativet til rådhuset er. Det er ingen garanti for at eit nytt bygg kjem til å bli meir populær i byen enn dagens, uavhengig av all verdas arkitektkonkurransar.

Me treng ikkje sjå lenger enn til Oslo, for å sjå kor gale det kan gå.

Les også

Slik så det ut før rådhuset

Det nye Munch-museet har vore omdiskutert i mange år. I 2009 vart det arrangert ein arkitektkonkurranse. Vinnaren var «Lambda», eit stilig glasbygg med ein knekk i toppen.

Bygget har ein av landets beste plasseringar, rett ved det som er nyare norsk arkitekturhistories største suksess: operaen i Bjørvika. I bakgrunnen ligg «Barcode», som er ei klyngje av moderne høghus.

Juryen skildra Lambda som eit lystårn. No ser det ut som om mørkets fyrste har flytta inn. Den totale forandringa vert forklart med kostnadskutt og krav frå planetaten i Oslo kommune.

LAMBDA: – Juryen skildra Lambda som eit lystårn. No ser det ut som om mørkets fyrste har flytta inn, skriv Morten Myksvoll. Gorm Kallestad / Heiko Junge, NTB Scanpix

Grått kan vere fint, særleg dersom alternativet er eit monstrøst pastelltårn. Og det kan vere at Lambda kjem til å sjå bra ut, når det endeleg er ferdig. Når det kjem lys i lokalet.

Poenget er at Oslos befolkning ikkje får det dei vart lova. Bygget dei har krangla om i årevis er ikkje blitt realisert. Resultatet skil seg så radikalt frå arkitektens visjon, at me bør slutte å omtale det som Lambda. Berre forma står igjen.

Høgres framlegg i bystyret er at det skal arrangerast ein internasjonal arkitekturkonkurranse, slik at det nye rådhuset vert eit flott og moderne signalbygg.

Dersom dei trur på soga om at bygget vil sjå ut som visjonen, har dei ikkje lært noko som helst av Oslos nye Munch-museum.

Skisser vert nemleg nytta – og utnytta – som inspirasjon og som marknadsføring, og er ikkje i nærleiken av å vere juridisk bindande. Arkitekten meiner godt, men når visjonar møter budsjett, vinn budsjettet alltid.

Vert bygget dyrare enn venta, så vert det spart der ein kan. Då ligg fasaden lagleg til for hogg.

På den måten kan ein heil by bli lurt til å tru korleis eit nytt signalbygg skal sjå ut. Det er aldri intensjonen, men Høgre veit veldig godt at det fort blir resultatet.